Kultur

Nye vegar til Jesus

Jesusforskinga er breiare enn nokon gong. Og bøkene om han blir stadig fleire.

KOMMENTAR: Kven var eigentleg Jesus? Spørsmålet har vore formulert sidan Jesus sjølv stilte spørsmålet til læresveinane: «Og de? Kven seier de at eg er?»

2017 var året der Jesusforskinga blei sett på kartet på nytt. Ei rekke bøker som kom ut på norsk i haust, har tatt for seg Jesus-skikkelsen og relaterte tematikkar som himmel og frelse.

Sprengte lydmuren

Boka som verkeleg sprengte lydmuren var Marcus J. Borgs Gjenoppdag kristendommen, i norsk omsetting ved Knut Rygh. Boka, som på engelsk heiter Speaking Christian og kjem ut på norsk to år etter at Borg gjekk bort, handlar mellom anna om omgrepet frelse. Ordet blir brukt rundt 400 gongar i Bibelen. Men kva tyder det?

Mange kristne i dag blir blyge i møte med det stadig mindre utbreidde spørsmålet «Er du frelst?» Samtidig kan det ligge noko i dette «gamle» spørsmålet som fangar opp noko av essensen i Borgs progressive bibeltolking. For Borg handlar ikkje frelse om eit liv etter døden, men om ei forvandling som går føre seg her og no. Parallelt med dette meiner Borg at kristendommen ikkje handlar om himmel og helvete.

Ulike leirar

Borgs tankar om kristendommen har inspirert i ulike leirar. Artisten Bjørn Eidsvåg er blant dei som talar varmt om Borgs teologi, og har nytta seg av bøkene hans i arbeidet med teaterframsyninga Etterlyst: Jesus. Også den ferske Oslo-biskopen Kari Veiteberg har sagt at Borgs bok kan opne for samtale.

Seniorprofessor ved Det teologiske fakultet, Notto Thelle, skreiv i haust tre essays der han tok utgangspunkt i somme av påstandane og refleksjonane i Gjenoppdag kristendommen. «Det evige livet – kall det gjerne frelse – begynner her når nåden griper tak i oss, når vi får hjelp til å se oss selv med Guds blikk, og ikke minst når vi ser vår neste. Frelse er ikke en ensom ting, ikke den enkeltes salighet. Saligheten består i å åpne seg for de andre,» skreiv Thelle.

Overkommeleg

Borgs bok var likevel ikkje den einaste som gjekk i møte med dei store spørsmåla i haust. Ser vi spesifikt på Jesus-bøker, har det komme ut nye bøker frå så vidt ulike forfattarar som Knut Tveitereid, Per Bjarne Ravnå og Halvor Moxnes.

For å ta Tveitereid først, er han tidlegare kjent for bøkene En helt overkommelig Bibel og En helt overkommelig disippel. Også i den nye boka, Jesus - overkommelig og ubegripelig, er metoden å skrive om vanskelege spørsmål på ein enkel måte.

Boka merkar seg dessutan ut ved å vere utstyrt med QR-kodar. Dersom lesaren skannar desse med ein smarttelefon, får ho opp ein videosnutt – til saman tolv videoar. Blant nye vegar til Jesus, er vel kanskje dette ein av dei mest framoverlente.

Ateisten og muslimen

Historikaren og ateisten Per Bjarne Ravnå vil undersøke kor vidt Jesus var Guds son eller ikkje – altså frå eit ikkje-teologisk perspektiv. I boka Jesus fra Nasaret. Mislykket profet eller Guds sønn leitar han etter den historiske Jesus, men på ein litt annan måte enn mange som har gjort det same før han.

Også muslimen Reza Aslans Jesus-bok Seloten kom ut på norsk i år, omsett av Inger Sverreson Holmes. Her teiknar religionshistorikaren Aslan eit bilete av Jesus som ein politisk revolusjonær. Det var apostlane si tru på oppstoda som forandra den jødiske messianske rørsla til ein heilt ny religion, hevda han i eit intervju her i avisa.

Nasjonalisme

Jesusforskinga er i dag breiare enn nokon gong. Innfallsvinklane til den historiske Jesus er mange. Berre i Halvor Moxnes' bok Historien om Jesus finst det fleire interessant knaggar. Moxnes skriv til dømes om Jesus og jødehatet før og etter Holocaust, og han skriv om «den norske Jesus», der Jesus har fått ei rolle som garantist for «ein norsk identitet som bygger på forskjell og skilje». Jesusbildet kan bli så ideologisk styrt at ein endar med å meine nesten det motsette av det Jesus meinte, sa Moxnes i eit intervju her i avisa.

Dei nemnte bøkene frå 2017 har vist oss at det framleis er kraft i forteljingane om Jesus, og korleis vi tolkar dei. Jesus sa sjølv at han var vegen, sanninga og livet, men vegane fram til han synest å vere mange.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur