Norske parti på venstresida tar i dag stilling til om dei skal utvide grensa for sjølvbestemt abort. Feminist og tidlegare SV-politikar Ida Rydeng tar til orde for «å bryte aborttabuet» på venstresida, og ber partia ta ordentleg stilling til om spørsmål kring fosterets rettar.
I eit innlegg i Klassekampen tysdag skriv ho om aborttabuet ho opplever blant vener og meiningsfellar på venstresida.
Rydeng er sjølv ikkje kristen, og ønsker å presisere det for at ingen skal tru ho har religiøse motiv bak sine meiningar.
– Eg meldte meg ut av statskyrkja som 13-åring og finst ikkje religiøs, understrekar ho.
Ei kjenning som er sjukepleiar skildra realiteten av ein seinabort til Rydeng. Det gjorde at ho ønskte å ta bladet frå munnen. Kjenninga fortalde korleis ho som helsepersonell regelmessig var vitne til abortar der levande foster mista livet i stålbekken.
– Trass i at eg er for sjølvbestemt abort, er det å ta innover seg denne brutale realiteten særs ubehageleg. Det slo meg at vi vanlegvis diskuterer abort utan å sjå føre oss kor brutalt det faktisk er, seier ho.
[ Abortsakens dilemma kan ikke defineres bort, skriver Erling Rimehaug ]
Blir stempla
Rydeng forsøkte å snakke om dette med meiningsfeller og vener på venstresida, men opplevde at mange reagerte med å spørje kvifor ho følte for å ta dette opp – kvifor måtte ho fortelje dei dette. Ho opplever at berre gjennom å fortelje at dette skjer, så blir ein av enkelte stempla som ein «emosjonell moralist». Å fortelje slike historier blir nærmast redusert til ein kvinnefiendtleg taktikk, fortel ho.
– Det er jo gjerne akkurat slike forteljingar religiøse abortmotstandarar kjem med, så ein blir ofte sette i same bås som dei, seier ho. Sjølv er ho ikkje religiøs.
– Eg skjønar at ein ikkje treng å presse den brutale realiteten i ansiktet på alle, gjerne med omsyn til dei som sjølv har vore gjennom ein abort. Det er likevel viktig at politikarane som skal avgjere korleis ei abortlov skal sjå ut, tar innover seg om kva abort, så seint som til veke 18 eller 22 inneber, seier ho.
Trass i at eg er for sjølvbestemt abort, er det å ta innover seg denne brutale realiteten særs ubehageleg.
— Ida Rydeng
– Treft ein nerve
I etterkant av innlegget fortel Rydeng at ho har teke imot over 80 personlege meldingar som takkar henne for at ho har sett ord på det mange andre tenkjer, men som dei ikkje har tort å seie høgt. Det inkluderer alt frå legar til politisk aktive, blant anna i Raudt og SV.
– Eg trur eg har treft ein nerve hjå mange, seier ho.
Nokre har også kome med personlege historier frå sin eigen abort. Ei fortalde korleis lova og nemndene sin «autoritet» hadde gjort det lettare å kome seg vidare etter aborten. At deira godkjenning tok vekk litt av byrda frå hennar skuldrer.
– Eg er for ein sjølvbestemt abort kor det finst ei visse om at ein har støtte både frå fagpersonell, vitskap og frå storsamfunnet om at abort fram til det punktet er greitt. Om vi forlenger den grensa til veke 18 trur eg ikkje det lenger er mogleg, seier ho.
Ei rekkje parti ønskjer å utfordre dagens lov som set grensa for sjølvbestemt abort til utgangen av veke 12. Ap, SV, Venstre og MDG vurderer i sine programforslag å utvide grensa fram til veke 18 for sjølvbestemt abort. Raudt foreslår veke 22 som utvida grense.
Rydeng ber partia ikkje redusere dette til ein konkurranse om kven som er «det mest feministiske partiet». Ho fryktar at debattane i og blant partia er einspora og styrer vekk frå realitetane av abort – at det å problematisere abort, også der, blir redusert til ein kvinnefiendtleg taktikk.

Ho er i utgangspunktet skeptisk til det å forlenge grensa for sjølvbestemt abort, men har ikkje teke eit bestemt standpunkt og er open for å la seg overtyde i den eine eller andre retninga.
– Men då trenger ein fyrst ein open debatt. Eg har i ettertid av kronikken min fått høyre forslaga om å erstatte nemndene med oppfølging frå eit helseteam. Om ei slik ordning kunne vore obligatorisk kunne det kanskje ha vore eit godt alternativ for nemnd, synest eg.
---
Abortdebatt på Stortinget
- Det er venta debatt om abortlova på Stortinget i året som kjem. Ei rekkje parti ønskjer å utfordre dagens lov som set grensa for sjølvbestemt abort til utgangen av veke 12.
- Ap, SV, Venstre og MDG vurderer å utvide grensa for sjølvbestemt abort fram til veke 18 i sine programforslag. Raudt har føreslått fram til veke 22.
---

Steile frontar
Kirsti Bergstø har leia SVs programkomité som føreslår å avskaffe nemnda og gi kvinna siste ordet ut til den 22. svangerskapsveka.
Ho vedkjenner at det i allmenta generelt eksisterer steile frontar omkring abort, noko som har blitt forsterka av utviklinga i andre europeiske land og av at KrF i regjering fekk gjennomslag for å forby sjølvbestemt tvillingabort.
– Kvinnekroppen har igjen blitt til ei politisk slagmark, seier Bergstø.
Det er likevel rom for å problematisere abort, også i SV, seier ho, men ein abortdebatt som tar i utgangspunkt i talet på veker fører ikkje nokon stad.
– I vårt programutkast blir det ikkje lagt vekt på veker. Det vi ønskjer er å utvide sjølvråderetten og erstatte nemnda med ei rådgjevingsteneste, fortel Bergstø.
Kvinnekroppen har igjen blitt til ei politisk slagmark.
— Kirsti Bergstø, SV
– Rydeng oppfordrar SV og andre parti til å faktisk vite korleis ein seinabort ser ut og er, for helsepersonell og for fosteret?
– Jau, og derfor ønskjer vi å inkludere fagpersonell i størst grad og rådføre kvinna i ein eventuell abort. Sjølv om ein avskaffar nemndene, er ikkje det det same som at helse og fagpersonell ikkje skal bli inkludert i prosessen. Vi har ei veldig open tilnærming til abortlova og understrekar at ho må bli forma ut i tråd med fagmiljøa, seier Bergstø.
Bergstø meiner seinabortar gjerne får stor merksemd med tanke på kor få det er snakk om. Ei utviding av abortlova vil ikkje gjere det slik at fleire vil ønskje å ta abort seint i svangerskapet, meiner ho.
– Å avbryte svangerskapet når ein er synleg gravid er ei enorm påkjenning. Det er ingenting som tyder på at ei utviding av abortlova vil gjere at fleire kvinner ønskjer å ta seinare abort, fortel Bergstø.
[ Vedum ønsker tverrpolitisk løsning om abortloven ]
Prinsipielle grenser
– Eg trur heller ikkje at lovendringane vil føre til at mange fleire kvinner vil ta ein seinare abort, svarer Rydeng.
– Men det er naturleg å tru at dei som søker om ein seinabort og får avslag i dag, vil gjennomføre aborten med den nye ordninga. Eg meiner også at der er viktig å ha prinsipielle lover og reglar for kva vi aksepterer som samfunn, uansett om vi trur at nokon kjem til å bryte reglane eller ikkje, seier ho.
I 2019 blei 516 foster abortert etter veke 12 i Norge, men over halvparten av dei på medisinsk grunnlag, noko Rydeng er opptatt av at sjølvsagt må vere heilt akseptert.
– Mine påstandar om at det opplevast som vanskeleg å trekke fosterets utvikling og rettar inn i debatten på venstresida er basert på mine eigne opplevingar, og underbygges jo definitivt av det overveldande antallet av folk på venstresida som har kontakta meg fordi dei kjenner seg så igjen i kronikken min. Når så mange opplever at det er sider av abortdebatten dei ikkje tør å ta opp, så regner eg med at det kan gjelde innad i dei politiske gruppene som skal ta desse avgjerslene også.