Kultur

Historisk visebok får nytt liv

HISTORIE: Fredag blir «En Merckelig Vise om den yderste Dommedag» gjort tilgjengeleg for norske lesarar, saman med eit hundretal andre viser frå 1500- og 1600-talet. Med «Peder Rafns visebok» vil dei aller fleste av oss få utvida songrepertoaret.

Vi snakkar ikkje om «den same, gamle visa» når Nasjonalbiblioteket klemmer til med ei moderne, digital utgåve av Peder Rafns visebok, Nordens største enkeltsamling av visetrykk frå 1500- og 1600-talet. Slike visetrykk var dåtidas populærkultur, og det er relativt få av desse trykka som er bevart for ettertida. Dei mange tekstane i Peder Rafns visebok er heller ikkje godt kjende i dag, men gir eit interessant innsyn i livet til ein skandinav på slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet. I visene finn vi både samfunnssatire, kjærleikslengt, krigshistorier og religiøse skildringar av dommedag.

Boktrykkarkunsten i Noreg starta faktisk med ei dommedagsvise. Då Tyge Nielssøn trykte opp «En Merckelig Vise om den yderste Dommedag» i Christiania i 1643, var dette ein av dei tre første tekstane som blei trykt på ei trykkpresse i Noreg. Den same teksten er også eit av visetrykka i Peder Rafns visebok, som blei gitt som gåve til lagmann Peder Rafn i Bergen av ein viss Pouell Maurysen to år tidlegare, i 1641. Følgeleg er visetrykket i boka ikkje trykt i Noreg, men i København – ei av fire dommedagsviser som har fått plass i den over tusen sider tjukke samlinga.

– Dommedagsvisene har éin grunnføresetnad, nemleg at endetida er nært kommande. Det gir visene nerve, seier idéhistorikar Siv Frøydis Berg.

Ho har vore med i Nasjonalbibliotekets tverrfaglege team som no gjer viseboka tilgjengeleg i ei moderne, kommentert utgåve på nettstaden bokselskap.no, ein ebokportal som har spesialisert seg på tekstar som har «falle i det fri». Kravet om at opphavspersonane må ha vore døde i minst 70 år, er oppfylt med god margin for dei over 400 år gamle visetekstane.

Dommedagsvisene har éin grunnføresetnad, nemleg at endetida er nært føreståande.

—  Siv Frøydis Berg, idéhistorikar

Frykt og himmelsk lykke

At ei av dommedagsvisene frå viseboka to år seinare blir starten på Noregs trykkehistorie, fortel litt om kor populære desse visene var i samtida. Populariteten kom ikkje berre av frykt og åndeleg sjølvpisking. Frykta for dommedag var ein ting, men redsla var også para med glede og himmelsk lykke. I ei anna av dommedagsvisene, «En gandske trøstelig Aandelig Sang oc Vise om den Yderste Dag oc de vdualdis Glæde», tek gleda over etterlivet så godt som all plass, med den herlegaste mat og den herlegaste vin, musikk og dans.

– Dette er visa for heldiggrisane, dei utvalde, mens dei andre dommedagsvisene er meir skrekkinngytande. Som signal om at enden er nær, peikar visene til dømes på teikn i naturen – som kometar og jordskjelv – og moralsk forfall i samfunnet, seier Berg.

Den eldste teksten i Peder Rafns visebok er datert 1583, altså mindre enn 50 år etter at reformasjonen kom til Danmark-Noreg. Fleire av visene er dermed skrivne med eit særskilt religiøst siktemål, til forsvar for den nyleg innførte protestantismen. Situasjonen gjorde samtidig dommedag meir akutt, for skjærselden var borte. Alt blei meir definitivt.

Sterkt religiøse viser

Dommedagsvisene er likevel berre ein liten del av det omfattande materialet i Peder Rafns visebok, som tel til saman 106 ulike viser. Det religiøse perspektivet er gjennomgåande sterkt til stades. Referansane til bibeltekstar florerer, og i mange tilfelle står dei aktuelle bibelversa teikna ned ved sida av viseteksten.

– Du finn knapt ei vise som ikkje nemner Gud på eit eller anna vis, fortel Berg.

Forteljingane om Gud, dommedag og livet etter døden eksisterer samtidig side om side med menneskelege erfaringar frå eit Europa som blant anna er kasta ut i trettiårskrigen. Nyhenda om Magdeburgs fall i 1631 – der 20.000 av byens 25.000 protestantiske innbyggarar blei drepne av styrkar frå det tysk-romerske riket og Den katolske liga – er blant hendingane som er omtalte i viseform. Det same er bybrannen i Oslo i 1624, i ei vise som gir oss den eldste skjønnlitterære skildringa av denne dramatiske hendinga frå noregshistoria.

Ifølgje litteraturvitar Trond Haugen, ein av dei andre viseforskarane i den tverrfaglege gruppa ved Nasjonalbiblioteket, spelar Peder Rafns visebok også ei viktig litteraturvitskapleg rolle. Om vi ønsker å forstå den dansk-norske litteraturen på byrjinga av 1600-talet, i tida før Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass, er vi nøydde til å ta dei mange visetrykka på alvor.

– Ikkje minst fordi visene er dikting på folkespråksgrunn. Du har også dei danske salmane, med Hans Thomissøns salmebok frå 1569, men visene i Peder Rafns visebok er tidlege døme på den dansk-norske litterariseringa av folkespråket. Her brukar forfattarane det dansk-norske folkespråket til dikting som tradisjonelt hadde gått føre seg på latin, seier Haugen.

Skapte den tidlegmoderne populærkulturen

Forfattarane av visene, så vel som av salmane, var i stor grad prestar. Peder Jensen Roskilde er ein av dei, forfattaren av fire viser i eit trykk med tittelen «Catechetiske Sang til Daglig Gudeligheds Øffuelse». Viktig er også kantoren i kong Christian IVs hoffkapell, Søren Hansen Tvilling, som er representert i Peder Rafns visebok med fem viser. Tvillings viser var så populære i si samtid at ein salmediktar som Petter Dass seinare kunne referere til dei og gå ut frå at dei var kjente for folk flest.

Sjølv om dei fleste forfattarane i viseboka er danske, og somme tyske, finst det også seks norske viseforfattarar i materialet: Oluf Lauritssøn Nidarctander, Mads Mauritsson, Peder Krabbe, Peder Rasmussen, Oluf Jonssøn Lind og Hans Nielssøn Gris. Av desse var det berre Gris som ikkje var prest; han var handelsmann i Oslo. Prestane hadde tenestestad på stader som Alstadhaug, Aure, Volda og Vanylven.

Til saman skapte alle desse prestane og viseforfattarane ein viktig del av den tidlegmoderne europeiske populærkulturen. Melodiane dei brukte, kom gjerne sigande frå England eller Tyskland – eit sporingsarbeid som også er ein del av Nasjonalbibliotekets arbeid med Peder Rafns visebok. Dette viser korleis visene, saman med salmane, er ein del av ein felleseuropeisk kultur.

– Det norske perspektivet er viktig, men det er ikkje så lett å lage nasjonalhistorie av det. Det er europahistorie. Derfor har nok Peder Rafns visebok lege litt i mørket her i Noreg, seier Haugen om boka som av Nasjonalbiblioteket blir omtalt som ein av «Bok-Noregs best bevarte løyndomar».

Idéhistoriker Siv Frøydis Berg og litteraturviter Trond Haugen

Brukte kunstig intelligens

Til å overføre det gamle manuskriptet til leseleg dansk-norsk, har den tverrfaglege gruppa tatt i bruk kunstig intelligens (AI). Meir konkret har dei brukt Transkribus, eit program utvikla for automatisk attkjenning av handskrift, og trena opp ein AI-modell for attkjenning av 1500- og 1600-talsfraktur, den gotiske skriftforma som mange i dag kan oppfatte som tung å lese. Modellen ligg no fritt tilgjengeleg på nettsidene til Transkribus, om nokon på eit tidspunkt skulle ha interesse av eller behov for å transkribere andre gamle og gotiske tekstar.

Det fysiske eksemplaret av Peder Rafns visebok, som er så skjørt at Vårt Lands utsende ikkje får høve til å bla i det, er no overført til fri digital bruk for alle interesserte. Sjølv håper forskarane ved Nasjonalbiblioteket at den historiske viseboka med dette skal nå ut til fleire.

Som Haugen seier det:

– Desse visene er det musikalsk-poetiske opphavet til moderne norsk poesi.

---

Peder Rafns visebok

  • Nasjonalbiblioteket gir fredag ut ein moderne, kommentert variant av den historiske visetrykksamlinga ein kallar for Peder Rafns visebok. Samlinga skal liggje gratis tilgjengeleg på nettstaden bokselskap.no.
  • Redaksjonen har bestått av idéhistorikar Siv Frøydis Berg, litteraturvitar Trond Haugen, historikar Bente Lavold, lokalhistorikar Chris Nyborg, konservator Chiara Palandri og musikkvitar Astrid Nora Ressem, som også har vore koordinator.
  • Peder Rafns visebok er på over tusen sider og inneheld 106 dansk-norske viser frå perioden 1583 til 1634. Viseboka blei gitt i gåve til lagmannen Peder Rafn i 1641.
  • Den opphavlege versjonen kan også lesast digitalt, på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.
  • Visene er ein viktig del av den tidlegmoderne europeiske populærkulturen, og ein sentral del av bakteppet for den moderne norske poesien.

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur