I meir enn 60 år var Asbjørn Aarnes ei leiande kraft i det norske åndslivet. Han var ein skarpskodd akademikar som også kunne kunsten å forenkle for å nå ut til eit breiare lag av folket. Professoren i europeisk litteraturhistorie var ein ivrig formidlar av filosofi og litteratur, og løfta mellom anna fram forfattarar som Olav Nygard og Franz Kafka og ein filosof som Emmanuel Levinas. Onsdag 20. desember ville Aarnes fylt 100 år, og til hundreårsminnet kjem det ut ei ny bok med tekstar av og om den dyktige formidlaren, Den fine taushets røst.
– I over 60 år var Aarnes ein stor formidlar av dikting og filosofi. Han hadde ein enkel og lite abstrakt stil som bygde på djup kjennskap til fagspråket, noko han hadde til felles med sin nære venn Hans Skjervheim, seier Åsmund Bjørnstad, som har redigert boka saman med Jan Oskar Utnem, Ulf Andenæs og Ole Andreas Bjerkeset.
Tittelen Den fine taushets røst er Aarnes si eiga omsetting av bibelordet frå Første Kongebok 19,12, at Gud er ikkje å finne i stormen eller jordskjelvet, men i det «linne» og tause.
– Aarnes fann seg aldri til rette i det fastlagte og sikre. For han handla det om å la seg gripe meir enn å «be-gripe», om det ugjenseielege meir enn det sagte, seier Bjørnstad.

Humanistisk og kristen basis
Innan filosofien var Aarnes ein del av «Annen Front», ei verdikonservativ rørsle med humanistisk og kristen basis som stod i motsetnad til kulturradikalismen. Mest kjend på det filosofiske feltet er han truleg for det han skreiv om Emmanuel Levinas, der han blant anna brukte verket «Den Annens ansikt» til å seie noko om spenninga mellom lege og pasient og styringsmåten i helseføretaka. «Du skal ikke vende deg bort når den Annens sårbarhet treffer deg», skreiv Aarnes.
– Innan litteraturforskinga var formidlinga av diktet det sentrale. Han var meir opptatt av «diktet si ånd» enn av abstrakt språkteori, seier Bjørnstad.
Aarnes døypte Johan Sebastian Welhavens «Det uutsigelige» om til «det ugjensigelige», som inneber at ekte poesi ikkje kan seiast om med andre ord enn diktet. «Poesien overskrider vanlig meddelelse, den utsetter oss for en slags hendelse. Den som lytter kan si: jeg har fått noe inn over meg, som gjør meg taus», skreiv Aarnes.
Den nyslåtte nobelprisvinnaren Jon Fosse er blant dei som har sett og påpeikt den høge kvaliteten i Aarnes’ tekstar. Fosse har skrive at Poesien hos Olav Nygard kanskje er det beste han har lese om poesi ålment. Dette gir oss ein liten peikepinn på kor sterk essayistikken til den no avdøde litteraturforskaren var.
Du skal ikke vende deg bort når den Annens sårbarhet treffer deg.
— Asbjørn Aarnes
Dei grunnleggande spørsmåla i livet
Jan Oskar Utnem, som i mange år var sokneprest i Uranienborg kirke i Oslo, kallar Aarnes ein pådrivar i å spreie kunnskap og interesse for den europeiske kulturarven. Ved sida av den omfattande forfattarskapen hans innan litteratur, filosofi og estetikk, var Aarnes sentral i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur, redaktør for Thorleifs Dahls kulturbibliotek i 23 år og arrangør av Humanistisk seminar saman med Skjervheim.
– Han var foredragshaldar, redaktør, omsettar, utgivar og initiativtakar til ei mengd bøker, både eigne og andre sine. Han arrangerte tallause symposium i kulturhus, universitetslokale og i si eiga stue, seier Utnem.
– Kva vil du seie er arven etter Aarnes?
– Han var opptatt av forholdet mellom dikting og filosofi, dei tidlause tematikkane og dei grunnleggande spørsmåla i livet. I ei tid der Europa meir og meir blir forvandla til eit handelshus, må det vere kulturen og akademia si oppgåve å halde dei grunnleggande menneskelege spørsmåla levande. Universiteta skal ikkje berre løyse samfunnsoppgåver, men sysle med eksistensielle spørsmål og gi hjelp til meining og livsinnhald.
Universiteta skal ikkje berre løyse samfunnsoppgåver, men sysle med eksistensielle spørsmål og gi hjelp til meining og livsinnhald.
— Jan Oskar Utnem, om arven etter Asbjørn Aarnes
Tru utan «dagklår visse»
Også Utnem peikar på den store evna Aarnes hadde til å formidle vanskeleg tilgjengeleg fagkunnskap i eit enkelt forståeleg og nærmast poetisk språk – utan at stoffet mista fagleg djupne eller blei mindre presist. Den tidlegare soknepresten meiner at formidlinga til Aarnes ikkje berre gav forståing, men også næring til eksistensen og livet vårt.
– Var Aarnes ein truande?
– Det var han, med det atterhald at trua høyrer til området «forutan dagklår visse», eit uttrykk frå Tor Jonsson. Aarnes forsøkte å halde ope for den kristne intellektuelle tenkemåten frå Europas kulturhistorie. Han leita etter Guds nærvær i tilværet. Liva våre er framleis fylte av metafysisk uro, trass i framskrittet. Han var kritisk til den moderne forestillinga om at det er mennesket som ber tilværet på sine eigne skuldrer.
Møtet med tekstane til Franz Kafka var skjelsettande for den norske litteraturprofessoren.
– Han kjende seg att i dei, for hos Kafka er ikkje mennesket herre over sitt eige liv. Her er mennesket tiltalt, påkalt og oppsøkt – utanfrå! Den moderne livskjensla er at mennesket er gitt eit mål, men at vi ikkje veit vegen. Vi snur oss forvirra rundt for å sjå om kallet kjem frå stjernene, hjartet eller Gud, seier Utnem.
Han meiner likevel at det avgjerande for søkinga, både for tenkinga til Aarnes og i det personlege livet hans, var møtet med Levinas.
– Det er vanskeleg å tale om Gud etter Holocaust, men det er spor etter han i medmennesket sitt ansikt, hevdar Levinas. Guds fråvær openberrar seg i livet til nesten vår, men på skjult vis. Du og eg er tiltalt og gitt eit ansvar for vår neste – det er kallet vårt. For Aarnes blei det derfor ikkje tenkinga som blei det einerådande, men relasjonane. Over tanken står omtanken. Over sjølvrealiseringa står ansvaret. Eg tenker at dette er djupt tenkt. Og kristent.
---
Asbjørn Aarnes (1923–2013)
- Norsk litteraturforskar
- Fødd på Nordmøre 20. desember 1923
- Professor i europeisk litteraturhistorie i 30 år. Redaktør for Thorleifs Dahls kulturbibliotek i 23 år. Preses i Det Norske Akademi for Språk og Litteratur i 17 år.
- Har blant anna gitt ut boka Poesien hos Olav Nygard, som forfattaren Jon Fosse har sagt er det beste som nokosinne er skrive om poesi.
- Til hundreårsminnet kjem det ut ei ny bok med tekstar av og om Asbjørn Aarnes, Den fine taushets røst (Vidarforlaget).
---