Den amerikanske gospelartisten Kirk Franklin er ein av dei mestseljande gospelmusikarane i verda, og han har vunne heile 20 Grammy-prisar.
Til hausten skal han ut på verdsturné, og han ser ut til å ha eit godt auge til Norden.

For i tillegg til Rotterdam i Nederland, er det København, Stockholm, Helsingfors og Oslo som får besøk av gospelstjerna. Dagen meldte saka fyrst.
Den 12. september kjem han til OKS Hallen i Oslo.
EUROPE, WE PULLIN’ UP! ✈️ Kirk Franklin World Tour is coming this Fall, and we’re bringin’ all the energy, all the...
Publisert av Kirk Franklin Tirsdag 25. februar 2025
Kjem tilbake
Den amerikanske artisten vitja Noreg fyrste gong i 2009, då han heldt to konsertar på Sentrum Scene i Oslo, og Vårt Lands meldar skreiv den gongen:
«Sjå ikkje vekk frå at dette er den råaste kristenkonserten som nokosinne har vore i dette landet».

---
Kirk Franklin
- Amerikansk gospelartist.
- Født i 1970, i Texas USA.
- Har 2,4 millionar månadlege lyttarar på Spotify.
---
Året etter stod han på scenen i IMI-kyrkja i Stavanger.
Etter dette har han spela på dei kristne festivalane Get Focused og Skjærgårds Music and Mission Festival.
