– Eg er heldig som får gå frå den eine draumejobben til den neste, seier Emil Andé Erstad som no sluttar som kommentator i Vårt Land.
Frå og med 16. mai blir han ansvarleg redaktør i Panorama Nyheter, som har fokus på bistand og global utvikling, med særleg vekt på et globale sør.
Erstad seier dei fire åra i Vårt Land har vore dei finaste og mest spennande åra i arbeidslivet hans.
– Eg har lært mykje og fått mange gode vennskap, seier han og legg til at det er trist å slutte ein stad der han har trivdes godt.
– Vårt Lands prosjekt kjem eg til å følge med interesse og kjærleik. Det er den beste politiske redaksjonen i Norge.
Vårt Lands prosjekt kjem eg til å følge med interesse og kjærleik
— Emil André Erstad
Vil følge utanriks tettare
Som redaktør i Panorama har Erstad som mål å få fleire til å lese og bry seg om internasjonale spørsmål, utanriks og utviklingspolitikk.
– Det brenn i verda og norsk politikk kjem i stor grad til å handle om globale spørsmål i lang tid framover. Det vil eg følge tettare, og skrive meir om.
Redaktør i Vårt Land, Bjørn Bore, seier det er synd å miste Erstad.
– Men han går vidare til ein viktig og spennande jobb. Sjølv om vi mister han, så får vi inn ein ny og spennende kommentator på fulltid, Eivor Oftestad, om kort tid.
Bore viser til at fleire i Vårt Land dei siste åra har blitt rekruttert til viktige leiarjobbar i andre mediebedriftar.
– Det viser at vi har eit svært kompetent og spennande redaksjonelt miljø, og det viser at våre journalistar og kommentatorar er ettertrakta.
Dette viser at våre journalistar og kommentatorar er ettertrakta
— Bjørn Bore
Sentral politikar og forfattar
Emil André Erstad starta i Vårt Land i 2021, og har vore ein markant kommentator. Før han starta i Vårt Land var han leiar av KrFU frå 2013 til 2015, før han i perioden 2016 - 2019 var nærmaste rådgjevar for partileiar Knut Arild Hareide på Stortinget. Erstad var sentral i debatten rundt KrFs retningsval i 2018.
Erstad har også skrive fleire bøker, Mørkemann - mi reise til kristenkonservatismen og tilbake som kom ut i 2022. I vinter kunne VG melde at han no jobbar med ei bok om statsminister Jonas Gahr Støre.