Carola med påskeplate om Jesu død og oppstode

Den første songen kom til henne i Jerusalem for 18 år sidan. No er endeleg påskealbumet «Via Dolorosa – Maria Magdalenas kärlek» klart for utgiving. Carola Häggkvist er glad. Verkeleg glad. For dette er det viktigaste ho har gjort.

– Denne plata går utanpå alt anna. Ho er så naken og sterk, eit framhald på forteljinga om jula. Songane snakkar om krossen og oppstoda. Om framtida. Det er svært relevant, seier Carola.

Den svenske artisten har vore superstjerne i Skandinavia sidan gjennombrotet med låten «Främling» i svenske Melodi Grand Prix for 42 år sidan. Samtidig har ho vore tydeleg om den kristne trua si. For Carola er påska derfor ei svært viktig høgtid.

– Ho betyr mykje for meg. Eg blir frelst kvar påske, seier ho.

Mens jula har eit vell av salmar og songar som er godt kjente blant folk flest, er dei fleste påskesongane mindre brukte utanfor kyrkjene og dei kristne forsamlingane. No håper Carola å bane veg for den kristne påskebodskapen med pasjonsspelet som hadde urpremiere på Olavsfest for tre år sidan.

– For oss skandinavar er påska ei vakker tid. Det er glede, og vi er på veg mot våren. Men påska handlar jo om Jesus som blei påskelammet. Guds offerlam. Så for meg er dette på liv og død, seier Carola.

– Jesus døydde for vår skuld. Han gjekk ned i dødsriket, tok nøklane til dødsriket og sto opp att på den tredje dagen. Jesus tok brodden av døden.

Jesus tok brodden av døden

—  Carola

Forelska i Jesus

Carola snakkar om «oppstodekraft». Denne kjenner ho sterkt på. Det gjorde ho allereie då ho blei ein truande på 1980-talet. Då innsåg ho at Jesus var verdas lys. Ho trur «soleklart» på ei fysisk oppstode – at Jesus stod opp att frå dei døde med både sjel og kropp. På eit personleg plan betyr det glede for Carola, at ho veit at Jesus lever.

– Det oppstår ei kraft som kan bli ein del av livet vårt allereie no. For meg er trua som oksygen i lungene, som balsam for sjela. Eg blir endå meir forelska i Jesus. Han er verkeleg «mitt hjärtas älskade», seier den kjente artisten.

Carola fortel at ho for nokre år sidan hadde ei oppleving av at Jesus sa dette til henne, at han ville vere hennar sjels elskar.

– Eg berre: Wow! Så oppstoda er for meg at vi går frå død til liv, heilt enkelt, seier ho.

På albumet kan denne oppstodekrafta merkast til dømes i det avsluttande sporet, «Han lever», som har musikalsk potensial i seg til å bli ein hitlåt på popmarknaden. I Sverige er det storselskapet Warner som skal distribuere plata som er produsert av norske Kirkelig Kulturverksted. Carola har på si side hatt rockeoperaen Jesus Christ Superstar i bakhovudet når ho har skrive låtane som Erik Hillestad har sett tekstar til.

– Eg trur det er ein produksjon som kan vekse. Eg ser ein slags audmjuk Jesus Christ Superstar ein stad. Eg ser for meg kor og dansarar på store scener, som Oslo konserthus.

Carola lanserer sitt nye album Via Dolorosa i Kulturkirken Jakob.

Atten års fødsel

Carola er ikkje framand for å danse litt for kamera også i Kulturkirken Jakob, der vi møter henne. Ho vinkar til seg Erik Hillestad, som ho omtaler som «engelen sin». I atten år har dei jobba med denne plata – rett nok inkludert ein del lange pausar.

– Det har vore nokre tak, og veldig intenst somme gonger. Men det har vore morosamt og utruleg inspirerande, seier Hillestad.

– Denne produksjonen er heilag for meg. Når noko er svært viktig og heilagt, blir eg litt forsiktig. Då kan ting ta tid, mens prosjektet ligg på ei spesiell hylle, seier Carola og fortel at urpremieren på Olavsfest var eit stort steg i prosessen fram mot den ferdige plata.

– Musikken er samtidig veldig tidlaus, utan eit bestemt datoavtrykk. Dermed vil han også funke lenge, supplerer Hillestad.

Denne produksjonen er heilag for meg

—  Carola
Carola lanserer sitt nye album Via Dolorosa i Kulturkirken Jakob.

Kjenner seg igjen i Maria Magdalena

Han og Carola kappast nærmast om å rose kvarandre. Carola omtaler Hillestads tekstar som «sterke, djupe, smarte og forankra både i forteljinga og Guds ord». Mens Hillestad på si side løfter fram Carolas melodiar som inspirasjonskjelde. Det var han som insisterte på at Carola skulle synge sjølv – i starten hadde Carola først og fremst tanke for å formidle Jesu død og oppstode gjennom påskespelet. Den gode løysinga var å sjå påskeforteljinga med Maria Magdalenas blikk, med Carola i rolla som Maria Magdalena.

– Døypenamnet ditt er jo Carola Maria. Korleis kjenner du deg igjen i forteljinga om Maria Magdalena?

– Eg kan kjenne meg igjen på mange måtar. Eg ønsker å vere nær Guds hjarte midt i ei stormfull verd. Samtidig blei også Maria Magdalena misforstått, slik eg har vore i samanhengar som ein del kristne kanskje ikkje har likt, seier Carola, med eit nikk til popbransjen ho har vore ein del av i over førti år.

Eg ønsker å vere nær Guds hjarte midt i ei stormfull verd

—  Carola

Kjem med sjølvbiografi

– Vi snakka saman for eit par år sidan om dei ulike sidene ved karrieren din, dei «fire ansikta» dine. Samtidig har du alltid vore opptatt av å snakke om den kristne trua di, slik også Maria Magdalena er kjent for å seie: «Eg har sett Herren»?

– Det har vore heilt naturleg for meg. Som kjærleik, eller som ein blomsterknopp. Eg trur også dei eg møter, ønsker å høyre om det. Eg har mykje å seie – mange vitnesbyrd. Det kjem jo meir i boka mi som forhåpentleg er klar i september.

– Er det sjølvbiografien din?

– Ja. Eg jobbar kvar dag med denne no. Tittelen er ikkje klar, men «Vägen till frihet» er ein tanke.

– Du har vore gjennom mykje i livet, også nokre tøffe tak. Kor viktig for deg er det med Guds nåde og det å få tilgiving og ein ny start?

– Det er det eg lever i. Det er sjølve essensen av kristendommen at vi får leve gjennom Jesus. Alle ber vi på vår bagasje, men Jesus er forsvarsadvokaten vår, seier Carola.

Carola lanserer sitt nye album Via Dolorosa i Kulturkirken Jakob.


Trygg og forsiktig i kjærleiken

Ho er tydeleg på at alle menneske er elska av Gud. Samtidig betyr det ikkje at vi menneske er nøydde til å bli bestevenn med alle. Også Carola har lært seg til å lytte til intuisjonen sin, også når det gjeld kjærleiken.

– Er det ein kjærleiksrelasjon? Ein arbeidsrelasjon? Det har jo to heilt ulike konsekvensar. Eg er på ein måte meir forsiktig enn før, men samtidig veldig trygg og glad. Eg er ganske open i det å ville møte menneske. Samtidig har eg min integritet, seier Carola.

På påskeplata inkluderer ho både gleda og smerta vi kan kjenne på i livet.

– Alt i livet er ikkje rosenraudt. Men Gud kjenner vår smerte og vil bere denne for oss, seier Carola.

Ho fortel at ho for nokre år sidan hadde eit syn av at Jesus viste seg for henne.

– Eg hadde akkurat opplevd å få teppet dratt bort under føtene mine. Då kom Jesus til meg og stilte seg ved sida av meg. Eg mista nesten pusten. Det var eit veldig spesielt nærvær, seier artisten.

Ønsker at folk skal møte Jesus

I Noreg har Carola dei seinaste månadene fått fornya merksemd også gjennom deltakinga i TV 2-programmet «Hver gang vi møtes». Der merka Carola seg ut ved å ta med heile gjengen i kyrkja på Kjerringøy.

– Det var fint. Eg og Jonas Benyoub, som er muslim, var jo dei opne truande. Vi tok liksom inn kvarandre. Det var herleg, seier ho.

Til hausten skal ho halde sin einaste konsert i år, og den største nokosinne, i Unity Arena på Fornebu. Settlista er enno ikkje klar, men Carola antydar at ho gjerne tek med seg ein eller to låtar frå påskeplata på konserten.

– Kva er håpet ditt for den nye plata?

– At folk skal få eit møte med Jesus gjennom songane. Men det er Guds jobb. No har eg gjort mitt!

---

Carola Häggkvist

  • Svensk artist, fødd 8. september 1966
  • Slo igjennom i Melodi Grand Prix (MGP) med låten «Främling» i 1983. Vant sidan den internasjonale MGP-finalen med «Fångad av en stormvind» i 1991 og kom på femte plass med «Evighet» i 2006
  • Har gitt ut en lang rekke plater frå debutalbumet «Främling» i 1983, nokre i samarbeid med norske Erik Hillestad, som «Blott en dag» (1998) og «Jul i Betlehem» (1999)
  • Aktuell med pasjonsspelet/påskealbumet Via Dolorosa – Maria Magdalenas kärlek (Kirkelig Kulturverksted), med melodiar av Carola og tekstar av Erik Hillestad. Plata kjem ut fredag 11. april

---