Filosofen og teologen Jean-Luc Marion er ein av verdas fremste tenkarar. Han kan ikkje tenke seg ei tid utan Gud.
– Gud var aldri eit spørsmål for meg, seier Marion til Vårt Land.
– Frå eg var eit barn var Gud ein del av biletet. Han var del av den vanlege verda, så å seie.
Vi møter den franske tenkaren på Nasjonalbiblioteket. Denne veka har han vore i Oslo for å halde det nyetablerte Fosseforedraget, som regjeringa oppretta etter at Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i fjor. Marions tema i foredraget på Slottet torsdag ettermiddag, er korleis all sann skaping har sitt fundament i Gud.
Verdas fremste tenkar blei oppseda som katolikk i eit intellektuelt miljø. Framleis har han noko av barnetrua i seg, resonnerer han. Og framleis stiller han nokre av dei same store spørsmåla som då han var barn.
– Det handlar ikkje om kor vidt Gud eksisterer, men om kven eg er framfor Gud. Det er eit mykje vanskelegare spørsmål å svare på, seier han.
– Kven er du framfor Gud?
– Eg er svært varsam! Eg har alltid hatt ei oppfatning av at eg ligg langt bak i forhold til kvar eg burde vere.
Det handlar ikkje om kor vidt Gud eksisterer, men om kven eg er framfor Gud.
— Jean-Luc Marion
Gud skapar verda ut av kjærleik
I Fosseforedraget, som blir gitt ut på norsk med tittelen «Skaping», snakkar han om vilkåra for den menneskelege skapinga. I forlenginga av dette snakkar vi om korleis Gud skaper verda ut av ein grunnleggande kjærleik. Denne kjærleiken kjem før sjølve eksistensen, argumenterer Marion.
– Gud elska oss først. Derfor er menneska elska av Gud før vi eksisterer.
Marion er kjent for å vidareutvikle og gå imot Martin Heideggers filosofi om «Væren» og for å bruke ein gudsdimensjon i argumentasjonen. Menneska bør såleis rekne Guds kjærleik som fundament for vår eigen eksistens.
– Vi blei ikkje først skapte for å eksistere og deretter få høvet til å ta imot gåva frå Gud. Eksistens er den første gåva. Dette blir ofte gløymt når ein snakkar om tilhøvet mellom Gud og menneska som om det er to likeverdige partnarar, seier Marion.
– Væren er hovudspørsmålet for ein filosof. Men frå ein kristen ståstad er væren berre ein konsekvens av Guds gåve.
– Gud elska oss først, derfor gav han oss eksistens?
– Ja, heilt rett! Eit av dei første resultata av Guds kjærleik er eksistens. Mens Gud sjølv står utanfor væren, som er den einaste måten å forstå korleis Gud kunne skape verda ut av ingenting på – creatio ex nihilo.
Eksistens er den første gåva.
— Jean-Luc Marion
Samanliknar Jesu oppstode med skapinga
Spørsmålet blir dermed feil stilt dersom vi til dømes spør: «Eksisterer Gud?» – slik mange menneske har lett for å gjere.
– Gud er heva over forskjellen mellom eksistens og inkje. Det er derfor oppstoda finst. Oppstoda er ikkje ulikt skapinga, seier Marion.
Filosofen viser mellom anna til, moglegvis polemisk, at det ikkje utgjer nokon skilnad for ein del ateistar om dei skulle få bevis på at Gud finst.
– Eksistensen av Gud er ikkje tilstrekkeleg for å tru på Gud.
– Den norske forfattaren Dag Solstad har skrive om ein romanperson som uttrykker at han ikkje trur på Gud. Men dette kan han berre seie stilt overfor den same Gud. Det er eit godt paradoks!
– Ja! Ja! For til ein viss grad har vi ingenting vi kan seie om Gud. Det er langt forbi fatteevna vår. Men vi kan seie noko til Gud, slik vi snakkar til eit anna menneske. Spørsmålet om Gud er i realiteten å snakke til Gud og bli snakka til av Gud, ikkje å seie noko om Gud.
– Det var kanskje derfor Jesus lærte oss å be?
– Bøn og tilbeding er den rette måten å bruke språket på for å nærme seg Gud. Adressere Gud, ikkje skildre. Gud er ikkje objekt for det vi kallar vitskap.
– Er dette ei utfordring for teologien?
– Å, ja! Moderne teologi er djupt påverka av standard metafysikk, der det første spørsmålet er om tingen er eller ikkje, korleis han er, korleis han kan bli skildra, og så vidare, seier Marion.

Rosar pave Frans som tenkar
Ein som har tilført teologien noko nytt i seinare tid, er den nyleg avdøde pave Frans. Katolikken Marion er full av lovord over tenkinga hans, ikkje minst om økologi.
– I klassisk metafysikk finst det tre vonde: det metafysisk vonde, det moralsk vonde (som vi er ansvarlege for) og det naturleg vonde (som jordskjelv og orkanar). Pave Frans har peika på ein direkte samanheng mellom det moralsk vonde og det naturleg vonde. Den økologiske krisa er eit resultat av vår dårlege politikk. Det har ingen filosof sagt før, meiner Marion.
– Pave Frans har også minna oss om at vi alle, i det lange løp, er migrantar. Vi kjem frå ein stad og går til ein annan, uavhengig av landet vi lever i.
Utgangspunktet for at Marion har reist frå Frankrike til den norske hovudstaden for å snakke med Vårt Land om alt dette, er som nemnt Jon Fosse. Filosofen har lese Fosses storverk Septologien.
– Eg blei faktisk imponert, seier han.
– Det var veldig fransk, med lange setningar og repetisjonar.
Filosofen meiner at Fosses skrivestil er særs appellerande, der trivielle erfaringar går over til å bli åndelege.
Prøver å snakke enkelt
– Din eigen skrivestil som teolog og filosof er svært akademisk. Synest du at den nye teksten din eignar seg for eit breiare publikum? Kven tenker du er publikummet ditt når du skal halde Fosseforedraget?
– Vel, eg prøver å halde eit foredrag som er så enkelt som mogleg.
– Okei ...
– Du veit, i litteraturen skriv ein ikkje med omgrep. Om det blir for mange av dei, så er det ikkje god litteratur. Når ein filosof prøver å skrive romanar, blir det alltid ein katastrofe. Sartre, for eksempel. Og når du er filosof, brukar du omgrep. Det er eit stort skilje mellom dei to måtane å arbeide på, seier Marion.
Omgrepa kan brukast tradisjonelt for å fange essens. Alternativt kan filosofen dekonstruere omgrep og definisjonar – ein filosofisk metode kjent nettopp som dekonstruksjon.
– Du lærte dette av læraren din, Jaqcues Derrida, reknar eg med?
– Nei, først av Heidegger. Derrida følgde berre den same vegen.
Når ein filosof prøver å skrive romanar, blir det alltid ein katastrofe.
— Jean-Luc Marion
Filosofien som reisebyrå
– Skjønnlitterære forfattarar, og Jon Fosse spesielt, har gjerne ei gåve i å formulere spørsmål om Gud og eksistensen på ein måte som er både djup og appellerande. Burde ikkje filosofar og teologar prøve det same?
– Mi eiga erfaring er at om du skriv ei stor, obskur og ikkje-leseleg bok, når du eit vidt publikum!
– Er det slik du tenker på dine eigne bøker?
– Nei, nei! Men eg har alltid vore overraska over bøkene eg har skrive, at dei har komme i nye opplag, blitt omsette og så vidare. Filosofi blei som eit reisebyrå for meg. Det var ikkje venta i det heile, seier Marion.
Sjølv om mange synest bøkene hans er vanskelege, har han altså ein brei internasjonal lesarkrins. Så har han då sjølv også sagt: «Les berre dei bøkene du ikkje forstår!»
– Viss du forstår bøkene raskt, har du ikkje bruk for dei meir.

Kjøper ikkje Dostojevskij
I skjønnlitteraturen er det i motsetnad til filosofisk litteratur ikkje eit spørsmål om å forstå, men om å gå djupt inn i bøkene. Marion røper at det finst store verk frå verdslitteraturen som han ikkje klarer å komme inn i, inkludert romanane til Tolstoj og Dostojevskij. Han kan ikkje «kjøpe dei», som han seier.
– Jon Fosse kom eg straks inn i. Det same med Proust. Men ikkje Thomas Mann. Det er kanskje min eigen feil. Men i litteraturen har lesaren alltid rett.
– Sidan du er forfattaren av «Skaping», og eg er lesaren, er det altså eg som har rett om teksten din?
– Nei, for i filosofien handlar det om argument. Skjønnlitteratur handlar om å forføre, mens filosofi og teologi handlar om å overtyde lesaren.
– Du treng altså å overtyde oss! Kva er hovudmålet med Fosseforedraget?
– At skaping ikkje er å produsere noko, men – slik Gud skapar i Bibelen – å la det gode og vakre komme til syne, seier Marion.
Held stø kurs framover
I foredraget understrekar han at kunstnaren berre lukkast i å nå fram til det fullførte verket sitt ved å «ikkje finne opp noko».
– Eg trur det er erfaringar du kan ha på mange måtar. Når du verkeleg får til noko, anten i kunsten, idretten eller i kjærleiken, gjer du ingenting.
– Jon Fosse snakkar vel også om dette, om å lytte seg inn til ein tekst som så å seie allereie er skriven?
– Ja, nettopp! Slik har eg det også som filosof, når eg oppdagar nye ting: Då må eg berre følgje leia, ikkje finne på noko. Møt tingen i seg sjølv og hald munn!
For filosofen og teologen handlar det om å følgje sporet framover og prøve å ikkje slå inn på alle moglege sidespor. Då kan han også finne det som ligg der framfor han.
– Jon Fosse har samanlikna skrivinga med bøna. Er du samd i den parallellen?
– Absolutt. Claudel seier det også. Eg trur alle verkelege forfattarar og filosofar vil seie seg einige i det, seier Jean-Luc Marion.
– Eg har det slik sjølv også, når ting går godt.
---
Jean-Luc Marion
- Fransk filosof og forfattar
- 78 år
- Kjent som ein av verdas fremste tenkarar
- Aktuell med Fosseforedraget («Skaping»)
---