– Det er noko rote i Kongeriket Noreg – eller rettsstaten Noreg?
– Ja, det stemmer det.
– Kva er rote?
– Det er rett og slett borgarne sitt høve til å forsvare eigne interesser ved hjelp av domstolane, seier rettshistorikar og professor Jørn Øyrehagen Sunde.
I pamfletten Har eg rettstryggleik i Røyndom-serien til Samlaget skriv han essayistisk om rettstryggleik i det norske rettsvesenet.
Mellom anna tek Sunde opp Noregs plassering i verdsrangeringa over tilgang på «konfliktløysingsmekanismer» – eller domstolar. Ein 14. plass, der Noreg ligg no, er altfor svakt, meiner Sunde.
Kafkaiske tvistar
Sjå for deg at du har overteke ein gard og ønskjer å starte eit turistsenter på garden. Ein dag får du eit brev frå naboen. Han vil byggje veg over tomta di og viser til ei såkalla «utskiftingsforretning» frå 1937. Naboen krev også at du må dekkje kostnadane for ei bru på tomta.
Men: Kan hende er det andre skriv som kan påvise at naboen ikkje har krav på å byggje veg gjennom garden din.

Men kvar finn du dette? Kontaktar du advokat får du ei rekning på over 100.000 kroner etter at hen har undersøkt saka for deg.
Så må du ta stilling til følgjande: Godtek du kravet frå naboen eller går du til retten?
Taper du saka må du dekkje ytterlegare advokatrekningar, både for deg og naboen. Digitale arkiv gjer det ikkje enklare for deg å finne fram til rett dokument eller til å forstå kva som har vekt i ei slik sak – om du ikkje har råd til å kjøpe advokat-tenester.
Dømet er ikkje byrjinga på ein Kafka-roman, men ein helt reell eigedomstvist som Sunde skildrar i pamfletten.
– Tek du risikoen? spør jussprofessoren retorisk.
Rett til den sterkaste
Dei fleste av oss vil ikkje tore å ta risikoar som dette, meiner Øyrehagen Sunde. Generelt verkar det skummelt å gå til domstolane for tvistar der vi risikerer å tape store summar. Dermed vinn den «sterkaste» fram – til dømes naboen som truar med rettssak.
– Det finst mange som kan vere den sterkaste. Men det viktige med rettsstaten er at han skal gi lik rett til å bruke loven, seier Sunde.
Det er ikkje tilfelle i dag, meiner Øyrehagen Sunde, og hevdar det er mykje grunna verdiane ein må leggje inn for å få prøvd saka i rettssystemet. Professoren seier det har noko å gjere med at privatpersonar konkurrerer med større selskap om advokatar i ein «oljesmurt økonomi». Dermed blir prisen for advokathjelp unaturleg høg, slik at dei aller fleste vanlege folk vil slite med å betale for advokat.
Byråkrati til bry
Ein ting er kostnadane for advokatar. Ein annan ting er byråkratiet ein skal navigere i. Vi treng hjelp, meiner Øyrehagen Sunde. Men det er ikkje alltid vi får det. Nokre gonger får dette stygge utslag.

– Til dømes med vold og truslar mot NAV-ansatte. Det er ein heilt uakseptabel ting. Men samtidig må vi forstå at nokre vert så vanvittig frustrert fordi dei ikkje skjønar reglane i systemet.
Vert slike system for framandgjerande kan det gå gale, fortel Øyrehagen Sunde. Faktisk tek han til orde, i pamfletten, for at det heile kan ende i illiberale demokrati.
– Eit illiberalt demokrati er eigentleg berre eit tilsynelatande demokrati, forklarer han.
Viss rettsstaten vert svekka kan det gjere folk desperate etter andre løysingar for dei problema dei strir med i kvardagen.
Vegen til det illiberale
Jørn Øyrehagen Sunde meiner ein allereie kan sjå utviklinga frå liberale til illiberale demokrati i fleire land. Han peikar mellom anna på Ungarn og Tyrkia, men ser også teikn i USA.
– Vi veit ikkje om USA vert eit illiberalt demokrati, men det er faktisk på veg til å verte det.
Rettshistorikaren forklarer at i eit illiberalt demokrati kan ein leiar ha så mykje makt at han kan manipulere systema i landet.
– Sjølvstendige domstolar har du berre viss du og eg kan bruke dei og ser oss tent med å ha dei. Donald Trump har gjort store angrep på sjølvstende til domstolane. Men du får berre opprør når han aukar tollsatsane, fordi det gjeld folks personlege økonomi.
Når ein ikkje skjøner kva systemet kan gjere for deg eller kvifor det er der i utgangspunktet, reagerer ein heller ikkje når det kjem under angrep. Desperasjonen over at rettsstaten ikkje er der for deg kan dessutan gjere at du heller vil høyre på populistiske stemmer som gjev deg eit alternativ til systemet.
Det er ikkje slik at rettsstaten kan vere der for nokon og ikkje for andre
— Jørn Øyrehagen Sunde
Ein rettsstat for nokre få
Sjølv om USA kan vere på veg mot det illiberale, har det ikkje vorte så gale i Noreg enno. Tilliten er fortsatt høg i landet vårt. Tilgangen til rettssystemet er likevel ikkje der han burde vere, meiner Øyrehagen Sunde. Når ein ikkje kan få advokathjelp utan å leggje ut fleire månadslønner, er ikkje systemet tilgjengeleg for folk flest. Dermed kan også tilliten bli svekka.
– Kva kan gjerast?
– Dette må vi diskutere politisk. Det gjeng til dømes an å lovregulere advokatprisar. Tyskland har forsøkt det, sjølv om eg ikkje vil seie at det har vorte særleg vellykka.
Likevel er det mogeleg å regulere.
– Når boligprisveksten har vore høg, så har vi freista å dempe han med ulike lovtiltak. Då spør eg meg, bør vi ikkje også vurdere ulike lovtiltak for å få ned veksten på pris i advokattjenestar?
Vanlegvis vert slike tema diskutert blant advokatar og innad i systema. Det er ikkje rett, meiner Øyrehagen Sunde, i all den tid vanlege folk vert påverka av utfallet.
– Ein skulle tru at dette var eit tema som vart diskutert i samfunnet og i politikken i mykje større grad. Men det er eit veldig usynleg tema i den offentlege debatten.

Rettsstat foran budsjett
Øyrehagen Sunde nemner Fosen-saka og saka frå fjoråret der Valgerd Svarstad Haugland måtte trekkje seg som statsforvaltar etter at psykisk syke ikkje hadde fått behandla klagar på tvangsmedisinering.
– Eg vert så sint at eg har vanskeleg for å halde meg i ro. Det er ikkje slik at rettsstaten kan vere der for nokon og ikkje for andre. Ein kan ikkje seie at dei samiske interessene eller dei psykisk sjuke ikkje skal ha like rettar som alle andre. Då har vi allereie øydelagt rettsstaten.
Noko er gale, konkluderar Jørn Øyrehagen Sunde i Har eg rettstryggleik.
– Staten har høge forventningar til oss. Men vi har òg høge forventningar til staten. Problemet i dag er at ein vil gå i null i budsjettet, i staden for å byggje rettsstaten.