Anmeldelser

Fumiko Hayashi er fattigdronninga av moderne japansk litteratur

No finst ho på nynorsk i Skalds klassikarserie. «Lausgjengar» er på godt og vondt eit ungdommeleg verk.

Kjem det ut vakrare bøker på norsk enn i Skalds klassikarserie? Eg må i så fall tenke meg veldig godt om. I ei tid der litteraturen flyt stadig raskare inn på digitale flater, er Skalds serie ein strålande eksponent for den estetiske meirverdien som ligg i ei papirbok med kvalitet i alle ledd. Ikkje berre er bøkene godt sydde i ryggen og har ein særprega tekstur på omslaget. Ikkje berre har skriftdesignaren Stefan Ellmer utvikla skrifttypar spesielt for serien, med røter attende til italiensk 1400-tal. Det er meir. Designen ved Andreas Töpfer og Øystein Vidnes er så god at kvar nye bok i serien står fram som eit lite kunstverk. Skalds klassikarar må gi vatn i munnen på alle seriesamlarar; dette er bøker du vil eige og ha ståande i bokhylla.

Offensiv linje

Kva er ein klassikar, er eit anna spørsmål. Skald har lagt seg på ei offensiv linje, der vi ikkje berre får servert dei mest kjente verka frå den vestlege litterære kanon. Jovisst, vi får også ultraklassikarar som Mary Shelleys Frankenstein og Emily Brontës Stormfulle høyder. Dei balanserer vakkert mot tyrkiske Ahmet Mithats Felatûnbey og Râkim efendi og det nyaste tilskotet i serien, japanske Fumiko Hayashis Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv.

---

Bok: Roman

Fumiko Hayashi

Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv

Omsett frå japansk av Ika Kaminka

Skald 2021

Lausgjengar

---

For meg er Hayashi eit nytt møte. Det som særleg interesserer meg, er den unge kvinnelege stemma som skriv frå eit outsiderperspektiv på 1920-talet. Den fattige eg-personen ravar rundt i Tokyo (og ei rekke andre japanske byar) som Knut Hamsuns Sult-helt gjorde det i Kristiania nokre tiår før. Det er endåtil referansar til Hamsun i teksten – boka kom ut på japansk i 1921.

Det som særleg interesserer meg, er den unge kvinnelege stemma som skriv frå eit outsiderperspektiv på 1920-talet.

—  Alf Kjetil Walgermo

Gjenkjenning

Hamsun kan vi likevel la ligge. Det er påfallande kor likt Hayashis eg-person har det – på tvers av dei store kulturforskjellane – som mange norske forfattarar i dag. Å skrive dikt og romanar er for dei fleste ikkje forbunde med dei store inntektene, tvert om er litteraturen for mange eit liv i fattigdom. Henning Hagerup er blant dei som sjølv har sett ord på den ofte truande klemma. Fumiko Hayashi skildrar eit liv som er til forveksling likt det ein kan finne i norske avantgardistiske kunstnarmiljø.

Japan

Nærleik og avstand

Det er sett på spissen, sjølvsagt, for miljøet i romanen er umiskjenneleg japansk. Omsettar Ika Kaminka har prisverdig nok teke med ei lang liste med ordforklaringar bak i boka, i tillegg til ein liten tekst om Hayashi. Dette er god formidling, og er samtidig med å gjere meg trygg på at omsettinga også i denne klassikaren er av beste merke (Gunvald Axnes Ims fekk Kritikerprisen for omsettinga av nemnte Ahmet Mithats bok). Eg kan ikkje japansk sjølv, så det inntrykket er i sin heilskap basert på den norske teksten. Ein frekk detalj er valet av Stord-dialekt (eller tek eg feil?) i sitata frå Fumikos foreldre. Kjensla av nærleik og avstand blandar seg saman, iallfall for meg.

Frisk og langdryg

Det er visseleg eit ustadig liv Fumiko Hayashi skildrar i denne boka. Personleg er eg ikkje like interessert i alt. Boka verkar ein smule for langdryg, og litt sleivete sagt mistar eg noko av interessa ein stad mellom lausgjengarjobb nummer sju og åtte, for ikkje å seie mellom tredje og fjerde fyllekule.

Det er uvanleg friskt for si tid.

—  Alf Kjetil Walgermo

Lausgjengar er på godt og vondt eit ungdommeleg verk. Det er uvanleg friskt for si tid, mens det kanskje aller best treffer unge forfattarspirar med draumar om å skrive ei substansiell diktsamling eller ein hardtslåande roman. Det er uironisk sagt, for det er her litteraturen rører seg og blir til.

Ironisk nok gjorde Lausgjengar susen for Fumiko Hayashi då boka kom ut i Japan på slutten av 1920-talet (først som følgjetong i eit kvinnetidsskrift). Forfattaren skulle aldri meir bli fattig. Men i boka er Fumiko fattigdronninga, med ung kropp og slite hjarte. Det er vanskeleg å ikkje heie på henne.


Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser