Anmeldelser

Usakleg og emosjonell bokkritikk

Det er ikkje rekna som god skikk å svara på dårlege bokmeldingar som forfattar. Eg gjer det likevel, for eg har ingenting å tapa, og vil heller bruka røysta mi.

Eg meiner meldinga «En forspilt sjanse om kjønn» er urimeleg, og stoggar, i staden for å opna opp for debatt. Vårt Land sørga for at meldinga – der bodskapen er at eg ikkje er til å stola på – fekk ein framtredande plass og genererte klikk ved Google-søk.

Andreas E. Masvie, som sjølv har publisert kritisk journalistikk om kjønnsteori formidla til barn, meiner at boka mi er urimeleg. Den kunne vore viktig, men er det ikkje, slår han fast, fordi den er publisert på eige forlag, tilsynelatande ikkje har hatt redaktør eller innspel frå andre, og fordi eg innimellom illustrerer sakskomplekset med døme Masvie ikkje liker.

I staden for å gje ei heilskapleg vurdering av boka, slår Masvie enkelt fast, med basis i det ovannemnde, at boka er for ei bittelita meinigheit. Eg trur faktisk ikkje dette er i tråd med oppdraget Masvie fekk då han skulle skriva bokmelding.

Eg trur faktisk ikkje dette er i tråd med oppdraget Masvie fekk då han skulle skriva bokmelding

—  Anne Kalvig

Refererer til debatt

I størstedelen av meldinga refererer Masvie ein debatt med UiS-rektor Klaus Mohn i forkant av oppseiinga mi som professor. Debattsvaret han reagerer på, er ikkje frå meg, men frå fyrsteamanuensis Kamilla Aslaksen.

Eg er heilt samd med Aslaksen i at eit tilsvar til oss, der Mohn slår fast at me høyrer til ei av to debattgrupper som øydelegg det offentlege ordskiftet om kjønn, faktisk er uinformert kritikk og sverting av vår deltaking i ordskiftet som kvinnelege akademikarar. Eg skriv det sjølv på side 254 i boka, men kanskje Masvie ikkje las det, sidan han ikkje viser til mitt, men til Aslaksens framlegg?

Uansett, er det rimeleg at Masvies oppfatning av at me misforstår Mohn, er hovudsaka i ei melding av ei bok om endringane på kjønnsfeltet dei siste femten åra?

Faksimile fra anmeldelse av Anne Kalvigs bok Kjønnstu i Vårt Land

Assosiasjonsfrykt

Han trekk fram to andre døme, før han konkluderer med at boka er fullstendig mislukka grunna slike døme: at eg samanliknar omskjæring av gutebarn med anna omskjæring i kjønnsorgan, og at eg viser korleis Kari Jaquesson blei utsett for ei heksejakt i norsk medieoffentlegheit grunna sitt syn på kjønn, frå 2015.

Mi påvising av strukturelle samband mellom ulike former for skjæring utan samtykke og utan medisinsk indikasjon, er «søkt» og «opplagt ikke sannferdig», slår Masvie fast. Han forklarer ikkje korfor. Eg viser i boka til eit samla, nordisk barnemedisinsk og barnefagleg miljø som i 2013, i opprop, skreiv at omskjæring av gutar bryt grunnleggande medisinsk-etiske prinsipp, og er i strid med Barnekonvensjonen. Er dei også opplagt ikkje sannferdige?

Og kor sakleg er det å skulla drøfta alle politiske syn ein samfunnsdebattant har, i ei bok om kjønn, slik Masvie krev for Jaquesson sin del? Det framstår som assosiasjonsfrykt, som kvinner typisk blir utsette for på dette feltet. Det ville heller ikkje gjeve ei presis eller sakleg framstilling av bokas saksområde.

Emosjonell bokmelding

Sjølvpublisering blir stadig meir vanleg, i ein bokmarknad i endring. Eg hadde eit forlag før eg måtte etablera mitt eige for i det heile tatt å få gje ut boka. Redaktøren der, likte aller minst mi framstilling av mektige aktørar på kjønnsfeltet, det einaste kapittelet Masvie trekk fram som lesverdig.

Eg har sjølvsagt hatt eksterne lesarar og konsulentar. Andre bokmeldarar har konkludert at boka er systematisk, medan Masvie slår fast at ho er springande, og har «store blindsoner», utan at han konkretiserer.

Bokmeldinga framstår som emosjonell, der debattar, døme og folk Masvie ikkje likar, har hindra han i å gjera ei sakleg lesing av boka.

Med dette oppfordrar eg folk til å lesa boka og vurdera dokumentasjonen eg gjev, som Masvie synast fullstendig uinteressert i

—  Anne Kalvig

Les boka

Kapitla i Kjønnstru dekker eit breitt spekter av emne, nemleg kjønn og språk, juss, medisinsk behandling, aktørar og pressgrupper, media, og tru på sjelekjønn som religion.

Særleg sistnemnde kapittel ville nok Vårt Lands lesarar hatt interesse av å få vita meir om, frå ein meldar som faktisk har religion og filosofi som fagbakgrunn. Korleis norske psykologar og legars fronting av kjønnstru til barn, unge og offentlegheit bygger på sirkeldefinisjonar av «kjønnsidentitet», hadde nok også interessert lesarane.

Med dette oppfordrar eg folk til å lesa boka og vurdera dokumentasjonen eg gjev, som Masvie synast fullstendig uinteressert i. Me treng eit levande ordskifte om kjønn, også når det kjennast ubehageleg og kontroversielt.

Mer fra: Anmeldelser