Bøker

Amerikanske intellektuelle med gudsprat

I kveld snakkar den amerikanske skribenten Kristin Dombek med kritikaren James Wood om å vekse opp i ein kristen heim. Norsk-amerikansk litteraturfestival er i gang igjen.

Den leiande amerikanske litteraturkritikaren, og etter kvart noregsvenen, James Wood er oppvaksen i ein konservativ, kristen heim. Wood, som i Noreg er mest kjent for å ha lovprist Karl Ove Knausgårds bøker i The New Yorker, er ikkje den einaste i det intellektuelle litteraturmiljøet med tilsvarande bakgrunn. Skribenten Kristin Dombek, som er lærar i essayistikk ved Princeton University og fast bidragsytar til N+1 magazine og London Review of Books, var ein brennande kristen fram til ho var 20 år.

– Halve livet mitt trudde eg at Jesus døydde for syndene mine, og at oppgåva mi på denne jorda var å vitne for ikkje-kristne. Eg prøvde kvar dag å la Jesus leve igjennom meg. Så mista eg trua, seier Kristin Dombek til Vårt Land.

LES OGSÅ: Amerikanarane hyllar Karl Ove Knausgårds ­romankunst

Samtale

Fredag kveld står ein samtale mellom James Wood og Kristin Dombek på programmet under Norsk-amerikansk litteraturfestival i Oslo. Tittelen på samtalen: «Recovering Christians».

– Kvifor mista du trua?

– Det skjedde nokså plutseleg, sjølv om eg hadde hatt logiske vanskar med at truande får komme til himmelen, mens dei som ikkje har høyrt om Jesus, ikkje får det.

I ein tekst som stod på trykk i tidsskriftet The Paris Review for to år sidan, «Letter from Williamsburg», skriv Dombek svært personleg om dei sterke gudsopplevingane ho hadde i ungdommen.

– Korleis ser du tilbake på desse opplevingane i dag?

– Svært undrande. Som eg også skreiv i det nemnte essayet, kan eg framleis ikkje forstå kvifor desse opplevingane var så reelle.

LES OGSÅ: Angsten ved Knausgårds tekst

Bibelkunnskap

Derimot slår Dombek eit slag for den bibelkunnskapen som konservative kristne tileignar seg, og den intellektuelle øvinga som ligg i å lese og fortolke bibeltekstar.

– Amerikanske intellektuelle ser gjerne ned på konservative menneske, mens desse faktisk utfører eit intellektuelt arbeid.

Kristin Dombek jobbar for tida med ei bok om narsissisme. Ho granskar spørsmålet om dagens unge generasjon er utsett for ein smittsam epidemi av sjølvopptattleik, eller om det er blitt ein litt for enkel og populær diagnose å sette på andre menneske.

– Karl Ove Knausgård deltek også på festivalen. Somme vil kanskje meine at han skriv ein sjølvopptatt litteratur?

– Eg trur ikkje at Knausgård er ein narsissist, smiler Dombek.

– I ei tid der vi lever stadig raskare, prøve han å senke tempoet og feste seg ved detaljane. På sosiale media kan vi dag skape eit polert bilete av oss sjølve. Knausgård gjer det motsette, og kanskje er det derfor så mange les han og tenker at «han er meg».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vil lære

Dombek meiner at amerikanske lesarar er blitt meir oppmerksame på norsk litteratur dei seinare åra. Ho synest det er fint at norske og amerikanske kritikarar, forfattarar og intellektuelle kan vere ein del av ein felles samtale om litteratur.

– Men sjølv kan eg ikkje så mykje om norske bøker. Eg er på festivalen for å lære, seier ho.

LES OGSÅ: Knausgård og andre forfattarar var med å forme vårt nye bibelspråk

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Bøker