Kommentar

Då Norges Bank deltok i ran

At Noregs Bank deltok i det desidert største ranet i norsk historie - plyndringa av jødane som del av Holocaust – er fortrengt i historieskrivinga til banken.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det viktigaste folk flest har fått med seg om Noregs Bank under krigen, er at nesten 49 tonn gull vart frakta frå bankkvelva den 9. april. Gullet kom i tryggleik i USA, medan Noregs Bank si eksilleiing blei med regjeringa til London.

Men Noregs Bank heldt fram også frå Oslo. Oslo-avdelinga måtte operera opp mot Quisling-regjeringa og dei tyske okkupantane. Då krigsinnsatsen til banken blei evaluert etter verdskrigen, var konklusjonen at banken fortente ros for eit «stort og gavnlig arbeid». Dette er framheva i historiegjennomgangen på Noregs Bank sine nettsider. Det var ikkje overraskande sidan ein kjent motstandsmann, Gunnar Jahn, då hadde overteke som sjef.

Men vår ferske sentralbanksjef må no syta for å få revidert krigshistoria. For eitt kan vi slå fast: Bankens innsats under verdskrigen var i alle fall ikkje til gagn for jødane.

Lensmann på oppdrag

Vang i Valdres hausten 1942: NS-lensmann Ole Opdal arresterte den 26. oktober jøden Hans Salomon. Medan Hans Salomon blei internert i Berg fangeleir utanfor Tønsberg, saman med andre arresterte jødiske menn, utførte ein lydig lensmann Opdal ordre nummer to.

Quisling-styret hadde 26. oktober også fått vedteke ei lov om at alt jødane eigde, skulle inndragast og tilfalla staten. På oppdrag frå det oppretta Likvidasjonstyret drog Opdal tilbake til garden til Salomon der Gunvor og to små barn framleis oppheldt seg.

At Noregs Bank i februar 1942 også sytte for fabrikanten som laga J-stempel for at alle norske jødar skulle få ein raud J i legimitasjonspapira, er tung symbolikk som ikkje bør fortrengjast frå historia. Eg føreset at Ida Wolden Bache vil ha sanninga på bordet

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Som bustyrar sperra Opdal kontoen Salomon hadde i Vang Sparebank (i dag Valdres Sparebank), og han konfiskerte alt Salomon eigde. Opdal skulle selja det som seljast kunne. Sjølv skulle han også ha honorar. Nettosummen skulle seinare setjast på ein konto i Noregs Bank saman med verdiane etter alle norske jødar. I sum var dette, som Morgenbladet konstaterte i ein større artikkel i sommar, det mest omfattande og brutale ranet i norsk historie.

Men i Valdres hadde lensmann Opdal eit problem: Hans Salomon hadde ein sjekk frå Noregs Bank på 454,76 kroner, leigeinntekter Salomon fekk frå Danmark. Mens lensmannen kunne ikkje løysa inn sjekken, fordi den stod i namnet til Salomon. Opdal bad difor Noregs Bank om å få tilsendt summen i kontantar. Det fekk han. Noregs Bank hadde fått lov av Finansdepartementet. Med hjelp frå Noregs Bank steig altså verdien i buet med 454,76 kroner.

Danskane nekta der Noregs Bank sa ja

Søstera til Hans Salomon, Elly, hadde også pengar i Danmark. Bustyraren bad to danske finansføretak om å få tilgang til verdiane. Men danskane nekta, fordi Likvidasjonsstyret (som Quisling oppretta for å utsletta jødane også økonomisk) ikkje hadde rett til å få tak i verdiane utan ein rettsleg dom.

Til Morgenbladet seier Ingeborg Solbrekken, som arbeider med ei bok om Salomon-familien, at det svaret skulle også Noregs Bank gjeve. I staden, seier ho, brukte Noregs Bank autoriteten sin til å hjelpa Likvidasjonsstyret til å få tak i jødiske verdiar i utlandet. Ikkje berre vart midlane som staten rana, plasserte i Noregs Bank. Banken hjelpte sjølv til i ranet.

Det er mange steinar som enno må snuast i historia av det norske Holocaust. Store statlege institusjonar må skriva om historia si

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Men dette finst det ikkje eit einaste spor av verken i granskinga som vart gjort av krigsinnsatsen til Noregs Bank eller i to seinare historieverk, det siste då Noregs Bank fylte 200 år i 2016. Til Morgenbladet vedgår Noregs Bank at Salomon-opplysningane er nye og at banken vil vurdera å endra historieteksten «dersom det fremkommer nye opplysninger».

At Noregs Bank i februar 1942 også sytte for fabrikanten som laga J-stempel for at alle norske jødar skulle få ein raud J i legimitasjonspapira, er tung symbolikk som ikkje bør fortrengjast frå historia. Eg føreset at Ida Wolden Bache vil ha sanninga på bordet.

Snu steinar

Men i plyndringa spelte andre institusjonar ei viktigare rolle, som Finansdepartementet og Justisdepartementet. For å ta sistnemnde:

I 1998 vedtok Stortinget eit oppgjer for å gje norske jødar det dei rettmessig skulle fått etter krigen. Til grunn låg Skarpnes-utvalet som hadde greidd ut saka. Berit Reisel som deltok i det splitta utvalet, kom i fjor med boka «Hvor ble det av alt sammen?» Om dei plyndra verdiane – og om prosessen med å finna ut av dette.

Det er oppsiktsvekkjande å lesa om forsøka som den dåverande ekspedisjonssjefen i Justisdepartementet, ifølgje Reisel, gjorde for å undergrava ei uavhengig gransking – både av den mangelfulle oversikta over rana verdiar, og av manglane i tilbakeføringa.

Justisdepartementet hadde etter krigen ansvaret for tilbakeføringa av konfiskerte verdiar. Tilbakeføringskontoret og departementet la til grunn den svært mangelfulle oversikta Quisling-styret hadde laga over plyndra jødiske verdiar. Før det offentlege utvalet blei oppnemnt, hevda ekspedisjonssjefen, ifølgje Reisel, at jødar var inhabile i ei gransking – medan byråkraten sjølv, ifølgje boka, ville ha styringa. Ville byråkraten verna departementet mot ei gransking?

Det er mange steinar som enno må snuast i historia av det norske Holocaust. Store statlege institusjonar må skriva om historia si.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar