Kommentar

Det som kjem etter Putin kan bli verre

Russland kan ikkje vinne krigen i Ukraina, og Putins tid går mot slutten. Vi bør førebu oss på at det som kjem etter kanskje blir verre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det meste er usikkert om Ukraina, Russland og verdssituasjonen, men dette kan vi vite: Putins tid går mot slutten.

I norske og vestlege forsvarskretsar har Putins exit lenge vore eit skrekkscenario. Ikkje fordi Putin er godt likt, men fordi det som kjem etter han kanskje vil vere verre.

På den eine eller andre måten vil den største krigsforbrytaren i Moskva snart vere borte.

Tre perspektiv

Det finst spesielt tre perspektiv som gir grunn til å tru det.

Det første er at han er ansvarleg for krigen i Ukraina. Det finst sannsynlegvis ingen måte Russland kan vinne på. Ikkje eingong bruk av taktiske kjernevåpen kan skaffe sigeren dei lengtar etter i Kreml. No ulmar det i kretsane som lenge har vore lojale mot putinismen og regimet. Ein palassrevolusjon kan skje før vi anar.

Det andre perspektivet handlar om at mange vil krevje at Putin vil bli stilt til ansvar for ugjerningane sine. Ikkje berre for dei i Ukraina, men òg dei grove krigsbrotsverka hans regime har stått for i Syria, Tsjetsjenia og dei tallause menneskerettsovergrepa, forsvinningane og drapa han har ansvar for mot eigen befolkning i Russland.

For alle som ønsker Putins død eller avgang, er det derfor verd å tenke gjennom at det som kjem etter ikkje heilt sikkert vil bli betre. Men vi kan jo håpe

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ikkje utan grunn at fleire har byrja å sjå for seg biletet av Putin i fangedrakt på ei celle i Haag.

For det tredje fylte Putin 70 år førre veke. Under koronapandemien og under krigsutbrotet i Ukraina svirra rykta om at han var ved skrantande helse.

Sjølv om det meste no tyder på at han er relativt frisk fysisk, er det grunn til å minne om at forventa levealder for russiske menn i 2019 var 68 år.

Løgnaren i Kreml

Uansett kva som skjer, er det grunn til å tenkje gjennom kva som kjem etter Putin i Kreml.

USAs president Joe Biden sa natt til onsdag i eit eksklusivt intervju med CNN at han reknar sin russiske motpart som «ein rasjonell aktør som har feilberekna fullstendig» i Ukraina.

Her ligg ei viktig sanning: Fram til krigen i Ukraina har vestlege leiarar rekna Putin som ein rasjonell, men korrupt og djupt autoritær aktør dei kan snakke med om det meste.

Dersom Vesten har lært noko av Sovjetunionens fall, er det at Russland ikkje vil klare å gå frå eit autoritært system den eine dagen, til eit fullverdig demokrati den neste

—  Emil André Erstad, kommentator

I den ferske dokumentarfilmen «Da Macron ringde Putin», har franske journalistar klart å fange denne dynamikken på eksepsjonelt tett vis. I fleire veker fekk dei følgje Macron og hans team i samtalane den franske presidenten hadde med Putin, og vi får lytte inn til kva dei to statsleiarane diskuterer over telefon.

Det er spesielt to ting som er tydelege med dokumentaren: Macron rekna Putin som ein han kunne overtyde, presse og snakke fakta med. Putin derimot, brukte samtalane til å lyge Macron rett oppi ansiktet. Mannen på topp i Kreml sa mellom anna fleire gonger i samtalane at han ikkje ville angripe Ukraina, så tett opptil som ettermiddagen før han faktisk gjorde det.

Putins nettverk

Då krigen var eit faktum, nekta Kreml å ta telefonen. Som ein av rådgjevarane til Macron sa for ope kamera: «Dei er frekke nok til å gå til krig, men feige nok til å ikkje stå for det».

Putin-regimet er meir enn Vladimir frå St. Petersburg. Som forfattaren Aage Borchgrevink dokumenterer i boka Krigsherren i Kreml, er Putin meir symbolet på toppen som styrer eit nettverk av gamle kameratar frå KGB og den usynlege økonomien i Sovjetunionen.

Det er vanskeleg å tenkje seg at dette nettverket forsvinn med Putin.

No prøver Putin desperat å fordele skuld for at krigen i Ukraina har gått inn i ei hengemyr Russland er dømt til å tape.

Putin er syndebukken

General etter general har fått sparken. Dei siste vekene har også forsvarsminister Sergej Sjojgu fått gjennomgå, og fleire Kreml-lojale separatistar i Aust-Ukraina har tatt til orde for at han bør skyte seg sjølv. For Putin kan forsvarsministeren passe som syndebukk.

Likevel er det uunngåeleg å leggje merke til at Putins tid går mot slutten. Heile vegen har Putin hatt fleire kontraktar med det russiske folket, som har sikra han støtte. Den delvise mobiliseringa av russiske menn, har derimot endra på denne kontrakten. Fleire – også i høgare sosiale lag i Russland enn tidlegare – forstår no at Putin spelar ei form for russisk rulett med liva deira.

Dersom eit kupp mot Putin blir ein realitet, vil vi måtte førebu oss på etterspelet. Det kan bli valdeleg, kaotisk og i verste fall føre til risiko at den russiske staten kollapsar. Den enorme russiske føderasjonen dekkjer mange tidssoner, folkegrupper og kulturar som ikkje sikkert vil sitte roleg og sjå på eit regimeskifte.

Diktatur til demokrati

Uansett er det ikkje spesielt sannsynleg at Putin umiddelbart vil bli erstatta av eit demokratisk system etter vestleg modell, sjølv om det finst mange modige russarar som ønsker eit slikt styre.

Til det er erfaringane frå Syria, Sovjetunionens fall og andre kupp rundt om i verda for dårlege. Dersom Vesten har lært noko av Sovjetunionens fall, er det at Russland ikkje vil klare å gå frå eit autoritært system den eine dagen, til eit fullverdig demokrati den neste.

Det mest sannsynlege er derfor at vestlege land vil sjå seg tent med eit regimeskifte som sikrar stabilitet og orden i Russland. Det kan bety slutten på krigen i Ukraina, men ein kan òg sjå for seg eit scenario der krigen blir trappa opp av ein arvtakar som vil skulde på Putins mange strategiske feilgrep.

For alle som ønsker Putins død eller avgang, er det derfor verd å tenkje gjennom at det som kjem etter ikkje heilt sikkert vil bli betre. Men vi kan jo håpe.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar