Kanskje hadde Erna Solberg flaks av ei anna verd.
Ho fekk i alle fall handtere koronakrisa i halvanna år før ho måtte gå av som statsminister – trass i høg popularitet. Med fleire pressekonferansar og formaningar til folket enn dei fleste av oss klarte å telje, var ho kriseleiaren framfor nokon.
Og kven er det vi spring til når krisa kjem på nytt? Det som var trygt sist gong utryggleiken melde seg.
Full sirene på Youngstorget
Det ser i alle fall slik ut viss vi skal tru den siste meiningsmålinga Vårt Land publiserte for november. Høgre får rekordhøge 33,6 prosent. Arbeidarpartiet får berre under halvparten, med 15,4 prosent.
Viss krisealarmen ikkje har gått på Youngstorget før så bør den ule for full sirene no.
[ Regjeringen krympet støtten til ideelles rusarbeid. SV lot kuttet stå. ]
Er dommen til veljarane rettferdig?
Ikkje berre hadde Erna Solberg flaks som fekk handtere den største krisa i nyare norsk historie først. Ho fekk handtere den med ein pengesekk som aldri tok slutt.
Det er forhold mange veljarar ser ut til å gi blaffen i – når dei samanliknar Støre og Solberg.
Solbergs forbanning
På innsida av politikken er det få ting som vert opplevd som så urettferdige, som meiningsmålingar. Dei som arbeider kvar dag for sitt politiske prosjekt, sitt parti og sine saker har alle kjend på kjensla av ei måling som knuser sjølvtilliten fullstendig.
For det er ofte liten samanheng mellom det ein les på grafane i ei meiningsmåling, og korleis politikarane sjølv kjenner at ein leverer.
Nettopp slik har nok også Erna Solberg det no. Kanskje seier ho det ikkje høgt eingong.
Sidan førre Vårt Land-måling har partiet tapt over 110.000 veljarar til Høgre. For Jonas Gahr Støre og hans folk burde det vore topprioritet no å finne ut kven desse er, og kvifor dei stikk.
— Emil André Erstad, kommentator
Tidlegare i haust var det fleire som trudde ho skulle overlevere stafettpinnen til ein kronprins eller kronprinsesse i Høgre. Tina Bru og Henrik Asheim vart flittig nemnt, saman med den tidlegare utanriksministeren Ine Marie Søreide.
No er det få som trur Solberg tør å gje seg. Snart to og eit halvt år unna neste stortingsval, risikerer ho eit stort fall i Høgres oppslutning ved å kaste inn handkleet no.
Dei gode målingane for Høgre blir som ei forbanning som gjer at Solberg må bli sittande, om ho vil eller ei. For utover Solbergs truverd som kriseleiar, er det lite å spore i Høgres politiske bodskap som ville vore annleis viss dei styrte.
Kjensler og fornuft
Ja, kanskje ville det vore mindre pengebruk på oppsplitting av fylkeskommunar og eit par andre Sp-gjennomslag i regjeringa. Likevel ville Høgre hatt det same problemet med straumkrise, krig, inflasjon og ein ustabil verdssituasjon.
Folk stemmer ikkje alltid med hovudet. Det betyr ikkje at veljarane er dumme eller at vi skal undervurdere så tydelege tendensar på meiningsmålingane som vi opplever no. Det kan likevel vere med på å forklare kvifor det eine styringspartiet i norsk politikk fell som ein stein, medan det andre skyt til vêrs som ein rakett. Kjensler og nostalgi tel.
[ Nå blir Human Etisk Forbunds tanke fri igjen ]
Då Jonas Gahr Støre vart Ap-leiar i juni 2014, opplevde Arbeidarpartiet målingar over 40 prosent. Det skjedde i ei tid der Støre og Arbeidarpartiet også sat relativt stille i båten. Dei lufta litt politikk her og der, men det var ikkje primært på grunn av eit anna politisk prosjekt veljarane flokka seg om han.
Sjelegransking i Ap
Sannsynlegvis hadde det meir å gjere med at minnet om Stoltenberg-regjeringa lokka mange med nostalgi. Støre hadde vore ein populær og stødig utanriksminister for Norge i mange år. I 2014 var landet inne i sitt første år med Høgre/Frp-regjering, som staka ut ein ganske annan kurs.
Veljarane har altså tidlegare kunne tenkje seg å stemme på Støre. Det at dei ikkje gjer det no, har kanskje først og fremst å gjere med at han ikkje er Erna Solberg.
Slik er den berømte dynamikken med gode og dårlege meiningsmålingar, uansett kor urettferdig ein kan oppleve det: Går det bra, blir ein genierklært. Går det dårleg, vil kanskje akkurat dei same grepa bli idioterklært.
— Emil André Erstad, kommentator
Arbeidarpartiets problem stikk sjølvsagt djupare enn at det berre handlar om Støre og Solberg.
Som politisk redaktør i Nidaros – Snorre Valen – har vore inne på tidlegare, snakkar partiet no for mykje om seg sjølv, framfor å forstå dei veljarane som sviktar dei. Den omfattande og indre sjelegranskinga i partiet – tidvis direkte i media – øydelegg meir enn den byggjer.
Dei 110.000 veljarane
Laksemilliardærane og deira allierte fakkeltog-gjengarar vil kanskje hevde at krisa til Arbeidarpartiet handlar om lakseskatten. Det er meir sannsynleg at forklaringa ligg i den djupe krisa norsk økonomi er i.
Sidan førre val har partiet tapt over 110.000 veljarar til Høgre. For Jonas Gahr Støre og hans folk burde det vore topprioritet no å finne ut kven desse er, og kvifor dei stikk.
Litt introvert veljargransking ville vore ein klok tidsbruk av partiet no, ettersom alle politiske initiativ, utspel og sprell Arbeidarpartiet vil prøve å komme med i media dei neste vekene vil sjå ut som rein desperasjon. Alt Støre og partiet hans tar i den næraste tida, vil forvandle gull til gråstein – veljarmessig.
[ Sjokktall for Ap: Får kun 15,4 prosent i ny måling ]
Slik er den berømte dynamikken med gode og dårlege meiningsmålingar, uansett kor urettferdig ein kan oppleve det: Går det bra, blir ein genierklært. Går det dårleg, vil kanskje akkurat dei same grepa bli idioterklært.
Det ville gitt låg odds å gjette at ein stor del av dei 110.000 veljarane som har forlate Arbeidarpartiet for Høgre, har å gjere med Erna Solbergs legendestatus som leiar i krise.