Kommentar

Eitt bilete kan lyge meir enn tusen ord

EU er klare for sluttforhandlingane om verdas første lovverk for kunstig intelligens. Men klarer politikarane å hindre at vi blir eit samfunn av datamanipulerte pornostjerner?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eitt bilete seier meir enn tusen ord, heitte det i gamle dagar. Med inntoget av datateknologi og kunstig intelligens er det blitt vanskelegare enn før å stole på det du kan sjå med dine eige auge. Utviklinga kan føre til alvorlege problem. Eitt bilete kan lyge meir enn tusen ord.

Enn så lenge lar vi oss fascinere. Kanskje har du som meg sett den nye Indiana Jones-filmen i sommar? I starten av filmen fekk vi servert forrykande action utført av ein ung Harrison Ford – der han ser prikk lik ut som i storfilmane frå 1980-talet.

Korleis er det mogleg? Jo, ved bruk av kunstig intelligens. Filmprodusenten Lucasfilm tok utgangspunkt i alt filmmaterialet dei allereie hadde av Ford, og klarte såleis å gjenskape 81-åringen som ung actionhelt.

Forfalsking utan kostnad

I filmindustrien er ikkje dette så oppsiktsvekkande – datateknologi har lenge stått for dei mest storslagne scenene. Verre er det at såkalla «deepfake»-teknologi no er i ferd med å bli tilgjengeleg for allmennmarknaden, der ein relativt kostnadslaust kan framstille kven det måtte vere i alle slags tenkelege situasjonar. Dermed kan så å seie ein kvar person med ein laptop eller smarttelefon bli sin eigen film- eller fotoprodusent.

Ordet «deepfake» har vore på folkemunne ei stund allereie. Mange fekk kanskje med seg biletet av pave Frans i ei stor, kvit boblejakke tidlegare i år. Biletet var overraskande godt – og morosamt, sjølvsagt. Men falskt likefullt. Det var generert av kunstig intelligens.

At vi ikkje lenger kan stole på stemma vi høyrer i telefonen eller personen vi ser på biletet, er eitt av mange demokratiske problem.

Fleire liknande døme på forfalskingar har gått viralt dei seinaste åra. Det finst endåtil ein eigen Tiktok-konto for «deepfakes» av Tom Cruise, som nettopp kjempar mot ein kunstig intelligens i den andre storfilmen som kom i sommar, Mission: Impossible. Dead reckoning.

Lenge har vi vore vande med at slike forfalskingar er nokså lette å avsløre. Deepfake-teknologien har ikkje vore saumlaus nok. Det er han i ferd med å bli no. I dag kan det vere vanskeleg å avsløre om eit bilete viser ein ekte person eller ikkje. Dette er på agendaen også i avisbransjen, for nettopp å hindre at publikum skal bli i tvil om eit trykt bilete er ekte eller ikkje.

Dobbelt problematisk

Den teknologiske utviklinga av «deepfakes» er eit problem på mange vis. På den eine sida er det enklare for folk som er blitt avbileta i kompromitterande situasjonar å avvise at biletet er ekte: – Eg har aldri møtt denne personen! Biletet må vere falskt!

På den andre sida er det vesentleg risiko for at ansiktet ditt blir utnytta av andre. Ikkje minst dersom du er kvinne. Ein studie frå 2019 viste at 90 prosent av alle «deepfake»-bileta som då var i omløp var bilete av kvinner. Og 96 prosent av bileta var pornografiske.

Kjendiskvinner har i fleire år måtta leve med risikoen for at falske bilete av dei sjølve dukkar opp på pornonettstader verda over. I dag er risikoen endå meir allmenn. Når teknologien er så utbreitt og enkel å ta i bruk som no, kan kven som helst hamne i klisteret. Plutseleg er den lokale presten eller skulelæraren på nettet utan klede. Plutseleg er du der sjølv.

Må vere langt framme i skoa

Denne hausten er det klart for sluttforhandlingar i EU om verdas første lovverk for kunstig intelligens. Det er sjølvsagt positivt, men det er framleis ei god stund til lova blir vedtatt og implementert – det kan fort ta eit par år. For Noreg sin del, må lova i tillegg implementerast i EØS-regelverket før ho blir bindande her til lands. Det er derfor viktig at politikarane sjølve er langt framme i skoa for å sikre etisk forsvarleg bruk av kunstig intelligens, som samtidig ikkje svekker innovasjon og internasjonal konkurranseevne.

Dette krev omfattande politisk arbeid, for feltet er ikkje lett å ha oversikt over. Samtidig burde partia kunne einast om somme grunnleggande prinsipp.

Steg i rett retning

Det etiske retningslinjene for den raskt veksande kunstig intelligens-teknologien kan ikkje seiast å ha vore gode nok, særleg internasjonalt. Politikarane verda over har vore for seint på ballen, og det er for mange ulike storpolitiske interesser i sving til at verdssamfunnet klarer å bli einige.

EUs arbeid med Artificial Intelligence Act (AIA) er eit steg i rett retning. Det same er medvitet blant norske politikarar. Partiet Høgre sette nyleg ned eit ekspertutval for kunstig intelligens, der mellom andre forskaren Inga Strümke er med – forfattaren av boka Maskiner som tenker. SV har i Stortinget bede om at Noreg må setje på naudbremsa før eit regelverk for kunstig intelligens er på plass.

Eitt problem er at nye risikoområde dukkar opp fortare enn politikarane klarer å handtere dei. Dette ser vi også i arbeidet med AIA, som i praksis ser ut som ei produktregulering og ikkje eit omfattande etisk regelverk for utvikling og bruk av kunstig intelligens. Eit anna problem er at visse typar risiko blir undervurdert til fordel for endå meir høgrisikable konsekvensar.

Det er vi som må redde verda, ikkje Tom Cruise og Indiana Jones.

Ansiktsgjenkjenning til bruk i sosial kontroll blir heilt sikkert forbode, og det er bra. Men dei same politikarane meiner per no at «deepfakes» utgjer ein avgrensa risiko.

Med urette, kan ein seie. Bør ikkje politikarane ta grep for å hindre at vi blir eit samfunn av datamanipulerte pornostjerner?

Må lage kloke retningslinjer

Kunstig intelligens vil forandre verda slik vi kjenner henne. At vi ikkje lenger kan stole på stemma vi høyrer i telefonen eller personen vi ser på biletet, er eitt av mange demokratiske problem. Det er først og fremst opp til dei folkevalde å lage kloke retningslinjer for kunstig intelligens-feltet, i samråd med fornuftige stemmer og fora som er opptekne av etikk. Samtidig må vi alle oppdatere våre eigne etiske retningslinjer, så vi kan ta kloke vale og gå frimodige inn i den nye framtida.

Det er vi som må redde verda, ikkje Tom Cruise og Indiana Jones.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar