Erna Solbergs intervjumaraton førre veke imponerte mange. Ho vart skildra som sterk og verdig, sjølv i ein så vanskeleg situasjon. Eg var til stades under eit av intervjua og vart slått av Solbergs ro.
Dei heiderlege omtalane kom trass i at vi strengt tatt berre sit igjen med at Erna Solberg og Høgre seier vi ikkje kan stole på Sindre Finnes. Likevel ville dei ha oss til å tru at det ikkje er nokon grunn til bekymring for at Finnes kanskje skal bu i statsministerbustaden igjen frå 2025. Karakterdrapet på Sindre Finnes gjort av Høgre er ei sak for seg sjølv, og sannsynlegvis noko som vil verte diskutert i etisk lys ei stund framover.
[ Berit Aalborg: «Tidslinjen gir ikke inntrykk av at Solberg har tatt saken på alvor» ]
Problema oppstår dersom vi skal tru på karakterdrapet og den enorme mistilliten Solberg og Høgre gir uttrykk for overfor denne mannen.
Bodskapa er gjensidig utelukkande, motstridande og heng ikkje på greip.
Løpande, offentleg oversikt over ektemannens konto
Eit av fleire botnpunkt i Solberg-saka var då den tidlegare statsministeren sjølv føreslo ei ordning som i praksis betyr at Sindre Finnes skal få barnevakt betalt av Høgre. I det mykje omtala intervjuet med Dagbladet seier ikkje Solberg berre at folk ikkje kan stole på ektefellen hennar, men at heller ikkje ho kan stole på han.
Det viser ho til dømes når ho seier «vi må ha en måte å sikre at det ikke er bevegelse på hans VPS-konto». Deretter forklara Solberg at det av personvernmessige grunnar ikkje kan vere tilsette på Statsministerens kontor som gjer den jobben, men at «vi må sørge for at andre tar den jobben og at vi kan offentliggjøre det de gjør». Høgre skal altså betale for noko som liknar mistenkjeleg mykje på ei barnevakt for ein vaksen mann.
Det er derfor mogleg at Solberg-saka fører til at Høgre-folk får eit anna syn på den mektige leiaren sin enn dei har hatt til no. Frå å vere partiets overlegent beste kort, kan hennar statsministerkandidatur bli ein hemsko
Berre for å klargjere: Noregs tidlegare statsminister har tydelegvis så lyst til å verte statsminister igjen at ho føreslår ei løpande, offentleg oversikt over kontoen til ektefellen sin.
Solbergs verdige framferd i intervjua førre veke står ikkje i stil til hennar uverdige forslag.
Høgre har ikkje gitt korrekt informasjon endå
I eit anna intervju med Dagbladet fortalde Solberg at ho «ikkje trur» Sindre Finnes vil halde fram med aksjehandling bak ryggen hennar – dersom dei to flyttar inn i statsministerbustaden på nytt.
Med andre ord må vi stole på at Sindre Finnes – som verken Solberg sjølv, Høgre eller folk flest stolar på – skal verte passa på av Høgre sitt partiapparat. I sum ber Solberg dermed om at veljarane skal stole på at Høgre sjølv vil gjere alt dei kan for å overvake og avdekkje forhold som potensielt vil vere skadelege for nettopp Høgre. Korleis var det ordtaket om bukken og havresekken?
Det vil i så fall vere dei same folka i Høgre som hittil ikkje har gitt korrekt informasjon om Sindre Finnes sine aksjekjøp.
Solberg-saka er i ferd med å ta nesten parodiske former, og har så mange usvara spørsmål at det er vanskeleg å sjå korleis saka ikkje skal ramme Høgre som parti dersom den held fram med å dra ut.
Solbergs barnevakt-forslag er så urealistisk og lite truverdig at det er vanskeleg å sjå for seg at det skal skje i verkelegheita. Derfor er det meir sannsynleg å sjå for seg at Solberg trekk seg som Høgre-leiar og statsministerkandidat når ho har fått summa seg litt.
Veljarane er ikkje imponert over Solberg
Folk flest er mindre imponert over krisehandteringa til Solberg enn mange politiske kommentatorar, skal vi tru ei fersk meiningsmåling utført av InFact på oppdrag frå radiokanalen P4. Der svara nesten halvparten av dei spurde at dei meiner Solberg ikkje kan verte statsminister att.
Forslaga om korleis Solberg skal løyse å ha Sindre Finnes som ektemann i statsministerbustaden er kreative, men gir også inntrykk av eit desperat forsøk på å tvihalde på makt
Samanlikna med tala til støtte for Solbergs statsministerkandidatur tidlegare, har det skjedd ei negativ endring i folks syn på henne som politikar. Foreløpig har det ikkje ramma Høgre som parti fullt ut på meiningsmålingane.
Det er derfor mogleg at Solberg-saka fører til at Høgre-folk får eit anna syn på den mektige leiaren sin enn dei har hatt til no. Frå å vere partiets overlegent beste kort, kan hennar statsministerkandidatur verte ein hemsko.
Solberg må nok gå
Endå har ikkje Økokrim gjort ferdig si vurdering om det er grunnlag for ei etterforsking, og Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har ikkje starta si handsaming. Det ligg dermed til rette for at saka vil rulle og gå i månadane framover. Det er derfor meir sannsynleg at tilliten til Solberg vert svekkja i månadane som går, enn at den vert styrkja.
[ Emil André Erstad: Dette føregår i kulissene hos Høgre no ]
Mykje tyder på at Erna Solberg sjølv forstår kor landet ligg, og at sjansane til å verte statsminister i 2025 ikkje er dei beste. No handlar det om å vente og sjå korleis pressa «tømmer bøtta» med saker om Sindre Finnes. Kretsen rundt Solberg har òg eit realistisk forhold til hennar sjansar, men tenkjer også at det kanskje finst det ein veg der hennar politiske karriere kan halde fram. Det meste talar likevel for at ho må gje slepp på leiarvervet i løpet av dei neste månadane.
Forslaga om korleis Solberg skal løyse å ha Sindre Finnes som ektemann i statsministerbustaden er kreative, men gir også inntrykk av eit desperat forsøk på å tvihalde på makt.