Dei menneskelege lidingane på Gazastripa er forbi fatteevne. Babyar som dør i kuvøsane på grunn av mangel på straum og små born som forsvinn frå livet fordi bombene tar dei. Bileta av lik som ligg strødd langs motorvegen sørover på Gazastripa.
Det er ikkje til å bere.
Empati og humanisme er alltid rett
Mange av oss har for lengst skrudd av kjenslemottaket for å skåne oss sjølv. Det gjer ikkje lidingane mindre reelle for dei som er i krigens vold.
Det er derfor ikkje rart at folk som sjeldan eller aldri uttalar seg om politikk eller verda, plutseleg dei siste dagane har delt oppmodingar på Facebook, Instagram og Snapchat om å stanse krigen. Våpenkvile no!
Det er eit sunt, menneskeleg instinkt. Det er empati og humanisme. Det er utelukkande positivt engasjement for menneske i krise.
Den brutale israelske responsen på terroråtaket har gjort akkurat det utanriksminister Espen Barth Eide sa han frykta: at Israel skulle «brenne opp» internasjonal sympati. Hamas har dermed oppnådd meir enn dei kunne drøyme om.
Det betyr sjølvsagt ikkje at sympatien med sivile palestinarar er gal eller feil.
Ingen bør ha dårlig samvit for å be om å be om våpenkvile no eller poste bilete av palestinske flagg. Det kan godt hende folk forstår kompleksiteten i konflikten, Hamas si rolle og likevel konkluderer med at humanismen må gjelde også no.
Fordi empati og humanisme alltid er rett.
Hamas ville vinne merksemd og legitimitet
Samstundes er det viktig å vere klar over kva det er vi ser utfalde seg framfor augo våre, og kva desse dynamikkane fører til for vanlege israelarar og palestinarar på lengre sikt.
Sjølv om mange med rette har hatt behov for å slå fast at Hamas er ein terrororganisasjon etter åtaket 7. oktober, vert Hamas i eit militær-teoretisk perspektiv rekna som ei opprørsgruppe.
Blind terror er eit av dei vanlegaste verktøya til opprørsgrupper. Mange kjenner boka Maos lille røde, skrive av Mao Zedong som etablerte Folkerepublikken Kina. Mindre kjend er det at han òg skreiv boka Om geriljakrig i 1937. Den handlar mellom anna om terror som militær strategi.
Hamas-terroren har vore meir effektiv enn organisasjonens leiar Ismail Haniyeh hadde håpa på - der han sit trygt i sin luksusbustad i Doha, langt unna bombene
I lys av Maos skriveri, forstår vi at terroren ikkje treng å vere driven berre av vondskap og hat. Metoden blir også brukt fordi den er del av ein strategi som faktisk fungerer.
I Vårt Lands podkastserie om krigen i Midtausten sa oberstløytnant Sigbjørn Halsne ved Krigsskolen at terroren dermed har to formål:
Det eine er å trekke merksemd til saka, og det andre er å vinne legitimitet.
Iskald kynisme
Taktikken er brukt av opprørsgrupper over heile verda i mange år. I Europa kan vi kjenne att metodane frå grupper som irske IRA og baskiske ETA.
Ved å gjennomføre eit så bestialsk terroråtak som Hamas gjorde 7. oktober, håpa dei at den israelske regjeringa skulle reagere akkurat slik Netanyahus krigskabinett gjorde. I militærstrategi blir det kalla over-eskalering. Det er det same vi andre omtalar som overdriven maktbruk.
Det stemmer med dokumentasjonen frå New York Times førre veke, som viste korleis Hamas planla åtaket fordi gruppa frykta at den palestinske saka var i ferd med «å glippe». Gruppa ønskte krig, over-eskalering og store sivile tap.
Fordi det ville skape sympati og tvinge bort all likegyldigheit.
Terrorens logikk er iskald kynisme.
Hamas tapar krigen, men vinn likevel
Den brutale bakkeinvasjonen av Gazastripa er ein maktbruk dei fleste israelarar framleis støttar. Altfor mange av dei har i vekevis gått gravferder etter terroren eller måtte identifisere lika av familiemedlemer som ikkje er til å kjenne att.
NRKs Midtøsten-korrespondent Yama Wolsmal sa nyleg at den dagen Benjamin Netanyahu heldt den første talen etter åtaket 7. oktober, gjekk tankane hans gjekk tilbake til terroren 11. september 2001. Den gongen fekk han - som ung nordmann med afghansk opphav - ei bølge av frykt over seg, og vart livredd for konsekvensane av kva USA kom til å finne på.
I 2001 var tanken: «Kven kjem USA til å gå laus på no?»
Slik er terrorens logikk: Verkelegheita blir meir svart og kvit
Då Netanyahu talte og sa «vi er i krig, og vi vil vinne» den 7. oktober, knytte det seg derfor i magen til Wolasmal. «Den hemnen kjem ikkje til å gje meir fred, snarare tvert imot», tenkte han.
Nettopp fordi krigen var del av Hamas sin plan og strategi.
Verkelegheita blir meir svart og kvit
Militærteoretisk er det enkelt: Opprørarane tapar gjerne den militære konfrontasjonen reint militært der og då, men vinn sympati både frå eigne rekker og internasjonalt.
Før 7. oktober var det dei mest ihuga og vakne politiske aktivistane som posta Palestina-flagg på Facebook eller Instagram. No er det noko Ola, Kari og Kven Som Helst Nordmann gjer for å kunne gjere noko. Alle vil vise støtte med folket som lir.
I Israel er opplevinga at deira liding er gløymt, og at resten av verda berre ser ein brutal undertrykkar.
På den måten har Hamas-terroren vore meir effektiv enn organisasjonens leiar Ismail Haniyeh hadde håpa på - der han sit trygt i sin luksusbustad i Doha, langt unna bombene.
Mange vil meine det er ein god ting: Palestinarane si sak er jo legitim og den har mangla merksemd.
Konsekvensen er at Hamas kompromisslause forståing av konflikten vinn fram, på bekostning av meir moderate og løysingsorienterte palestinske røyster.
Slik vinn terrorens logikk fram: Verkelegheita blir meir svart og kvit.