Eg er glad i fine skrivebøker. I ei bokhylle heime står dei på rekke og rad. Dei er alle innkjøpt med andakt, og dei første par sidene i kvar bok ber preg av det. Så kjem vi til sidene eg har forsøkt å rive ut så sporlaust som mogleg, antageleg fordi eg har skrive noko feil eller klussa det til. Lenger utover i boka er det stadig meir spreidde notater, krusedullar nedteikna under keisamme møte, og, heilt bakerst: Ein seksjon med tomme sider, minst ei heil notatbok til saman, urørte fordi eg fekk ei ny notatbok med blanke ark.
Eg får det liksom ikkje heilt til med notatbøkene, og di meir eg tenkjer på det, di meir lurer eg på om problemet er fallhøgda boka representerer. Hundre fint innbundne sider, som alle bør fyllast med noko vakkert eller nyttig, eller helst båe.
Det nye året er blitt ei dryg veke gammalt. Sjølv om det er tidleg, er det alt ein del av oss som har fortrengt at vi, då sist sundag vart til mandag, offisielt gjekk inn i høgsesongen for viljestyrke og sjølvnekting.
Det er ikkje reint få som på nyttårsaftan gjer Jakob Sande sine ord til sine og lovar at i morgon vil eg byrje på eit nytt og betre liv, – trur eg.
Det nye året ligg som blanke urørte sider og fristar med luftspeilinga av ein betre versjon av deg sjølv.
Den nye kroppen
For mange av oss handlar nyttårsforsetta om kropp. Dette året er året eg skal få sjølve sommarkroppen, eller gå ned ti kilo, eller, om ein kjenner seg riktig oppesen der ein sit og planlegg i romjula: Springe ein halvmaraton.
Det er ei krevjande øving å gå direkte frå ein månad med julefrokost, -lunsj, -avslutning, -bord og -feiring til eit nytt år med berre sunn mat og ei radikal auke i fysisk aktivitet. Men så legg også verda rundt oss til rette for at vi skal tenke slik.
Avisforsidene som fram til julehøgtida gjerne frista med oppskrifter på julemat, test av den feitaste ribba og det beste pinnekjøtet, slår om til striskjorte og havrelefse så fort kalenderen viser at det nye året er i gang.
Treningssentera frister med FRI INNMELDING og FRI TRENING TIL 1. FEBRUAR om du berre bind deg for heile året nett no. Vi stimlar til, til skiftesvis underhaldning og frustrasjon for dei som var her allereie før jul. Førre veke la generalsekretær i Strømmestiftelsen ut bilete i sosiale medier av mengden sko ved inngangspartiet til hans lokale treningssenter. Han var ikkje åleine.
Avisforsidene slår om til striskjorte og havrelefse så fort kalenderen viser at det nye året er i gang.
Så lenge det varer
Det var mogleg å spore at han, som mange andre, har sett trenden over år:
Fleirtalet av oss har framleis ei god stund att av bindingstida når den brennande nyårsiveren kolnar av og kolliderer med det vanlege livet, der turar til Sats tre gonger i veka slett ikkje alltid passar saumlaust inn. Når dei hundre oppgåvene som høyrer kvardagen til tek litt ekstra på, litt over midten av den mørkaste månaden i året, når dei varme julelysa er tekne ned og det berre er is og grus og sørpe som ligg att, er det så inderleg lett å setje seg i sofaen for å puste på litt, i staden for å reise på trening.
Vi observerer med eit rykk av skam i magen at medlemsavgifta for februar sklir ut av konto, det same med mars, og legg eit notat i kalenderen om at vi må hugse å seie opp medlemskapet så snart det er høve til det. Så let vi det heile passere i stille. Men vi føler oss litt verre enn vi gjorde før, og neste år blir nyttårsforsetta endå litt meir innbitne.
Kanskje er det nye året, og dei forsetta som høyrer til, litt som notatbøkene mine. Dei 365 blanke arka, og ønsket om å fylla kvart einaste, heilt frå starten, med noko betre enn vi fekk til i fjor, for å bli betre menneske enn vi var i fjor, gjev så stor fallhøgd at det kan vere like enkelt å la boka få støve ned på hylla. Ambisjonen vert fienden til gjennomføringa.
Vi føler oss litt verre enn vi gjorde før, og neste år blir nyttårsforsetta endå litt meir innbitne
Eit anna forslag
Eg lurer på om 2024 kanskje kan bli året der vi gjev oss sjølv litt lågare fallhøgd. Kanskje kan vi i år late vere å legge så mykje press på den akk, så flyktige viljestyrken vår.
Det er sjølvsagt heilt greitt å ha ein ambisjon om å få seg sommarkropp, sjølv om einkvar kropp i juni, juli og august per definisjon er ein sommarkropp. Det er greitt å ville begynne å trene, gå ned i vekt, eller springe ein halvmaraton. Men det er også greitt å ikkje vere strengare med deg sjølv enn du ville vore med nokon som står deg nær.
Det går an å komme i betre form og bli meir nøgd med kroppen sin, eller oppnå kva nyttårsforsett det skulle vere, eigentleg, utan å hoppe inn med begge føtene og springe i full fart heilt til strikken ryk, og du blir sittande og vente på eit heilt nytt år med 365 blanke sider. Kva med å begynne 21. januar, med ein spasertur, og ta det derfrå?
Eg for min del kjøpte meg eit digitalt skrivebrett, der kluss og feilskriving kan fjernast med eit tastetrykk. Eg skriv meir enn nokosinne.