Det ordet som best skildrar tidlegare, og påtroppande, president Donald Trump, er «skamlaus». Det skriv Anna Libak i danske Weekendavisen.
Libak si tese er at 2024 vart året der Vesten valde å slutte å skamme seg overalt mogleg, og at Trump sin siger i presidentvalet er ein naturleg konsekvens av det. Det gjev ubehageleg mykje meining.
«Det kan vere tidspunkt i historia til eit land og ein sivilisasjon der skamløyse kan vise seg som ein kvalifikasjon», skriv Libak. Det tidspunktet er når skam er blitt ein ideologi, slik ho meiner det har blitt i USA og store deler av Europa dei siste åra.
Libak går langt i å leggje dette ved Joe Biden sine føter – og sjølv om det er upresist, er det nok ikkje langt frå slik mange amerikanske veljarar har opplevd det.
Ein kan få inntrykk av at sentrale politikarar ikkje har anna å gjere enn å skamme seg på vegner av landet sitt
Å skamme seg over fortida
Dei siste åra har ein kunne få inntrykk av at sentrale politikarar ikkje har mykje anna å gjere enn å skamme seg på vegner av landet sitt.
I USA blussar det stadig opp diskusjonar om korleis ein kan snakke om fortida på ein måte som ivaretar minoritetane som vart utsette for urett, med tilhøyrande krav om orsakingar for fortida. Det kan handle om slaveriet, og strukturell ulikskap mellom svarte og kvite amerikanarar i dag, eller det kan handle om korleis ein har handsama urbefolkninga i Amerika.
Vi har sett det same i Noreg. Leiande politikarar ber om orsaking for handsaming av urbefolkning og minoritetar, på vegner av byråkratar og politikarar som i mange tilfelle ikkje lenger er i live. Biskopane i Den norske kyrkja ber om orsaking for måten kyrkja handsama LHBT-personar i ei tid der ingen av dei sjølv var kyrkjeleiarar.
Desse orsakingane betyr noko for enkeltmenneske i dei utsette gruppene, men for ein del menneske verker det fåfengt å bere på skam på vegner av fortida.
Woke-bølgja som snudde
Ein av dei klaraste tendensane i amerikansk politisk liv – og eitt av dei som truleg gjorde målbart utslag i valet i haust – er den såkalla anti-woke-rørsla.
Omgrepet woke, og motsett anti-woke, har ikkje ei svært presis tyding, sjølv om alle som bruker det har eit klart inntrykk av kva dei meiner når dei seier det. Opphaveleg var det å vere woke å vere merksam på systemiske ulikskapar og urettferd, og krevje rettferd. I praksis har det blitt eit samleomgrep for å vere politisk korrekt og gjerne stå i spissen for å stemple menneske og fråsegner som politisk ukorrekte.
Mange vil hevde at det woke-rørsla først og fremst gjer, er å søke å påføre menneske skam, anten for meiningar og handlingar som var heilt ukontroversielle fram til for kort tid sidan, eller for noko forfedrane gjorde.
Kanskje ikkje så rart, då, at motbølgja slo hardt tilbake: I dag er oppslagsordet «woke» i toneangjevande Oxford English Dictionary utstyrt med ein merknad om at omgrepet vert rekna som nedsetjande.
Skam er ei ubehageleg kjensle. Problemet er at den ofte er reaksjon på eit reelt feilgrep
Skamløyse på frammarsj
Dei seinare åra har ein spesifikk politikartype fått stadig større medvind over store deler av Vesten: Dei har slett ikkje gjort noko gale, og har i alle fall ikkje noko å skamme seg over. Dei nekter å kjenne på skamma som oppstår i dei når andre peiker på at dei har skjelett i skapet, eventuelt at dei sjølv nyter godt av at foreldre eller besteforeldre hadde det.
Skam er ei ubehageleg kjensle. Problemet er at den ofte er reaksjon på eit reelt feilgrep. Å avvise skamkjensla utan gå inn i den moralske anklagen som ligg til grunn, er ei usunn og umoden tilnærming til verda rundt seg.
Her heime kan vi sjå utslaget, mellom anna, gjennom politikarar som slett ikkje vil skamme seg over at Noreg har bygd si velstand på forureinande olje- og gassutvinning, og som skuldar miljøvernarar for å påføre folket både flyskam og kjøtskam.
Anna Libak meiner at det ikkje er rart at det var akkurat i 2024 at folk fekk nok av skuld og skam: «Det er eit overskotsfenomen å sone andre si synd. Det er berre dei sterke og rike som kan skamme seg over fortida med autoritet», skriv ho.
Vesten er korkje sterk eller rik lenger, seier Libak. No ligg initiativ og rikdom – i alle fall potensiell rikdom – andre stader i verda.
Om skamma blir trykkjande og destruktiv, eller om eg kan bruke den til å lære for framtida, er mitt val.
Er skam aldri bra?
Skam er eit konsept som utfordrar oss som menneske og som samfunn, litt fordi det er så delt: Vi opplever skam som grunnleggjande negativt – men å vere skamlaus er heller ikkje udelt positivt. Det har i alle fall ikkje vore det før no.
Det er mogleg å tolke utviklinga i verda, og i Vesten særskilt, slik Libak gjer: Den sosiale utviklinga dei siste åra har gitt mange ei overdose av skamkjensle – eller i alle fall opplevinga av at ein skulle skamme seg – og no svingar pendelen andre vegen.
Eg er likevel usamd i den implisitte føringa som ligg til grunn for Libak sin tekst, nemleg at skam over fortida, og at (tidvis litt klossete) forsøk på å gjere opp for fortida er uniformt latterlege.
Vi har faktisk godt av å kjenne skam innimellom, både for ting vi gjer og ting folk som liknar oss har gjort. Eg må kunne sitje med vissa om at, til dømes, nordmenn før meg har gjort urett mot samane, systematisk og i stor skala, og kjenne på ei viss skam. Om den skamma blir trykkjande og destruktiv, eller om eg kan bruke skamkjensla til å lære for framtida, er mitt val.
Skam er også, i visse dosar, nyttig for sosial samhandling. Det gjer at vi ikkje tek for stort kakestykke, slik at andre også får. Det gjer at vi ikkje snik i køen. Det gjer også at vi ikkje, til dømes, seier ting som at vi ønskjer å kjøpe Grønland fordi vår gode allierte ikkje tek godt nok vare på det.
Likevel er det ikkje til å komme unna at Donald Trump si smittande skamløyse kan forklare mykje av den nesten skadefro gleda mange Trump-tilhengjarar har vist fram den siste tida. Å leggje skamma heilt bak seg er kanskje ikkje så sunt, men det kan kjennast frykteleg frigjerande.