Dei første podkastane begynte å dukke opp allereie frå starten av 2000-talet, men no er dei overalt. Det er temmeleg sjølvsagt å hevde at podkastar er populære, så populære at det knapt finst ein institusjon, bedrift, avis, forlag, kommunalt foretak, statleg verksemd eller sjølvstendig næringsdrivande kranglefant som ikkje har sin eigen podkast.
Det er faktisk så mange som lager podkastar, at det knapt er lyttarar til alle.
Det gjer at suksessane blir lagt ekstra merke til.
Enten bryr ingen seg, eller så bryr alle seg
Ukjende namn på toppen
Det burde ikkje overraske nokon at utvalde podkastar til store, kjente merkenamn som NRK, Aftenposten og VG har mange lyttarar og stor suksess.
Men det er uventa at det dukkar opp namn som til no heilt ukjende.
Dei to fremste eksempla på akkurat det, er Ole Asbjørn Ness med podkasten Ness og Wolfang Wee med podkasten Wolfang Wee Uncut (å finne gode namn til podkasten sin er framleis eit utappa potensial). Dei har eksplodert på podkasthimmelen. Wee er ein av landets mest populære, mens Ness seier han har 140.000 lyttarar på dei mest populære episodane sine.
Kvifor har to så ukjende blitt så populære?
Korleis bryte lydmuren
Noko av grunnen er at podkastar fort hamnar i den eine av to kategoriar: Enten bryr ingen seg, eller så bryr alle seg.
Det er mange som har fått pengar til å rigge opp eit ok lydstudio og som greier å spele inn ein samtale for å så kalle det ein podkast. Det er til og med mange som bruker ein god slump pengar på det. Og likevel er det veldig få som høyrer på podkasten deira.
Og så er det dei som greier å bryte lydmuren ved å bli både populære og viktige utan at nokon heilt skjønner korleis det skjedde.
Det fleste podkastar hamnar i den første kategorien. Skal podkasten din hamne i den andre kategorien og bli populær, verker trikset å vere: Få inn viktige gjester.
Dei viktige gjestane
Men skal dei viktige gjestane komme på besøk til podkaststudioet, må dei ha ein god grunn. Her er to grunnar: Enten er det så mange som lyttar at det er bra reklame å vere der. Eller så har podkasten ein viktig profil inn mot det publikummet som er viktig for deg.
Kroneksempelet på kor viktig alt dette er, var da to podkastar greidde å vende om på heile den amerikanske valkampen i haust.
Trumps comeback
Natt til 7. august heldt Tim Walz sin første tale som visepresidentkandidat for Kamala Harris. Det var det siste store høgdepunktet for demokratane, etter at Biden hadde trekt seg og Harris tok over som presidentkandidat. Lenge hadde Trump leia, men no låg det an til at Harris var på veg opp.
Talen til Walz vart til eit lite fenomen, og den fylte mange med eit håp om at Harris faktisk ville vinne valet og at Trump ikkje kom tilbake. I mediene var Trump nesten ikkje synleg, og når han dukka opp, verka han nedslått.
Det var her, på dette tidspunktet, at podkasten viste sin enorme politiske kraft.
Ingen kritikk, takk!
For ved å stille opp i dei to heilt latterleg populære podkastane til Joe Rogan og Theo Von, tok Trump tilbake frontplassen i det offentlege søkelyset. Det var eit meisterstykke av teamet bak Trump å få dette til, og det fungerte særs godt.
For podkastane til Rogan og Theo Von er ikkje berre eksempler på podkastar som når ut til unge menn. Dei er også eksempel på intervju der det knapt blir stilt eit einaste kritisk spørsmål, og der det stort sett går fint å seie ting som ikkje stemmer.
Dette peiker på noko som særpregar mange av dei suksessrike podkastane: Vi ønskjer å lytte til den lange samtalen som stimulerer oss intellektuelt, men som eigentleg berre er ein prat mellom folk vi er heilt einige med.
Vi ønskjer å lytte til den lange samtalen som stimulerer oss intellektuelt, men som eigentleg berre er ein prat mellom folk vi er heilt einige med
Meir av ingenting
Derfor er det interessant å lese intervjua med nokre av dei norske podkast-kongane her i Vårt Land. Når Ole Asbjørn Ness seier rett ut at podkasten er «superviktig» i det offentlege ordskiftet, grunngir han det på følgande måte:
– På Debatten på NRK får politikarane kanskje fem minutt kvar. Så kjem dei i podkasten min og snakkar i to timar, der dei får gå igjennom resonnementa sine.
Mímir Kristjánsson har eit liknande poeng når han seier at den politiske debatten har gitt politikarane lite tid til å svare for seg:
– Når dei svarte, hadde dei ingenting å melde, men las opp noko dei hadde skrive på ein lapp. I ein podkast fell du igjennom dersom du ikkje har noko å melde. Å sitte ein time og prate utan å ha noko å seie, er ganske avslørande, meiner han.
Eg er ikkje heilt overtydd om at det er så enkelt. Ikkje alle politikarar blir betre av å snakke meir. Og ikkje alle avslører seg ved å få snakke – både tidlegare president Nixon og dagens president Trump er eksempel på at meir taletid ofte betyr meir tåkelegging.
Trangt på Dagsnytt Atten
I det store og heile er det openbert at podkastane vi liker, er dei podkastane som gir oss meir av det vi er samd med. Derfor blir desse podkastane også viktige. Ikkje fordi podkast-verten vil avsløre noko som helst eller avkle ein politikar eller andre mektige. Nei, dei blir viktige fordi dei stadfestar våre eigne politiske standpunkt og fordi dei mobiliserer politikaranes eigne veljargruppar.
Det verker både vi og politikarane å vere nøgd med. Og så får vi heller halde fram med å leite etter kvar vi tek dei viktige samtalane der vi er ueinige. Det begynner lizzom å bli litt trangt på Dagsnytt Atten.