Ukrainas framtid er Europas framtid, sa Erna Solberg tidlegare denne månaden. Jonas Gahr Støre sa i Kyiv denne veka at «dette er ikke tiden for å sette oss tilbake og se hvordan det går. Ukraina trenger støtte nå».
Det er berre eit lite utval av dei store orda begge har brukt om krigen i Ukraina dei tre siste åra. Står dei i stil til kva Norge bidrar med for å redde sivilisasjon, framtid og demokrati i Ukraina?
Sjå oss sjølv i augo
For all del, Norge gir store beløp til Ukraina både militært, humanitært og sivilt. Men samanlikna med kva Norge har tent på den urettferdige krigen, er det framleis å rekne som mikroskopisk. Som den danske avisa Politiken skreiv i januar: Samanlikna med kva Norge har tent på krigen, er støtta til Ukraina «beskeden». Sjefredaktør Christian Jensen spurde i ein leiarartikkel: «Kære Norge, hvordan kan I dog efterhånden se jer selv i øjnene?»
Både i forsvarskrinsar og internt i dei politiske partia er frustrasjonen stor ved at kriseforståinga framleis ikkje er nådd dei øvste politiske leiarane. Både Solberg og Støre seier dei rette tinga, blir det peika på, men når det kjem til handling og konkrete prioriteringar i Stortinget, er det vanskeleg å få auge på den same kjensla av at Europas framtid står på spel. Den manglande kriseforståinga er utbreidd i korridorane, der folk er vane med å kjempe for sine små tuer.
Derfor er det heilt rett når Lasse Lehre i PR-byrået Kruse Larsen peikar på at krisekommunikasjonen blant toppolitikarane sviktar. Hans poeng er at god kommunikasjon i ei krise vel så mykje handlar om å vise handlekraft som å ha eit presist språk. Dersom handlingane ikkje står i stil til språket som blir brukt, vil resultatet vere mislukka krisekommunikasjon.
Ein ting er den manglande kriseviljen overfor Ukraina. Ein annan er Støre som ikkje grip høva som byr seg til å slå på stortromma. Det skjedde til dømes i Oslo denne veka, der vi fekk høve til å studere to samanliknbare formar for krisekommunikasjon, side om side.
Rett heim frå Kyiv reiste dei nordiske og sosialdemokratiske statsministrane Mette Fredriksen og Jonas Gahr Støre til møte for nordiske sosialdemokratar på Holmenkollen Park Hotel. I nordisk samanheng er fokuset ofte på likskapane, men under SAMAK-konferansen i Holmenkollen var det meir påfallande kor ulikt dei to kommuniserte.
Ingen kjøp, kjøp, kjøp
Støre var på sedvanleg vis avventande om både den amerikanske tryggleiksgarantien, prosentmål for Forsvaret og Nato-styrkar i Ukraina. Kollegaen Fredriksen, derimot, var så tydeleg at fleire av deltakarane i rommet skvatt i stolane. Det var ekko av talen ho holdt nyleg, då ho annonserte at hennar melding til det danske forsvaret var: «Kjøp, kjøp, kjøp!»
Støre på si side, var på sitt karakteristiske vis meir uklar. Han gjentok bodskapen om at det avgjerande ikkje var kor mykje pengar Forsvaret fekk, men kva kapasitet dei sit att med. Støre har nok på klassisk vis rett, sakleg sett. Spørsmålet er om det er effektiv krisekommunikasjon i ei tid der krig trugar fleire land i Europa. Fredriksens bodskap er kanskje meir tabloid, men den er også meir effektiv.
Når skal den norske statsministeren tale til nasjonen om den internasjonale krisa, slik Fredriksen gjorde, og førebu det norske folk på at vi framover vil måtte ofre noko, dersom vi skal halde fram å leve i freden?
På sosialdemokratiske forbrødringsmøtet i Holmenkollen var det ingen teikn til at dei to ville kritisere kvarandre for open mikrofon, men det var lett å konstatere at dei har vald ein ulik kommunikasjonsstrategi i møte med dei utfordringane Europa står overfor.
Det er ikkje mogleg å vite endå om Fredriksens strategi er den beste i det lange løp, men den står i alle fall meir i stil til den dystopiske retorikken som i tre lange år har blitt brukt om Ukraina-krigen.
I rettferdas namn har Støre tatt initiativ til at Norge skal kjøpe store mengder militært materiell til Ukraina, frå ukrainsk forsvarsindustri. Heile 3,5 milliardar vart denne veka gitt til føremålet. I tillegg skal Norge bruke 600 millionar på utviklinga av ukrainsk droneteknologi.
Tale til nasjonen?
Dette er vel og bra, men framleis relativt små summar i den store samanhengen og ikkje i nærleiken av kva som trengst for å dekke opp for det eventuelle tapet av amerikansk støtte. Det vil krevje langt større løft.
Problemet til Jonas Gahr Støre og andre europeiske leiarar er at dei alle er prega av å handle som om dei framleis lever i den djupe freden.
Dei snakkar om krig, men lever framleis i fred.
Når skal den norske statsministeren tale til nasjonen om den internasjonale krisa, slik Fredriksen gjorde, og førebu det norske folk på at vi framover vil måtte ofre noko, dersom vi skal halde fram å leve i freden?