Kommentar

Falske fredsprofeter gjer knefall for diktaturet

UKRAINA: Frykten for at Norge kan hamne i krig er forståeleg. Men altfor mange kjøper Vladimir Putins falske fredsbodskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Nordmannen blir preppet klar for krig av media og myndighetene – snart smeller det, skriv Truls Olfsen-Mehus på sin Facebook-vegg.

Han ber om fred, men eigentleg er teksten eit ynkeleg knefall for Russland sin løgnaktige versjon av krigen i Ukraina.

Han listar opp punkt etter punkt som han meiner er «aktive provokasjoner» mot Russland. Blant desse er våpenstøtte, men han sveipa også innom idrettsboikott og at Norge har «tatt over» gassmarkedet frå Russland.

Her er det Russland som er offeret og vi som er aggressoren. Russlands invasjon av Ukraina er ikkje nemnt med eit ord. Dette er hand-i-hand med Kremls historieforteljing.

Kan kapre røyster frå KrF

Det finst grunnar til å ikkje omtale Truls Olufsen-Mehus sine innlegg. Han er ei marginal røyst i det offentlege ordskifte, ei marginal røyst blant norske kristne.

Men det er eit kjent verktøy blant autoritære krefter å mobilisere marginale røyster for å svekkje vår demokratiske motstandskraft.

Som Vårt Land har meldt kan Konservativt kapre nok røyster til at KrF ikkje når sperregrensa. Når han sprer sin falske fredsbodskap til sine 17.000 følgjarar på Facebook, kan ikkje redaktørstyrte medier late som om han ikkje eksisterer.

Skape kaos med løgner

Det er nå over tre år sidan Russland gjekk til åtak på Ukriana. Men i fleire tiår har Vladimir Putin drive ein ideologisk kamp mot Vesten. Det er ein kamp han kjempar med nye våpen.

Sovjetunionen og Kina måtte overtyde støttespelarar at deira regime var overlegent demokratisk styrte motstandarar.

Fortidas diktatorar måtte gjere løgn til sanning. Putin treng ikkje det, det er nok å skape kaos med løgner, slik den amerikanske akademikaren Anne Applebaum har skrive.

Den kristne bodskapen om nestekjærleik er kanskje det beste argumentet for å halde fram støtten til Ukraina.

Likevel er det nettopp tradisjonelle kristne verdiar som er mål for Vladimir Putins forsøk på å spreie sitt bodskap.

Optimismen som slukna

«Framtida var betre igår.»

Slik startar den prisbelønte og mykje siterte boka «Lyset som forsvann» av Ivan Krastev. «Framtida» var tida etter Berlin-murens fall i 1989. «Igår» var tida då den urokkelege trua på ei demokratiske verd prega av fridom, marknadsøkonomi og internasjonalt samarbeid.

Eg er sjølv eit barn av denne optimistiske tidsalderen og hugsar optimismen som rådde i Budapest, Zagreb, Praha og Bratislava då eg var student på interrail i 1998.

Krastev skildrar eit Aust-Europa som la alt inn på imitere liberale demokrati etter den kalde krigen tok slutt. Universelle verdiar som likestilling, kapitalisme og menneskerettar skulle gi eit positivt svar på eit grunnleggjande spørsmål – blir livet til dine barn betre enn ditt eige liv?

Det er eit faktum at desse verdiane har ført til store økonomiske framskritt i Aust-Europa.

Men det er også eit faktum at dette at ikkje alle opplevde denne fridomen. Optimismen vart skadeskoten av Irak-krigen, finanskrise, innvandringskrise og aukande økonomiske skilnader.

Dette har Vladimir Putin oppdaga for lengst. Autoritære Viktor Orbán i Ungarn veit korleis ein utnyttar dette i val. Og omtrent kvar dag kjem USAs president Donald Trump med si raljering over universelle verdiar.

Dei har laga sin eigen illusjon om familieverdier.

Når Putin forfølger homofile i Russland, kan han skape illusjon om at han beskytter russiske kjernefamiliar. Tradisjonelle, kristne verdier vert kjørt fram som motvekt mot dekadente vestlege verdier.

Ingen idékrig

Krigen i Ukraina er ikkje ein idékrig. Det var ein plan Vladimir Putin hadde om å innta Kyiv, styrte det demokratiske regimet og, om nødvendig, drepe president Volodymyr Zelenskyj. Det er feige åtak utført av droner mot sivile områder. Det er massakrer av sivile i bydelen Bucha.

Det er ingen som vil ha slutt på krigen meir enn Ukraina.

Likevel er det akkurat det Vladimir Putin har klart å så tvil om. Då Donald Trump og visepresident JD Vance skjelte ut Zelenskyj på Det ovale kontor i februar, åtvara dei om at Ukraina ville forårsaka tredje verdskrig.

Trump sa også at han «stod i midten» mellom Russland og Zelenskyj.

Bodskapen var som skapt for Kreml. Og i vekene etterpå har Putins line blitt svelgt med snøre og søkke av falske fredsprofetar.

Ukraina vert brikkar i eit spel

Putins falske fredsline går langs fleire spor.

Det første er å spre eit bilete av at Nato og Ukraina har undergrave russiske tryggleiksbehov. Utvidinga av Nato til dei baltiske land og støtte til Ukrainas militære blir sett på som eit trugsmål mot Russland.

Befolkningane i dei baltiske landa eller i Ukraina vert ikkje anna enn brikker i eit spel.

Det andre er at det er Ukraina som ynskjer å fortsetje krigen, også om det inneber å trekkje europeiske land og risikere tredje verdskrig.

Som Vårt Land har skrive om, meiner Fredrik Glad-Gjernes, inntil nyleg leiar for KFUM/KFUK Global, at Nato og Ukraina har skuld i krigen.

Truls Olufsen-Mehus går enda lengre og nemner ikkje invasjonen med eit einaste ord. Begge har slukt Kreml sin løgnaktige historieforteljing.

Kampen for vår fridom føregår i Ukraina

Heldigvis er røystene som gjentar Kreml si line marginale. Lukkast Olufsen-Mehus i valkampen i haust, kan han bli Russlands ven på Stortinget. Det er inga trugsel mot det store fleirtalet bak Ukraina-støtta.

Olufsen-Mehus skriv at han «er ikke og vil ikke være klar for krig med Russland». Men ferske målingar viser at forsvarsviljen er høg, melder Minerva.

Vi veit at Russland er den einaste aggressoren og at ein våpenkvile diktert av Putin ikkje kan gi varig fred for Ukraina. Krigen Ukraina kjempar er ein forsvarskrig for vår fridom. Heldigvis er det ingenting som tyder på at falske fredsprofetar klarer å rokke ved det.

I mai markerer vi at det 80 år sidan frigjeringa av Norge. Det norske folket ga ikkje opp håpet om fridom, sjølv om det våren 1940 vart klårt at den tyske militære motstanden var overveldande.

At kamphandlingane tok slutt, betyr ikkje at Norge vart fritt. For at det skulle skje i 1945, måtte våre allierte risikere millionar av liv for å kjempe mot nazismen.

Olufsen-Mehus vil nå ut til kristne veljarar med Kreml-retorikk. Det er ein hån mot minnet til norske kristenleiarar som risikerte livet ved å nekta å stå opp mot okkupasjonsmakta i krigsåra.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar