Kommentar

Høgre heng fast i hengemyra

Trass i at Erna Solbergs folk gjer mange desperate forsøk på å snu trenden, viser ferske tal at alarmen bør gå i Høgres hus.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det manglar ikkje på høgrefolk i sentralt plasserte posisjonar som er villige til å fortelle deg sine ærlege, oppriktige syn på stoda i partiet – så lenge dei er langt unna mikrofonar og sitatsjekkar. Fleire av dei meiner partiet rett og slett har bomma på strategien, slik Arbeidarpartiet gjorde før stortingsvalet i 2017.

Arbeidarpartiets feilvurdering

Den gongen førebudde Støre heile valkampen på at landet hadde veksande arbeidsløyse og problem med økonomien. Då sommaren kom blomstra det i norsk næringsliv, og tusenvis fekk jobb. Arbeidarpartiets talepunkt var utdaterte før dei var tatt i bruk.

Det er ikkje rart ein del sentralt plasserte Høgre-folk kjenner på ei liknande kjensle no. Heile strategien til partiet har vore å kritisere ei regjering som ikkje fungerer og som folk ikkje likar. Inntil nyleg fungerte den strategien etter planen fordi regjeringa var umåteleg upopulær. Først og fremst handla det om ei kjensle av at partiet og Støre ikkje i tilstrekkeleg grad klarte å svare på dei krisene som oppstod etter regjeringsskiftet i 2021.

Høgres eplekjekke slagord om å ikkje ha noko slagord er eksempel på ein strategi som må ha vore klekka ut i ei tid då partiet hadde betre målingar og meir sjølvtillit. I dagens politiske klima er det lett å latterleggjere og kritisere slagordet «Ingen slagord».

Erna Solberg ved fronten

Der Erna Solberg i lang tid kunne ta seg råd til å vere litt i bakgrunnen, har partiet den siste tida sendt henne i den politiske frontlinja gong på gong. Ho har tatt så mange debattar ho har klara, og har internt i partiet ivra for å vise seg fram for veljarane. Ho har forsøkt å fortelje veljarane at ho var den som kunne snakke med Trump då han var president førre gong. Derfor bør ho få høve til å gjere det igjen.

Det er grunn til å tru at Høgres strategar ser på dei siste tala med skrekk. Alt tyder på at partiet heng fast i hengemyra i siste sving før valinnspurten

Dei siste månadane har vi sett teikn på målingane til at Høgre har stoppa lekkasjen til Framstegspartiet. Den eksplosive veksten Listhaugs parti opplevde, på kostnad av Solbergs oppslutning, har stansa opp på dei fleste målingane. På gjennomsnittsmålingane for april låg Høgre an til å bli ørlite grann større enn Framstegspartiet. Det har ikkje partiet vore på gjennomsnittsmålingane sidan november i fjor. Men det var før Vårt Lands siste måling, som viser at Frp går tilbake to prosentpoeng, men likevel er nesten to prosentpoeng større enn Høgre.

Det verkeleg interessante er å finne i bakgrunnstala, som riktig nok viser at Høgre tapar mindre til Framstegspartiet enn tidlegare. Det har nok samanheng med at Høgre og Solberg i større grad har prøvd å vise seg som det reelle styringsalternativet på borgarleg side. Bodskapen har vore at om du vil ha Solberg som statsminister, må du stemme Høgre.

Høgres store bekymring

Høgre har kunna konsentrere seg om å stoppe lekkasjen til Framstegspartiet, fordi dei hittil har hatt lite lekkasje til Arbeidarpartiet. På førre måling i Vårt Land var det for første gong på lang tid mogleg å sjå at Arbeidarpartiet tok nokre få tusen veljarar frå Høgre.

I Vårt Lands siste måling er lekkasjen brått betydeleg: 20.000 veljarar tar turen frå Høgre til Arbeidarpartiet. Det viser målinga som er tatt opp i tidsrommet før og etter Arbeidarpartiets landsmøte førre helg.

Då Arbeidarpartiet skulle runde av det litt for harmoniske landsmøtet, gjorde dei det ved å ha eit show spekka med kjendisar, patosfylt retorikk og kulturinnslag. Mellom innslaga var det fleire i salen som la merke til at raudfargen på storskjermen var bytta ut med ein lilla farge. Kanskje var det tilfeldig, eller kanskje var det ei subtil helsing til dei berømte og ofte litt overvurderte lillaveljarane?

For det er nettopp desse veljarane, dei som flyt litt i midten, Arbeidarpartiet ser ut til å ha fått taket på i møtet med Høgre. Det skjer trass i at Arbeidarpartiet korrigerer seg nokre prosentpoeng ned på Vårt Lands siste måling. Partiet er likevel klart størst.

Sannsynlegvis er denne vesle detaljen i bakgrunnstala den største bekymringa for Høgre og Erna Solberg om dagen. Saman med kampen om heimesittarane og gjerdesittarane, er kampen om lillaveljarane den viktigaste å vinne for den som skal sitte på Statsministerens kontor etter valet.

Derfor er det grunn til å tru at Høgres strategar ser på desse siste tala med skrekk og gru. Alt tyder på at partiet heng fast i hengemyra i siste sving før valinnspurten.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar