Andry græt. Fortel at han er homofil. At han fryktar for livet. Likevel blir han dytta vidare inn i det berykta CECOT-fengselet i El Salvador saman med 237 andre venezuelanarar. Han har ikkje brote lova, og han har følgt asylreglane i USA. Men tatoveringa hans liknar ei gjengtatovering.
Gjeng-invasjonen
For om lag fire veker sidan vart 238 menn med opphav i Venezuela sette på fly og frakta ut av USA. Det store fleirtalet av dei er ikkje domfelte, og er heller ikkje sikta for kriminell aktivitet. Amerikanske styresmakter hevdar at samtlege er kriminelle og har tilknytning til gjenger, spesielt den brutale Tren de Aragua, som no er definert som ein terrororganisasjon.
Same dag som flya med venezuelanarane tok av, signerte Donald Trump ein presidentordre som erklærte Tren de Araguas nærvær i USA som ein «invasjon». Han viste til Alien Enemies Act frå 1798, ei lov som i krigstid gjev styresmaktene høve til å arrestere, og i ytste konsekvens deportere til eit tredjeland, borgarar frå landet USA er i krig med.
Det er nettopp dette Trump no går i gang med: Dei 238 venezuelanarane vart nemleg ikkje sendt tilbake til Venezuela, men til El Salavador, der det berykta høgsikkerheitsfengselet CECOT ligg. Advokatar og familiemedlemmer av dei deporterte melder at dei ikkje fekk vite kor dei skulle, at dei ikkje fekk høve til å prøve utsendingsvedtaket før sending, og at dei ikkje veit kor lenge dei må sitje i fengselet.
Blir dei rette sendt ut?
For om lag 75 prosent av dei deporterte mennene, finst det ingen spor av kriminelle rulleblad, korkje frå USA eller frå andre land, meldte nyheitsprogrammet 60 Minutes denne helga. Trump-administrasjonen hevder på si side at dette ikkje stemmer, men at dei aller fleste av desse mennene er gjengmedlemmer. I det minste, heiter det i ei fråsegn frå Departementet for innanrikssikkerheit, har kvar einaste av desse mennene brote lova ved å ta seg inn i USA ulovleg.
Problemet er berre at det dei seier ikkje stemmer. I løpet av dei siste vekene har vi fått kjennskap til historie etter historie om unge menn som, ut frå styresmaktene sine dokument, er blitt feil-identifiserte som trulege eller potensielle gjeng-medlemmer på grunn av tatoveringane sine.
Stylisten Andry vart vurdert som truleg gjengmedlem på grunn av tatoverte kroner på armane, over namna til foreldra. Kronene kan, ifølge immigrasjonspolitiet, tyde på gjengtilknytning. Andry er homofil og søkte asyl i USA etter å ha blitt utsett for trugslar om vald på grunn av legninga si. Han fulgte asylregelverket, og alt teikna til at han ville få opphald innvilga. Likevel vart han henta på det lukka asylmottaket og sett på flyet til El Salvador.
Det vert sagt i El Salvador at den einaste måten å komme seg ut av CECOT på, er i ei kiste
Brutale forhald
CECOT-fengselet (Centro de Cumplimiento de Condenas de Terrorismo) har dei siste åra blitt eit symbol på den knallharde kampen som salvadorianske styresmakter fører mot gjengane i landet. Svært mange av dei innsette her er henta opp og fengsla utan lov og dom.
Fengselet er berykta for sine ekstreme forhald. Cellene er store, med plass til mange i kvar, utan anna innreiing enn køyer og toalett. Køyene er briskar av metall, utan madrass, dekke eller teppe. Det er ikkje tillate med kommunikasjon mellom dei ulike cellene, og heile området er under kontinuerleg overvaking. Det vert sagt i El Salvador at den einaste måten å komme seg ut av CECOT på, er i ei kiste.
Lite er kjent om avtalen mellom USA og El Salvador om kjøp av plass i CECOT, ut over at USA skal betale El Salvador om lag 6 millionar dollar årleg.
Fotografen Phillip Holsinger var til stades då venezuelanarane som vart sendt ut frå USA kom til CECOT, og fotograferte den røffe behandlinga fangane fekk. Han festa seg særskilt ved ein, som grét og forsøkte å fortelje fengselspersonalet at han ikkje var gjengmedlem, men homofil, og at han frykta for sin eigen tryggleik i fengselet. Ved hjelp av Holsinger sine bilete kunne 60 Minutes stadfeste at mannen var Andry.
Steget er uhyggjeleg kort til å sende ut menneske som er borgarar, dersom dei ikkje får høve til å gi prov på dette for ein dommar
Retten til rettargang
Trump-administrasjonen har medgjeve at menneske med lovleg opphald i USA er sendte ut av landet på feil grunnlag, men hevder at dei ikkje har høve til å hente desse tilbake. Dei vil heller ikkje seie noko om kor lenge dei har til hensikt å halde desse fangane, og hevder at det ville vere for tidkrevjande å skulle gje kvar enkelt ei høyring i retten før ein sender dei ut av landet. Fleire medlemmer av regjeringa gjev uttrykk for at dei ikkje meiner desse mennene har krav på nokon .
Problemet med å sende menneske ut av USA utan at dei får prøve saka si for ein domstol burde vere openbert, men lat oss likevel seie det: Steget er uhyggjeleg kort til å sende ut menneske som har lovleg opphald, eller til og med er borgarar, dersom dei ikkje får høve til å gi prov på dette for ein dommar.
Kor er demokratane?
Sjølv om demokratane har vore høglytte i protestane mot fleire ting Donald Trump har føre seg, har dei vore merkeleg stille om denne prosessen. Etter eit vedtak i Høgsterett måndag som opphever ein frys på utsendingane sett av ein lågare rettsinstans, vil truleg administrasjonen ta opp att flygningane til El Salvador. Det har ikkje skapt nemneverdig bråk frå opposisjonspartiet.
Årsaka er truleg at dette er ei vanskeleg sak for Det demokratiske partiet. Innvandringspolitikk og den tilknytta kriminalitetspolitikken var truleg viktige bidragsytarar til at Donald Trump vann valet – eit fleirtal av amerikanarar ønsker seg strengare kontroll med kor mange og kven som kjem inn i landet.
Det er også vanskeleg å få fram nyansane i saka. Sjølv om dei fleste som er sendt ut av landet, ikkje er gjengmedlemmar eller valdelege forbrytarar, er truleg nokre det. Historisk har republikanarane vore flinke til å teikne demokratane som meir ivrige etter å forsvare forbrytarar og ulovlege innvandrarar enn lovlydige amerikanske borgarar.
Situasjonen er no så kritisk at det likevel er maktpåliggande å rope ut, trass i at det er gode grunnar til å rydde opp i tilhøva rundt grensene.
Vi ser i mange saker at Donald Trump har eit svært avslappa forhold til kva og kven som blir ramma av biverknadane av medisinen han gjev for sjukdommane han har diagnostisert. I denne situasjonen kan konsekvensane bli langt større enn i mange andre saker.
Amerikansk grunnlov og menneskerettane slår fast at alle har rett til rettferdig rettargang. Å bryte med dette er, reint faktisk, ei nedbygging ikkje berre av demokratiet, men av sivilisasjonen slik vi kjenner han.