Tidlig i påskeveka kom meldinga om at Trump-administrasjonen ikkje vil å følge eit pålegg frå rettsvesenet om å hente tilbake Kilmar Abrego García til landet.
Abrego García hadde ikkje lovleg opphald i USA. Han var likevel verna mot utsending av ei rettsavgjerd frå 2019, fordi han kunne vise til ei grunngjeven frykt for vald og forfølging i heimlandet. Han vart frå tolv års alder forsøkt rekruttert av ein gjeng i El Salvador, og etter å ha flytta fleire gonger såg foreldra til slutt ikkje anna råd enn å sende Kilmar ut av landet for å halde han trygg mot dei aggressive framstøta og trugsmåla frå gjengen. Han kom til USA åleine som sekstanåring. No er han gift med ei amerikansk kvinne og har tre born.
I mars i år vart Abrego García stoppa av innvandringsmynden i heimstaten Maryland med den fem år gamle sonen i bilen. Dei arresterte han og sendte han først til Texas, deretter saman med over 230 andre til fengselet CECOT i El Salvador. Han er ikkje klaga for, eller dømt for, noko kriminelt.
Ingen av dei 238 som vart sendt frå USA til El Salvador i mars er dømt for noko
Adminstrativ feil
Innvandringsmynden har, etter at Abrego García si sak vart offentleg kjent, vedkjent at han ikkje skulle ha blitt arrestert, og heller ikkje sendt ut av landet. Dei kallar det heile «ein administrativ feil».
Imidlertid hevder administrasjonen at dei ikkje har mynde til å hente Abrego García tilbake til USA, fordi han no er i eit anna lands varetekt. Den salvadorianske presidenten Nayib Bukele sa denne veka at han ikkje kan sjå at han har mynde til å sende García tilbake til USA. «Skal eg smugle han inn i USA?» spurte Bukele den fremmøtte pressa retorisk under eit møte med Donald Trump i Det kvite huset måndag.
Ein føderal dommar har bestemt at Trump-administrasjonen må gjere alt dei kan for å «leggje til rette for» at Abrego García kjem tilbake til USA, og Høgsterett har stadfesta denne avgjerda.
Styresmaktene meiner imidlertid at denne avgjerda kun betyr at Abrego García må få lov til å returnere til USA dersom han blir frigjeven frå fengselet i El Salvador. Dei meiner også at han, fordi han no ikkje er i USA, ikkje lenger er kvalifisert til vernet mot å bli sendt ut av landet. Det er høgst uklart under kva mynde Abrego García og dei andre som vart sende til CECOT-fengselet sit fengsla der, og kva som må til for at dei skal bli frigjevne. Ingen av dei 238 som vart sendt frå USA til El Salvador i mars er dømt for noko.
Dersom den utøvande makta ikkje vil rette seg etter avgjerder frå den dømmande, er USA i praksis ikkje lenger ein fungerande rettsstat
Rettsløyse og demokratiets fall
Etter at Donald Trump tiltrådte presidentvervet i slutten av januar, har det han har gjort og sagt vekt mange kjensler. For både meg og mange andre som analyserer amerikansk politikk, har det vore eit poeng å forsøke å avdramatisere situasjonen. Mykje av det han gjer har han både lov til og støtte til i folket. No er likevel situasjonen ein ganske annan.
Det som er annleis er at vi ser dei første teikna til at Donald Trump og hans kabinett ikkje utan vidare vil følge opp avgjerder frå rettsvesenet.
Når det skjer, er vi over i ei ny fase. Dersom den utøvande makta ikkje vil rette seg etter avgjerder frå den dømmande, er USA i praksis ikkje lenger ein fungerande rettsstat.
Kombinasjonen av dette og Det kvite hus sine stadige dytt for å utvide president-myndet, for ikkje å snakke om Donald Trump sine stadige hint om at han vil sjå på moglegheiter til å bli sitjande i stolen ut over denne perioden, er ein cocktail som lett kan leie tankane til andre som starta statsleiar-karrieren som demokratisk valde, men som ikkje enda den slik.
Det er lett å slenge om seg med karakteristikkar av Donald Trump. Andre med meir kompetanse enn eg får avgjere om fascist er ein rett merkelapp, eller om det finst andre som passar bedre.
Det er likevel ikkje tvil om at Trump er ein autoritær leiar, og at han no systematisk arbeider med å sprenge seg gjennom dei institusjonelle grensene som er lagt på den makta han har.
Respekten for rettsvesenet skulle vere ei ubryteleg grense. Det ser vi no at den slett ikkje er. No er det tid for å trykke på den store raude knappen.