Poeten Phillip Larkin skreiv i 1971 diktet som skulle bli eitt av hans mest kjente, This be the verse. Den første strofa let seg ikkje setje på prent i Vårt Land i si opphavlege, profane språkdrakt, men kan omsetjast til norsk om lag slik:
Dei rotar deg til, kjære mor og far
Ikkje med vilje, men det viser seg
Dei gjev deg feila dei sjølve har
Og legg til fleire, berre for deg
Ei av foreldreskapets mest krevjande faser kjem for ein del av oss når vi trur vi er ferdige med dei tyngste løfta. Då kan nemleg tilbakemeldingane vere tøffe.
Dei omstridde minnene
Scena er kjend i mange familiar, og ikkje minst rikeleg frå samtidslitteraturen: Borna er vaksne, foreldra nærmar seg, eller er passert, pensjonsalder, og så skjer det noko. Eitt eller fleire born får grunn til å ta bladet frå munnen, og konfronterer foreldra om ein oppvekst som ikkje var slik ein ønska. I alle fall sett med vaksne augo.
I nokre tilfelle går det bra. Mor og far forstår kva som blir sagt, og kan ta til seg desse tilbakemeldingane på ein konstruktiv måte. Borna kan bli nøgde med det oppgjeret ein får, og kan legge det bak seg.
I andre, kanskje dei fleste, familiar, blir det vanskeleg. Foreldra forstår ikkje at borna kan hugse det som skjedde slik dei gjer, og aksepterer ikkje å bli skulda for noko dei ikkje sjølv meiner var gale å gjere. Dei vaksne hugsar opplevingane ganske annleis enn borna gjer, kanskje hugsar heller ikkje alle i ein søskenflokk det same.
Det finst nok av eksempel på at slike situasjonar kan ende i omfattande konflikt.
Uavhengig av om Gjert Ingebrigtsen har gjort det han står tiltalt for, finst det mange ulike versjonar av historia
Dramatiske brot
På ein måte er rettssaka som vi alle kan følge minutt for minutt frå Sør-Rogaland Tingrett i desse dagar eit eksempel på det same: Uavhengig av om Gjert Ingebrigtsen har gjort det han står tiltalt for, er det liten tvil om at det innad i familien finst mange ulike versjonar av historia om livet i huset på Sandnes.
Sakar som ender i politimeldingar og rettshandsaming er ein ekstremvariant.
I sosiale media kan ein ofte møte ein annan: Frå tid til annan får eg opp videoar i min feed frå brukarar med namn som «fired mom» eller «estranged mom», mødre som av ulike årsakar ikkje har kontakt med sine vaksne born. Det desse kvinnene har til felles er at dei i liten grad er villig til å sjå på si eiga rolle i konfliktane som har ført til at borna ikkje vil ha kontakt med mor. Dei har, etter eige fråsegn, vore perfekte mødre, og ungane er utakksame i vaksen alder.
For dei fleste er familiekonfliktene ikkje så ekstreme, men dei kan vere like øydeleggjande.
Vekst er sjølvstende
Å bli vaksen er, mellom anna, å gjere seg fri frå næraste familie. Gjennom ungdomstid og det unge vaksenlivet bryt ein opp det tette fellesskapet ein har delt med foreldra sine. Ein skal bli sjølvstendig, og lage sin eigen fellesskap med partnar og eigne born.
Mange opplever at ein gjennom ungdomstida har ein konfliktfylt relasjon med foreldra, men at den stabiliserer seg når ein kjem inn i vaksenlivet. Dei tette bindingane som høyrer barndommen til, er imidlertid brotne, og blir ikkje like tette når ein går vidare.
I vaksenlivet vil dei fleste av oss halde tilbake noko frå foreldre. Det er partnar og nære vener som får den ufiltrerte versjonen av oss, foreldra våre er ute av den inste sirkelen. Det er normalt.
Alle foreldre eg har spurt, nemner ting foreldra gjorde som dei sjølv gjer ein medviten innsats for å ikkje videreføre til eigne born
Striden om sanninga
Når ein så vel er blitt vaksen og kanskje har fått eigne barn, kan mange av oss begynne å tenkje tilbake på barndommen. For ein del blir desse tilbakeblikka så vonde å handtere at ein får behov for å konfrontere mor og far med det ein sett i ettertid hugsar.
Det er vel etablert i forsking på minne at foreldre og born hugsar dei same hendingane ulikt. Det handlar både om at ein vaksen vil forstå situasjonar annleis enn eit barn, og at foreldre vil ha ei meir pragmatisk tilnærming til noko eit barn reagerer emosjonelt på.
For mange foreldre vil også ei skulding frå borna om overtramp eller forsømmingar vere vanskeleg å forstå. Dei aller fleste av oss sit med ei klar kjensle av at vi har gjort vårt aller ytste for å vere gode foreldre, og gje borna våre ein god barndom. Om vi får beskjed om at vårt beste ikkje strekte til, kan det vere ei tøff melding å ta imot.
Det er ikkje lett å vite kva ein skal gjere med ei slik melding, heller. Ønsker den som seier frå ei unnskulding, ei forklaring, ei botsøving? Dersom ein sit med ei kjensle av at livet ikkje vart som det skulle, kva kan eigentleg gjere det godt att?
Den gode forelderen
Phillip Larkin hadde berre delvis rett då han skreiv at foreldre gjev videre alle sine feil og manglar til borna, og legg på ekstra på toppen.
Dei fleste av oss er nok, innan vi sjølv blir foreldre, klar over kor det svikta i vår eigen oppvekst. Alle foreldre eg har spurt, nemner ting foreldra gjorde som dei sjølv gjer ein medviten innsats for å ikkje videreføre til eigne born.
Problemet er at vi alle har har blindsoner, større og mindre. Vi veit også at sjølv om vi gjer vårt beste, er det ikkje alltid godt nok. Den erfaringa bør kunne hjelpe oss både i møte med såra frå eigen barndom og såra som våre born ein gong kjem til oss med. Vi bør vere audmjuke, både for at foreldra våre ikkje meinte å rote det til, og at borna våre kan kjenne seg rota til.
Kanskje det viktigaste vi kan gjere er å snakke saman. Før det blir så vondt at vi må krangle.