Leder

Tettare og viktigare samarbeid enn nokon gong

Etter 70 år med Nordisk råd har det nordiske samarbeidet aldri vore tettare og viktigare for våre demokratiske velferdssamfunn.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I år feirar parlamentarikarsamarbeidet Nordisk råd 70 år. Det kunne knapt skjedd i ei meir passande tid, med utryggleik og krig i Europa.

Samarbeidet starta med å sørgje for at det skulle bli lettare for nordiske borgarar å jobbe og bevege seg på tvers av landegrensene, og har resultert i ein nordisk passunion, felles arbeidsmarknad og det nordiske miljømerket Svanemarket – for å nemne noko.

Nordisk språkfellesskap

Mest av alt er likevel det nordiske samarbeidet unikt, fordi Norge, Danmark, Finland, Sverige, Island og dei sjølvstyrte områda Færøyene, Grønland og Åland, er prega av ein unik samfunnsstruktur. Det er ingen stader i verda der velferdsstaten er så velutvikla som i dette området, der demokratia står så sterkt og der folk kan kjenne seg så trygge.

Då dei nordiske statsministrane samla seg i Helsinki til toppmøte i Nordisk råd denne veka, snakka dei om det nordiske fellesskapet som ein «familie». Den familien har vore ein suksess i 70 år. Den skal vi ta godt vare på

I tillegg er det unikt at det nordiske språkfellesskapet står så sterkt med dei skandinaviske språka, sjølv om svensk no er på retur som bruksspråk i Finland. Det gjer at borgarar i desse landa kan kjenne på ein fellesskap på tvers av landegrensene, som viser seg att i anerkjente og respekterte kulturinstitusjonar som Nordisk råds litteraturpris.

Vi burde i tida framover hegne om dette viktige språkfellesskapet – slik til dømes NRK gjer ved å sende programmet «Norsken, svensken og dansken» kvar veke. Vi treng meir av ei slik offentleg samtale om skandinaviske og nordiske spørsmål.

Nordisk familie

Finland og Sveriges moglege innsteg i Nato viser at Norge vil få eit endå tettare samarbeid til sine nordiske naboar i aust. Fleire norske politikarar hadde allereie i fleire år snakka om å utvikle eit tettare forsvarssamarbeid i Norden. For vår felles tryggleik og demokratiets framtid, er det trygt å stå saman òg innan forsvaret av våre land.

Framleis må vi vente på Finland og Sveriges medlemskapsprosess, ettersom Tyrkia har blokkert medlemskap hittil. Det er likevel i god nordisk ånd at Norge bidreg til å garantere tryggleiken for Finland og Sverige i denne prosessen.

Då dei nordiske statsministrane samla seg i Helsinki til toppmøte i Nordisk råd denne veka, snakka dei om det nordiske fellesskapet som ein «familie».

Den familien har vore ein suksess i 70 år. Den skal vi ta godt vare på.

Vårt Land

Mer fra: Leder