Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Åslaug Haga, leiaren for Energi Norge, skildrar ei dramatisk utvikling: Dei siste åra har det vore ein dramatisk nedgong i talet på løyver til produksjon av fornybar energi i Norge. Det er eit paradoks då vi no står i ein situasjon med energimangel i Europa og Norge.
Påstanden frå interesseorganisasjonen vert understøtta av tal frå NVE. Eit talande eksempel er at det i 3. kvartal i 2013 vart gitt 98 nye konsesjonar til utbygging av fornybar energi i form av vasskraft og vindkraft, medan det i 3. kvartal i 2022 berre vart gitt 8. Grafen er ikkje lystig lesnad for kundane med høge straumrekningar, eller for dei som har ansvar for å sikre straumforsyning til folk og land.
Det er ikkje berre vanlege folks straumrekningar som får svi, dersom ikkje utviklinga vert snudd. Det vil òg bety at viktig industri ikkje får nok kraft til å gå i gong med produksjon. Det er òg dårleg nytt for næringsliv, arbeidstakarar og norsk økonomi.
— Vårt Land
Det betyr ganske enkelt at det nesten ikkje er ny kraft på veg dei neste åra.
Mindre bygging, meir behov
Det er ikkje berre vanlege folks straumrekningar som får svi, dersom ikkje utviklinga vert snudd. Det vil òg bety at viktig industri ikkje får nok kraft til å gå i gong med produksjon. Det er òg dårleg nytt for næringsliv, arbeidstakarar og norsk økonomi.
Reelt sett er det òg ei tydeleg varsla utfordring, all den tid overgangen til eit meir fornybart samfunn har skote fart på alle frontar. Berre auken i talet på el-bilar burde for lenge sidan ha ført til ei auke i produksjonen av straum. Behovet for elektrisitet har blitt større samstundes som utbygginga har blitt redusert. Til og med viss vi ser heilt bort frå krigen i Ukraina er det ikkje rart prisane aukar, då etterspurnaden aldri har vore større.
Enkel løysing
Haga frå Energi Norge peikar på at utfordringa har ei relativt enkel løysing: Teknologiane er på plass og ressursane har vi. I Norge er det meir enn nok sol, vatn og vind til å auke produksjonen av fornybar energi. Heilt utan støtte frå staten kan villege verksemder sette i gong med energidugnaden. Ho etterlyser tre ting: Eit rett utforma skattesystem, betre kraftnett og raskare behandling av konsesjonssøknadar.
Alle tre er tiltak som politikarane burde kunne sameinast om i situasjonen Norge og Europa står i. Det bør ikkje vere rakettforsking for Støre-regjeringa å sette i verk alle tiltaka på ein gong. Folket treng straum.