Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.
Takka vere eit gjennomslag SV fekk i fjorårets budsjettforhandlingar med regjeringa, vart det bestemt at utlendingar som har sitte meir enn fem år i kyrkjeasyl i Norge, skal få opphald i landet. SV skal ha stor honnør for gjennomslaget som gir fleire menneske eit betre liv i Norge.
Samstundes vart partia samde om eit anna punkt: Justis- og beredskapsdepartementet skal byrje på eit arbeid for å sjå på «rammeverket rundt kyrkjeasyl». Det punktet kan få meir problematiske konsekvensar.
Krevjande for politiet
I kyrkjelege kretsar har den formuleringa skapt frykt for at regjeringa vil endre praksisen med kyrkjeasyl. Jan Christian Kielland i Kyrkjerådet meiner det vil stride mot den allmenne rettsoppfatninga i store delar av befolkninga og sette politiet i ein unødvendig krevjande situasjon.
Det har han rett i.
Kielland i Kyrkjerådet seier Den norske kyrkja med vilje ikkje har villa regulere kyrkjeasyl. Kyrkjeasyl er dermed ikkje noko Den norske kyrkja sjølv oppmodar til, men som likevel ligg under oppdraget om å møte menneske på flukt med kjærleik, respekt og venlegheit.
— Vårt Land
Ordninga med kyrkjeasyl vart regulert i eit rundskriv i 1999, som seinare vart oppheva. Justisdepartementet har likevel gjort det klart at politiet ikkje skal gå inn i kyrkjer for å hente ut folk som har søkt dekning i kyrkjeasyl.
Spørsmålet er kva formuleringa SV og regjeringa vart samde om eigentleg betyr, der Justis- og beredskapsdepartementet skal «sjå på rammeverket rundt kyrkjeasyl». Vil politiet halde fram med å behandle kyrkjebygget som eit heilag hus, eller vil resultatet av arbeidet med å sjå på rammeverket bli at kyrkjeasylantar i framtida blir henta ut?
Kjærleik, respekt og venlegheit
Kyrkjeasyl er inga ideell løysing for nokon. På mange måtar er praksisen med på å svekkje legitimiteten til den kvar tid gjeldande asyl- og innvandringspolitikken som er bestemt av både Stortinget, regjeringa og utlendingsforvaltninga. Likevel bør den få halde fram med å vere ein praksis for menneske som i ein fortvilt og desperat situasjon søkjer tryggleik i kyrkjerommet og nektar å forlate det.
[ Kristne aktører fraråder myndighetene å innskrenke muligheten for kirkeasyl ]
Kielland i Kyrkjerådet seier Den norske kyrkja med vilje ikkje har villa regulere kyrkjeasyl. Kyrkjeasyl er dermed ikkje noko Den norske kyrkja sjølv oppmodar til, men som likevel ligg under oppdraget om å møte menneske på flukt med kjærleik, respekt og venlegheit.
Regjeringa bør konkludere med at praksisen med kyrkjeasyl må få halde fram.