Leder

Eit rom for deg er eit rom for meg

Sjølv om det ikkje er ulovleg å brenna koraner, er det ikkje klokt, og heller ikkje i tråd med kristen etikk.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Det er ikkje ulovleg å brenna koranar i Noreg. Like fullt er dei fleste samde om at det korkje er produktivt, naudsynt eller klokt. Utan omsyn til kor kritisk ein er til islam, er det vanskeleg å argumentera for at koranbrann er vektig religionskritikk. I alle politiske parti på Stortinget er medlemskap i Stopp islamiseringen av Norge (Sian) sett på som uforlikeleg med å ha verv. Framstegspartiet var klåre då dei i 2021 nekta tillitsvalde og medlemmer å vere med i Sian.

Organisasjonen er kjend for aksjonar der dei på symboltunge stader set fyr på den heilage skrifta åt muslimane.

Ikkje klarert

Denne veka vart det klårt at andrekandidaten åt Bønnelista Hamar, Vidar Haugen, er medlem av Sian og har vore med under offentleg koranbrenning. Han har stendig skrive innlegg i sosiale medium til stønad for saka. Leiar i Bønnelista, Jo Hedberg, tek klokeleg avstand frå engasjementet. Han hevdar at dobbelmedlemskapen ikkje var klarert med leiinga av Bønnlista. Haugen på si side seier det motsette: Han har heilt tydeleg orientert Hedberg og fått godkjend.

Kven av dei to som har rett, veit me ikkje. Men Hedberg er klår på at Bønnelista tek avstand frå koranbrenning og Sian sine meiningar og metodar. Han ber veljarane kumulera andre kandidatar, slik at Haugen ikkje vert valt inn i bispedømerådet.

Korleis kan kristne krevje eit rom for si tru i samfunnet om me ikkje også gjev annleistruande det same rommet?

Lyt kristne brenna koranen?

Haugen seier til Vårt Land at det er ein heilt naturleg sak for einkvar kristen å kjempa mot at ein «antikristen religion» får meir å seie i samfunnet. Han viker ikkje, og peikar på at det for han er samanheng mellom medlemskapen i Sian og det å stille til val for Bønnelista.

Er ein kristen, er ein automatisk ikkje muslim, og med det usamd i islamsk teologi. Men det tyder ikkje at kristne lyt vere fiendslege, korkje mot muslimar eller andre grupper ein skil seg frå. Eit mangfaldig samfunn krev at vi toler kvarandre og viser godt medborgarskap, naboskap og venskap andsynes all slags folk.

Til sjuande og sist er spørsmålet: Korleis kan kristne krevje eit rom for si tru i samfunnet om me ikkje også gjev annleistruande det same rommet?


Vårt Land

Mer fra: Leder