Sofie Braut
Skribent
Skeivt Kristent Nettverk (SKN) tek gjennom ein lang artikkel i Vårt Land 9.12. kontakt med kyrkjelydsleiarar over heile landet med ein personleg appell: «Vi vil gjerne snakke med deg». Det skal sitja langt inne å ta ein invitasjon i noko anna enn beste meining. Som nyetablert nettverk er det også lett å skjøna at dei vil få andre i tale. Likevel: språket SKN brukar, gjer meg opprørt på vegner av alle som fremmer eit klassisk syn på samliv, seksualitet og ekteskap.
Vi-språkets overlegne pedagogikk
Artikkelen gjennomfører nemleg ein nedlatande tone overfor alle som trur annleis enn grunnleggarane og medlemmene sjølv. «Om frykten sier til deg at SKN er farlige, så vil jeg si deg: Ikke frykt!», opnar artikkelen med ein sjølvsikker allusjon til bibelsk openberring. Men er det ikkje rart å implisera at frykt er essensen i andre sine teologiske resonnement?
Artikkelen følgjer same sporet vidare: «Frykt er som kjent en dårlig rådgiver (…) Når vi frykter, skaper vi fiendebilder og danner grupper i våre egne følelser om hvem som er de gode og hvem som er fienden.» Her tyr artikkelforfattaren til vi-språkets overlegne pedagogikk. Den seier ikkje rett ut, men lar deg forstå at du ikkje heilt har «skjønt det». Vi høyrer som eit ekko frå farne tiders overlegne helsepersonell: «Korleis har vi det i dag, har vi tatt medisinen vår?»
Fornærmande invitasjon
Seinare vert forklaringsmodellen overtydeleg :«Frykt er kanskje grunnen til at SKN ikke klarer å komme i dialog med mange menigheter eller kristne organisasjoner». Alle andre er drivne av frykt. Alle vi andre må koma oss litt ut i verda, ut frå «bibelgruppesamlingene» der vi i følgje Eikens enkle generalisering brukar tida på ufølsame «konspiratoriske uttalelser», primært om skeive.
Når artikkelen også gir garanti om at «livet blir beriket av å være sammen med mennesker som ikke er helt lik deg selv», slår invitasjonen over i fornærming. Den store og samansette gruppa erfarne og kunnskapsrike menneske som er adressatar, blir altså tiltalte som om dei lever isolert frå omverda.
LES OGSÅ: Espen Ottosen klager VGTV inn for PFU
Lettvinte løysingar på teologiske motsetnader
Meininga er kanskje å retta ut ei hand til leiarar som trur at ekteskapet ut frå Bibelen er ei ordning for ein mann og ei kvinne. Men ein nedlatande tone fremmer ikkje den gode samtalen. Spørsmål om samliv og seksualitet har mange arbeidd teologisk med i årevis, men har kome til ein annan konklusjon. Dei trur noko anna.
Å framstilla eigen organisasjon som innehavarar av «utrolig tilgivende holdninger», mens andre blir stempla som fryktstyrt og uopplyst, er ukledeleg. Det same gjeld lettvinte løysingar på teologiske motsetnader: «Om frykten overmanner deg som er pastor, slik at du ikke våger å vie to gutter, så vil vi si til deg: Ikke Frykt. SKN kan gjennomføre vielsen (…) om noen blir sint på deg på grunn av ekteskapet, så får du legge skylden på SKN.» Pastorar med eit anna syn er altså ikkje berre fryktdrivne, men i tillegg komplett overflatiske.
Ta tak i eigne fordommar
Om nettverket eigentleg ønskjer dialog, eller om dette berre handlar om å presentera seg sjølv, er eit ope spørsmål etter å ha lese artikkelen. Har dei reell respekt for at andre opplever seg heilt annleis forplikta ut frå teologi og bibelsyn? Det er ikkje så greitt å vita korleis ein skal møta ei gruppe som retorisk monopoliserer trua sin hovudperson. Dei «har møtt en Jesus som var totalt annerledes. Han sto for inkludering!».
Dersom artikkelen er representativ, må SKN ta tak i eigne fordommar. Det hjelper ikkje om ein har vore undertrykt eller er nyetablert. I dag er de del av ei av verdas sterkaste rørsler. Har de råd til å invitera, bør de også ha råd til å respektera.
LES OGSÅ: Jeg er homofil og lever lykkelig med min kone
LES OGSÅ: Eierne av NLA: «Ingen bør være overrasket over vårt på samliv»
LES OGSÅ: Frikirken har meldt seg ut av Til Helhet. Laget vurderer det samme