Andrew Wergeland
Universitetslektor i hebraisk og Det gamle testamente ved MF
I veka som var kunne me lesa innlegg av både Halvor Moxnes og Espen Ottosen der ordet «bibeltru»/«bibeltruskap» var eit viktig omgrep. Sidan Bibelen er rekna for å vera Guds ord i kyrkja, vil dei fleste av oss gjerne vera bibeltru. Men kva vil det seia?
LES OGSÅ: Teologiprofessor Halvor Moxnes: «Espen Ottosen er ikke bibeltro»
Erfaringar
Å vera bibeltru kan vera det å halda fast ved og forfekta eit syn som ein sjølv meiner å kunna finna klart belegg for gjennom heile Bibelen. Ein treng ikkje nødvendigvis ha blitt merksam på eller overtydd om dette synet ved å lesa i Bibelen åleine. Det kan like godt ha kome av ulike erfaringar og resonnement. Dei første kristne vart ikkje overtydde om at Jesus var Messias av å lesa i Bibelen. Dei erfarte noko som dei seinare klarte å finna stadfesting for i skriftene.
Det avgjerande her er altså om ein kan grunngi eit syn ved hjelp av tekstar frå store delar av Bibelen. Viss det er dette bibeltruskap handlar om, kan både Moxnes og Espen Ottosen kallast bibeltru. Begge to bruker jo Bibelen når dei argumenterer for syna sine.
Tolking og feiltolking
Samtidig er Bibelen tekst. Kva vil det seia å vera tru mot ein tekst? Tekstar har som funksjon å formidla bodskapar frå avsendarar til mottakarar. Tekstar er difor reiskapar folk bruker til å kommunisera med. Den einaste måten å vera utru mot ein slik reiskap på er å misbruka den ved å feiltolka den med vilje.
Feiltolking av tekst, både skriftleg og munnleg, skjer heile tida. Det hender me ikkje kjenner til eller har gløymt faktaopplysingane som er nødvendige for å tolka teksten riktig, det vil seia: i samsvar med avsendarens intensjonar. Andre gonger oppstår det logiske brestar i resonnementa våre som fører til feilslutningar. Ingenting av dette treng å vera medviten og difor eit uttrykk for truløyse mot teksten. Moxnes og Ottosen kan dela opplysingar om eller minna kvarandre om dei faktiske forholda rundt bibeltekstane. Dei kan også peika ut manglar i korleis den andre resonnerer. Men å feiltolka Bibelen med vilje kan dei vel ikkje skulda kvarandre for, og dermed heller ikkje manglande bibeltruskap.
Kva er bodskapen?
Ein annan måte å vera tru mot ein tekst, og dermed Bibelen, på er kanskje å leva etter og forfekta meininga som avsendaren av teksten hadde i tankane då teksten vart utforma. I så fall må ein identifisera dei som har stått bak utforminga av bibeltekstane og på ein eller annan måte finna ut kva dei meinte med sitt bidrag til teksten. Dersom ein legg vekt på at kristen tru er fellesskapsorientert, kan denne måten å tenkja bibeltruskap på ha ein viss fordel. Den handlar jo om å søkja ein type fellesskap med trusfellane bak tekstane. Det finst likevel tre klare utfordringar med denne tanken.
Den éine er at bibelvitskapen har lagt for dagen fleire argument for at mange forskjellige menneske over eit langt tidsspenn sannsynlegvis står bak utforminga av bibeltekstane. Kor lett eller realistisk er det å finna ut kva alle dei meinte med sitt bidrag til teksten? Eit anna problem er at det ser ut som desse menneska av og til ville formidla tankar om Gud og menneske som det ville vera vanskeleg for oss å akseptera. Vår teologi og etikk kan altså vera grunngjeven i Bibelen, men likevel gå på tvers av kva dei enkelte bibelforfattarane meinte og trudde med det dei skreiv.
Nokre døme
Eit døme på dette er treeiningslæra. Det skal godt gjerast å sannsynleggjera at dei som sto bak utforminga av bibeltekstane, sjølv om ein avgrensar det til NT, trudde slik om Gud eller ville akseptera ei slik lære. Slaveri er eit anna døme der å stå i eit meiningsfellesskap med bibelforfattarane ikkje nødvendigvis er å vera bibeltru. For det tredje, bruker NT-forfattarar GT-tekstar som belegg for syn som GT-forfattarane sjølve ikkje hadde eller kunne ha hatt då dei bidro til utforminga av tekstane. Er det då riktig å seie at NT-forfattarane ikkje var bibeltru?
Når det gjeld saka som Moxnes og Ottosen skriv om, sjølv om dei som var med på å utforma bibeltekstane skulle meina at likekjønna samliv slik me kjenner det i dag ikkje er i samsvar med Guds vilje, ville det ikkje kvalifisera ein som bibeltru å forfekta dette synet av den grunnen.
LES OGSÅ: Ottosen svarer Moxnes: «Jeg tror Moxnes tar feil om hva Bibelens tekster refererer til»
Kva er Guds vilje?
Apropos avsendar, dersom ein reknar Bibelen for å vera Guds ord, kan dette innebera ei overtyding om at det er Gud som står bak tekstane der og er den eigentlege avsendaren. I så fall er det Gud som bruker desse tekstane som reiskap til å formidla bodskapen sin. Ei rett tolking av tekstane er følgjeleg ei som er i samsvar med Guds tankar og intensjonar med dei. Å leva og læra i samsvar med ei slik tolking kan moglegvis vera ein måte å vera bibeltru på. Utfordringa blir då å kontrollera tolkingane våre opp mot «fasiten» hos Gud. Men sidan ingen av oss har utvitydig kontakt med og kjennskap til Gud og tankane hans, blir dette etterprøvingsarbeidet verande utanfor rekkjevidda.
Viss ein vil vera bibeltru ved å tolka Bibelen i samsvar med Guds vilje, må ein altså vita kva denne er. Men korleis finn ein ut på utvitydig vis kva som er Guds vilje? Her peiker ein del kristne på Bibelen. Men då er me tilbake ved utgangspunktet. Korleis kan me, ved hjelp av Bibelen, finna ut kva Gud seier, for dermed å vita kva Gud seier gjennom Bibelen? Det går berre i ring og utan at ein tredje part, i tillegg til oss og bibeltekstane, kjem inn, har me ingen garanti for at me kjem fram til noko anna enn våre eigne tankar. Det same kan vel seiast om det å finna Guds utvitydig vilje i naturen eller inne i oss sjølv.
Kva seier fleirtalet?
På den andre sida trur me at Gud er til stades i kyrkja, fellesskapet av dei truande over heile verda, gjennom sin Ande, Sanningsanden, som leier oss fram til heile sanninga (Joh 16,13). Det er også vanleg å tenkja at Gud har openberra og framleis openberrar sin vilje for oss ved sin Ande i dette fellesskapet. Denne sanninga som Gud openberrar for kyrkja si, skulle kunna gi oss ein indikasjon på kva som er rett bruk og tolking av Bibelen. I så fall ville det å forfekta eit syn som ein meiner å finna belegg for i Bibelen, og som er i samsvar med kyrkjeleg lære forstått som Guds openberra sanning, kunna vera eit uttrykk for bibeltruskap. No er jo kyrkja diverre oppsplitta. Men det er nok slik at dei fleste med læreansvar i kyrkja - heile Guds kyrkje - avviser at likekjønna samliv er i samsvar med Guds vilje. Slik sett kunne denne forma for bibeltruskap støtta opp under Ottosens påstand om å vera bibeltru. Men eg er usikker på om han ville tenkt slik.
Kyrkjas lære
Endå ein måte å forstå bibeltruskap på er å bruka og tolka Bibelen i samsvar med dens eigenart. Tekstane i Bibelen voks fram over lang tid og gjennom arbeidet til mange menneske som levde under forskjellige kår og hadde ulike tankar om Gud, menneske og tilværet. Det finst altså eit klart mangfald blant desse tekstane. Det som, historisk sett, gjorde dei til ein samla heilskap, er fellesskapet av dei som trur på den treeinige Gud. Bibelen som enkelte bøker og som skriftsamling er eit produkt av dette fellesskapet, som me i dag kallar kyrkja. Bibelen er altså kyrkjas bok. Kyrkja kallar denne skriftsamlinga for Guds ord og trur dermed at Gud har stått bak og styrt utforminga og samlinga av desse skriftene.
Men det er innanfor og ved kyrkja at Bibelen har blitt til. Å bruka og tolka den på tvers av kva kyrkja lærer er dermed ikkje å bruka og tolka den i samsvar med dens eigenart som kyrkjas bok og dermed ikkje å vera bibeltru. Sidan kyrkja nesten overalt lærer at likekjønna samliv er i strid med Guds vilje, er det å bruka og tolka Bibelen i samsvar med dette, ein måte å vera bibeltru på. Men, igjen, sjølv om dette kan brukast som grunn til å hevda at Ottosen er bibeltru, er eg også her i tvil om han ville vera villig til å grunngi merkelappen slik.
Rom for ny tolking
Men å knyta bibeltruskap til kyrkjeleg lære - anten fordi ein trur at Gud openberrar sanninga for kyrkja eller fordi Bibelen på ein spesiell og normativ måte er kyrkjas bok - er problematisk fordi det kan hindra kyrkja i å bruka og tolka Bibelen til støtte for nye innsikter i nye situasjonar der kyrkja kanskje må avklara læra si og uttrykkja seg på ein annan måte enn tidlegare. På den eine sida må dei som offentleg gir uttrykk for kyrkjas lære i forkynning og undervising halda seg til ein bibelbruk og ei bibeltolking som er i samsvar med denne læra. På den andre sida må det vera rom i den indrekyrkjelege dialogen for å føreslå nye, og kanskje provoserande, måtar å bruka og tolka Bibelen på, til støtte for nye måtar å uttrykkja kyrkjeleg lære på. Dette er ei oppgåve der akademisk teologi og fagteologar har mykje å bidra med.
Gjennom desse refleksjonane omkring ordet «bibeltru» er det altså ikkje min intensjon om å setja ein stoppar for ei opplyst samtale om kyrkjeleg lære og om bibelbruk og -tolking. Det må det vera rom for. Det kan til og med henda at kyrkja endrar si lære om likekjønna samliv. I så fall vil det vera dei som deler Moxnes' syn som i framtida vil kunna pryda seg med merkelappen «bibeltru», av fleire grunnar.
LES FLERE SAKER I DEBATTEN RUNDT OTTOSEN-BOKA:
• Bokaktuell Espen Ottosen: «Seksuell legning har blitt et identitetsspørsmål»
• Les anmeldelsen: «Psykologiseringen over homofiles legning slår meg som dypt umoralsk»
• Espen Ottosen svarer Hugdal: «Anmelderen møter de jeg har intervjuet i boken med stor mistenksomhet»
• Anmelder Gunhild Maria Hugdal svarer Espen Ottosen: «Han er selektiv og ukritisk i boka si»