Verdidebatt

Når eit NATO-land svartelister kristne

FORFØLGING. Det er livsviktig å hjelpa kristne minoritetar der dei er. I Tyrkia gjer president Erdogan mykje for å hindra oss i det.

Vårt Lands sjefredaktør Bjørn K. Bore gjer i ein brei kommentar nyttårsaftan godt greie for kor viktig det er å hjelpa utsette kristne der dei er. Bore skriv i lys av diskusjonen om kvoteflyktningar.

Han siterer vår partnar i Irak, Emanuel Youkhana i hjelpeorganisasjonen Carpi, på at irakiske kristne er svikta både av Vesten og av utvandra irakiske kristne. Eit anna land der det er god grunn til å uroa seg for situasjonen for den kristne minoriteten, er Tyrkia. Situasjonen er alvorleg sjølv om den ikkje kjem opp i diskusjon om norsk flyktningpolitikk.

Ed Brown og Johannes Morken

Munk tiltalt for terror

Dei historiske kyrkjene i Tyrkia slit, mellom anna i Tur Abdin i søraust der nokre få tusen kristne framleis klorar seg fast. Før massemyrderia av armenske kristne og deportasjon av greske kristne for vel 100 år sidan, var dette eit kristent kjerneområde. No kjempar dei få attverande kristne mellom anna for å ta vare på gamle kyrkjer og kloster som under valdeleg og politisk press i mange tiår har hamna på statens hender eller på private hender.

Litt seinare denne månaden må ein munk – fader Aho – på nytt møta for retten. Han er tiltalt for medlemskap i ein terrororganisasjon. Han gav mat til to svoltne som kom til klosteret. Dei viste seg å vera medlemmar av den kurdiske PKK-geriljaen. Denne tyrkiske taktikken har pressa mange syrisk-ortodokse kristne ut av Tyrkia.

Omgjeringa av Hagia Sofia og Chora-kyrkja i Istanbul frå museum til moské i sommar, dokumenterer tydeleg president Erdogans autoritære vilje til å spela på islamistiske strengar i kampen for å gjera Tyrkia til eit ultranasjonalistisk land. I dette spelet vert situasjonen for kristne meir og meir klemt.

Fader Aho

Bøter for å utøva trusliv

Protestantiske kristne er diskriminerte og trakasserte. 5–6000 protestantiske kristne – dei aller fleste er konvertittar med islamsk bakgrunn – møtest i kring 170 små og litt større forsamlingar. Tre av FNs spesialrapportørar sende i august brev til Tyrkia. Dei reiste alvorlege spørsmål om manglande trusfridom for protestantiske kristne. Dei fleste protestantiske kyrkjelydane har til dømes ikkje fått godkjent bygga sine som kyrkjer. Dei lever difor under trussel om stenging eller høge bøter for å utøva offentleg trusliv i bygg som i prinsippet er forbodne til slik bruk, skriv FN.

Ingen tyrkiske kyrkjer har lov til å utdanna prestar, pastorar og andre leiarar i Tyrkia. Ei lov i 1971 forbaud dette, og eit gresk-ortodoks seminar i Istanbul måtte difor stengja.

Ei rad protestantiske kyrkjer er avhengige av leiarhjelp utanfrå. Men i 2019 og 2020 er minst 64 utanlandske kristne som i årevis har budd i Tyrkia saman med familiane sine og hatt ansvar i kyrkjelydar, blitt utestengde eller kasta ut. Dei er stempla som trugsmål mot Tyrkias nasjonale tryggleik og orden.

Regimet til Erdogan vil tydelegvis skremma utanlandske kristne frå å støtta dei protestantiske kristne.

—  Ed Brown og Johannes Morken

Svartelista medarbeidar

Fem av dei svartelista er ikkje busette i Tyrkia. Ein av dei er Vija Herefoss som har ansvar for å følgja opp Stefanusalliansens arbeid i Tyrkia. Vi har ingen faste utsendingar, men følgjer opp lokale partnarar ikkje minst gjennom reiser. No er altså vår nøkkelmedarbeidar i å støtta tyrkiske kristne der dei er, svartelista av president Erdogan.

På veg til ein internasjonal konferanse i mars i fjor vart Herefoss stogga på flyplassen i Antalya, fråteken passet og tvangssendt tilbake til Oslo. Årsaka var høgst sannsynleg at ho få veker før hadde delteke på ein konferanse for leiarane i protestantiske tyrkiske kyrkjer. Fleire andre utlendingar som var på den same konferansen, er også blitt svartelista. Truleg er to andre kollegaer som var på konferansen, også svartelista.

FN-rapportørane bad i brevet Tyrkia forklara seg om saka til mellom andre Vija Herefoss. Tyrkia har svart FN at alt er i orden med behandlinga av minoritetar – og at landet er i sin fulle rett til å utvisa og stengja ute utlendingar av nasjonale tryggingsgrunnar. Kva som har gjort Herefoss og andre lovlydige utlendingar til eit slikt alvorleg trugsmål, står det ikkje noko om. Tyrkias ambassade i Oslo har ikkje svart på spørsmål frå våre medarbeidarar.

Skal ikkje trekkja oss tilbake

Erdogans svartelisting av utanlandske kristne seier noko alvorleg også om korleis NATO-landet Tyrkia ser på dei protestantiske kristne i landet. Regimet til Erdogan vil tydelegvis skremma utanlandske kristne frå å støtta dei protestantiske kristne.

Stefanusalliansen vil finna nye måtar å støtta Tyrkias kristne på. Vi skal ikkje trekkja oss tilbake, vi vil framleis vera deira stemme. Der dei tyrkiske kristne er.

Mer fra: Verdidebatt