Det er eit forferdeleg bilete. Det viser ei lita jente som har blitt skoten, liggande på ein veg. Det ser ut som ho har blitt drept. Ein liten gut sleper kroppen henne unna.
Tidlegare denne månaden vart biletet delt på X – platforma som tidlegare heitte Twitter. Det vart fulgt av ein tekst som fortalte at to palestinske born hadde henta vatn i det dei vart skotne på av israelske styrker. «Veslebroren hennar slepte kroppen til storesøstra si heim». Endå ei rystande forteljing om den menneskelege kostnaden ved krigen mellom Israel og Hamas, altså, og eit døme som kan få blodet til å koka i sosiale media i 2023. Kanskje er nettopp dèt også poenget. Raseriet.

Gamle bilete, falske bilete, feil bilete
Men det er eit problem: biletet er ikkje frå Gaza, og ikkje frå Vestbreidda. Det er frå byen Taiz i Jemen, og vart fyrst publisert i sosiale media i august 2020. Det me ser er eigentleg ei scene frå den grufulle jemenittiske borgarkrigen. Ifølgje mediarapportar frå den gongen vart jenta – som er namngjeven – angiveleg skoten av ein snikskyttar frå den såkalla Houthi-militsen. Det vart også rapportert at ho hadde overlevd.
Eit anna døme: Ein video, sagt å vera av to palestinske journalistar. Rett bak dei vert eit missil skote opp frå ei mobil avfyringsrampe, montert på ein bil. Teksten som følgjer med konkluderer med at dei er journalistar i hermeteikn; eigentleg er dei terroristar. Men bileta er ikkje frå Palestina i det heile. Dei er frå Syria, og frå den framleis pågåande syriske borgarkrigen.
Begge eksempla er lånt frå BBC-journalisten Shayan Sardarizadeh, som i ei rekkje trådar på X har vist til døme på misvisande bilete publisert i sosiale media i samband med krigen mellom Israel og Hamas. Men eg kunne like gjerne ha vist til eit utal andre døme. Eg kunne ha peika på bilete av ein namngjeven amerikansk general som vert påstått å ha vorte drept på Gaza, men biletet er eit nesten tjue år gamalt bilete, teke ein heilt annan stad, den avbilda mannen heiter noko anna, og han er dessutan i live.
Eg kunne ha vist til bilete frå kampscener, som syner seg å eigentleg vera henta dataspelet Arma 3. Eg kunne ha peikt på bilete av lidande born, som syner seg å vera generert med kunstig intelligens.
I informasjonskrigen på nett dukkar det opp både gamle bilete, falske bilete og bilete som er rivne ut av kontekst
Fleire partar enn to
Den verkelege krigen er sjølvsagt grufull. Startskotet var eit koordinert terroråtak frå Hamas; så blodig og så grotesk at tekstlege skildringar åleine er nok til å mista nattesømnen av – og i sosiale media vart dessutan levande bilete spreidd, ikkje sjeldan av ugjerningsmennene sjølv. Det israelske svaret på terroren har vore ein omfattande bombekampanje og ein bakkeinvasjon i eit særs tettfolka område, noko som heilt utvilsamt har kosta mange, mange menneskeliv, også uskuldige.
Forteljingane om krigen er i seg sjølv prega av ulike og kolliderande narrativ, som gjerne speglar kvarandre i svart-kvite konstruksjonar. Verkelegheita er ofte fæl nok, og kan nyttast til å vekkja konnotasjonar til tidlegare lidingar. Terroråtaket 7. oktober hadde form av ein anti-jødisk pogrom. Dei mange internt fordrivne på Gazastripa, vekkjer minnene om palestinaranes an-Nakba, katastrofa, om flukt og fordriving i samband med den arabisk-israelske krigen i 1948.
Men i informasjonskrigen på nett dukkar det også opp både gamle bilete, falske bilete og bilete som er rivne ut av kontekst. Nokre av dei vert tilsynelatande spreidd av reine nettroll, for moro skuld, for å sjå kva som kan passera. Andre har openbert propagandaverdi og er meint å byggja opp under konkrete narrativ, anten dei er til støtte for ein av partane i konflikten, eller dei berre bruker konflikten for å fremma heilt andre forteljingar, til dømes ei forteljing om vestleg hykleri. Som New York Times skreiv i byrjinga av november: «Konflikten mellom Israel og Hamas er raskt i ferd med å verta ein verdskrig på nettet».
Iran og Russland
Seint i oktober peikte tenketanken Institute for Strategic Dialogue mellom anna på korleis iranske og russiske propagandistar har nytta situasjonen.
Frå iransk hald har det vorte seld ei forteljing om at terroråtaket 7. oktober var eit strategisk slag mot Israel, medan USA har fått skulda for palestinske lidingar. Iran, og statsleiaren i landet, ayatolla Khamenei, har på si side vorte framstilt som ein del av ein panislamsk motstand mot nykolonialistiske vestlege krefter, og – naturlegvis – mot Israel.
Frå russisk hald ser ein at konflikta har vorte nytta til å byggja opp under anti-vestlege og anti-ukrainske narrativ. Det har blant anna vorte gjort gjennom å skulda Vesten for doble standardar, eit salbart bodskap i store delar av verda, og gjennom å leggja skulda på vestlege land for ei eskalerende konflikt. I tillegg har det vorte servert propagandistiske påstandar, som at Ukraina har utstyrt Hamas med våpen, våpen landet sjølv har fått frå NATO.
Kort fortalt: Fleire kan ha interesse i å selja deg med sine forteljingar. Tenk over kva du kjøper.