Det er ei utbreidd oppfatning at islam er ein religion som manglar religionsfridom og toleranse for andre religionar, noko som har ført til fiendtlege haldningar til islam og muslimar. Dette er urettferdig og feil! «Ekte islam» er toleransen og religionsfridomens religion.
Islam er ikkje er muslimar. Når vi vil lesa kva islam er, må vi ta det frå den heilage boka, Koranen, frå kjelda si, sidan det er Guds ord. Kvifor ta det frå andre kjelder når primærkjelda eksisterer? Alle andre kjelder er berre meiningar, ikkje sjølve religionen.
Vi ser klart at profetens ansvar er begrensa. Han skal berre formane, ikkje vere kontrollerande over andre.
Gud sin oppgåve å dømme
Gud har stt opp bestemte oppgåver for profetane han sendte. Desse oppgåvene går ut på å forkynne bodskapet, ikkje å dømme, tvinge, eller straffe. Dette inkluderar profeten Muhammed, som til dømes i dette verset frå Koranen, der Gud seier til profeten Muhammad at det er Gud si oppgåve å dømme: «Om Vi lar deg se noe av det som Vi har utlovet for dem, eller Vi lar deg dø, så påhviler det deg kun å forkynne (budskapet), og Oss å dømme» (13:40).
Her fortel Gud profeten at han må forkynne bodskapet, å vise folket den rette vegen (alt frå å tru på Gud og dommedag, til dei gode gjerningar). Gud, som omtaler seg som «Oss», er den som har oppgåva om å dømme. Viss profeten sjølv ikkje får oppgåva om å dømme andre sin tru, korleis skal andre vanlege menneske kunne gjere det? Verset oppmuntrar til å vere tolerant overfor dei som trur på andre religionar, og også overfor dei vantru. For i eit anna vers ber Gud profeten seie dette til dei vantru: «For dere er deres levemåte, og for meg er min levemåte!» (109:6).

Oppgåva til profeten er nemnd i mange vers i koranen. Gud minner profeten Muhammed på at han er berre ein formanar, altså ein forkynnar. «Så forman du, for du er kun en formaner» (88:21) «Du er ikke satt over dem som en diktator» (88:22). Profetens ansvar er altså avgrensa. Han skal ikkje vere kontrollerande overfor andre.
Religionsfridom
Vidare seier Gud: «Og hvis Herren din hadde villet, ville visselig enhver på jorden ha antatt troen, absolutt alle sammen, skal da vel du tvinge dem helt til de blir troende?» (10:99). Her seier Gud at han kunne gjort alle til truande, for han er allmektig, men han gjer det ikkje! Og han har heller ikkje bedt profeten om å gjere det, for dette er ikkje nokon menneskeleg oppgåve.
Tvang i religion er aldri noko som kan gjerast. Dette er Guds lov, der vi får fri vilje til å tru på det vi vil. «Det er ikke tvang i religionen» (2:256) er eit anna vers – og det motsatte av tvang er fridom!
Mange vers frå Koranen viser altså at «ekte islam» støtter religionsfridom sterkt. Eg vil likevel stille eit spørsmål til lesarane: Ut frå desse versa i Koranen, seier vi at islam er for religionsfridom eller imot?