Den første steinen.
Eg kjempar meg gjennom lydbok-serien «Misjonærbarna» av Øystein Stene. Tårene renn, og etter femte episode løftar eg ein stein. Men om eg kastar blir glashuset mitt knust. Vil eg det?
Saman med mange varme medkristne har eg vore med i misjonsarbeid, i god tru og med hjartebrann for at fleire må få bli kjende med Jesus.
Historia i femte episode, om misjonærbarnet og Misjonssambandet/Frikirken som i 2013 møttest som motpartar i norsk rettssal, hugsar eg så vidt. Eg las overskriftene og innrømmer at eg hadde denne fromme tanken: «Skal vi som kristne verkeleg slåst i rettsapparatet?»
Eg stolte blindt på rettsapparat og misjonsleiarar, og da misjonærbarnet tapte saka, da let eg det fare, og eg tenkte kanskje at dette var ei bråkebøtte. Eller tenkte eg noko som helst? Eg er flau over lite refleksjon. No ser eg at eg burde ha sett det blodraude, blinkande faresignalet.
Eg er medskuldig
Å, som eg angrar! Eg er medskuldig. Og i smerte kastar eg steinen som knuser glashuset eg sit i:
Korleis kunne de møte misjonærbarnet slik? Korleis kan kristne leiarar få drive på, i årevis, slik dei har gjort?
Kvifor reagerer vi ikkje? Kvifor vrengjer ikkje misjonsleiarar av seg kappene sine og set seg i oske?
Kunne gode hyrdar hindra polarisering? Kunne vi vore ein kropp? Kunne vi bore byrder for kvarandre? Kunne vi delt gleder og sorger?
Vi vil så gjerne spreie ordet om Den gode hyrde til alle. Han som gjekk langt for å leite etter den eine, og som var villig til å ofre livet sitt for sine eigne. Har vi forlagt historia om den miskunnsame samaritan?
Jesus, han som fornedra seg sjølv – er vi i Han og Han i oss? Kjenner vi Han? Kjenner Han oss?
Kyrie Eleison!
Les de andre debattinnleggene i denne serien her:
Misjonærbarnet: «Det skulle ikke ha vært nødvendig å prøve å trøste bort hjemlengselen»
Læreren: «Tenkte man at man ikke trengte bekymre seg for barna fordi de var i Guds hender?»
Misjonærbarnet: «Åpent brev til tanter og onkler fra misjonsmarken»
Er det for stor smerte å ta inn?
Når dei undertrykte blir sinte nok, så kan vi med reinvaska hender seie at dei snakkar ikkje heilt sant, nokre detaljar er feil, dei snakkar ubalansert om saka, kan dei aldri bli nøgde, og så vidare.
Og slik kan eg gå fri. Slik kan eg koste av meg dette ubehagelege, eg kan seie uff og i fred fortsette med oppgåva mi.
Er det for stor smerte å ta inn? Mange varme menneske har gjort stor og beundringsverdig innsats i innland og utland. Tilsette og frivillige. Kva med alt som har vore veldig bra?
Eg vågar å tru at Jesus græt og vil gråte med oss alle
Eg lurar på:
Kunne gode hyrdar hindra polarisering? Kunne vi vore ein kropp? Kunne vi bore byrder for kvarandre? Kunne vi delt gleder og sorger?
Har ikkje lytta til våre eigne
Eg håpar eg kan vera med og ta imot djupe, såre skrik og sinte, fresande ord frå barn, foreldre og andre som ikkje blir sett og høyrt av organisasjonen sin. Og at vi aldri, aldri seier: Er de ikkje snart ferdige med dette?

Er vi klare til å ta del i smerta dersom ein «høgt i systemet» bryt saman i djup sorg over dei psykiske og andelege overgrepa han har vore med på? Eg kan ikkje sjå at vi kan ha tillit til kvarandre før vi saman erkjenner at rettssaka i 2013 var eit einaste stort overgrep. Er det nokon som deler smerta med meg?
At eg, og mange tusen, ikkje har høyrt og ikkje har prøvd å leite opp og lytte til våre eigne som lir.
Eg vågar å tru at Jesus græt og vil gråte med oss alle.
Kyrie eleison!