Verdidebatt

Islam inkluderer

«EKTE ISLAM»: Koranen oppmuntrar til diskusjonar med ulike religionar og trusretningar på ein vakker måte.

Eg vil takke Ola Garli for det konstruktive svaretinnlegget mitt.

I Koranen er ikkje «islam» knytta til ein spesifikk profet. Alle profetar kom med islam. Islam er ei underkasting til Gud og til det du veit er sant. Så den inkluderer jødar og kristne.

Koranen oppmuntrar til diskusjonar med ulike religionar og trusretningar på ein vakker måte. Ein viktig ting er å finne det som er felles mellom oss og leve med det. I tillegg er ikkje paradiset knytta til ein spesifikk religion.

Khadija Nezar Owdah

Ikkje tvang

«Visselig, de som antok troen, og de som var jøder, og kristne og sabeere, (alle av dem) som antok troen på Gud og den ytterste dagen og handlet rettskaffent, de har belønning i vente hos sin Herre, og ingen frykt vil være over dem og heller ikke vil de være triste» (Sure 2,62).

Dei brukte religion for å rettferdiggjere sine gjerningar

Når vi snakkar om dei vantru, så handlar det også om ei vakker forkynning, og det er ikkje tvang i religionen. Men når ein peikar på korleis det var i den «islamske» historia, var det ofte behandlingar som stridar mot Koranen og ekte islam. Omgrep som «kafir» og «jihad» blir definerte heilt feil. I Koranen er dei definerte og Koranen er fast, men problemet ligg i at myndigheitene som var i det islamske samfunnet har forvrengt og endra på definisjonane for sine personlege ønske og dømekraft. Dei brukte religion for å rettferdiggjere sine gjerningar.

«Ein menneskeskapt islam»

Dette har fortsett til å bli ein «menneskeskapt islam». Ein menneskeskapt religion som har islamske omgrep. Det har ikkje noko med Koranen å gjere, består kun av gjengivne ord. Når eg seier «ekte islam», er det det guddommelege. Ekte islam er fri frå alle menneskelege, onde tilbøyelegheiter. Hensikta med dette skillet er å frita Koranen og ekte islam frå desse forvrengningane og urettferdigheitane. Ja, vi treng store reformar som skal redefinere islam (definere det slik Gud definerte det). Vi kan finne dei, men dei er lite.

«Jihad»-omgrepet betyr å anstrenge, så det kan vere i ulike formar. Men jihad i kampform er berre tillatt mot aggressorar, altså som sjølvforsvar eller støtte til dei undertrykte.

Mer fra: Verdidebatt