Verdidebatt

Ansvarleggjering, ikkje latterleggjering

KJØNNSROLLAR: Subjekt-redaktør Danby Choi har rett i ein ting: Likestilling er ikkje eit nullsumsspel. Då er det rart at han forsvarer at unge menn ser opp nettopp til folk som hevdar at likestilling for kvinner står i vegen for deira eigne ambisjonar.

Choi hevdar i tilsvaret til min kronikk i Vårt Land 25. november at eg latterleggjer dei som synest synd på unge gutar. Det stemmer ikkje. Choi har rett i at gutar tapar på mange statistikkar, og nettopp derfor meiner eg at fleire av konklusjonane i Mannsutvalet sin rapport er så viktige: Dei løftar gutane og mennene utan at det går utover kvinnene.

Mai Lene Fløysvik Hæåk

Blandar Choi?

Det verkar for meg som om Choi blandar latterleggjering med ansvarleggjering. For det eg ønsker er å ansvarleggjere unge menn og kor dei hentar inspirasjon. At dette skal vere latterleggjering i ei tid kor Jordan Peterson kjem med relativt enkle grep for å vere meir disiplinert, og kor tusenvis av nordmenn benkar seg framfor Kompani Lauritzen to gonger i året for å sjå på at undommar og kjendisar blir møtt med krav og streng disiplin, er eit paradoks. Unge menn må rett og slett tole å høyre at Trump og andre som snakkar ned kvinner og likestilling ikkje er ei inspirasjonskjelde, og dei må ta ansvar for kva dei løftar fram som gode førebilete.

Så kan det jo hende at eg har kome i skade for å spissformulere meg litt, men eg hadde kanskje trudd at ein person som har bygd karriera si på ytringsfridom og retten til å seie det ein meiner ikkje ville reagere på spissformuleringar med å kalle motparten «grunnleggende ukristelig».

Kven kan eg legge ansvaret for mine kjensler på?

Choi argumenterer i det store og heile mot ein del ting eg aldri har skrive. Til dømes gir han stor plass til å argumentere mot «giftig maskulinitet», eit omgrep eg ikkje har brukt og som eg meiner er dårleg – fordi maskulinitet ikkje er giftig i seg sjølv. Det er viss ein bruker maskulinitet som grunngjeving for å undertrykke kvinner og jobbe mot likestilling at det blir farleg.

Legg ansvaret på meg

Vidare framstiller han det som om det eg kjempar for er noko heilt anna enn det feministar på 70-talet jobbar for, men tru det eller ei: Eg ønsker òg først og fremst å kjempe for kvinner si sak, og akkurat no innebar det å seie at unge menn ikkje bør hente inspirasjon frå folk som snakkar ned likestilling og set vondsinna merkelappar på kvinner.

Det er ikkje å «kastrere menns sak». Kanskje hadde det tvert imot hjelpt menn ein del å ta avstand frå Trump og andre liknande førebilete dersom dei ønska faktisk endring.

Det verkar for meg som om Choi blandar latterleggjering med ansvarleggjering

Choi legg ansvaret for at unge menn og gutar ønsker å stemme Trump over på meg og dei som ikkje automatisk godtek premissen i hans argumentasjon. Kven kan eg legge ansvaret for mine kjensler på? Eller er det berre slik at «sinte feministar» har eit ansvar for andre sine kjensler medan unge menn og redaktørar kan få skrive akkurat det dei ønsker utan å ta ansvar for korleis det påverkar samfunnsutviklinga?

Mer fra: Verdidebatt