Dette vert tydeleg når biskop emeritus Halvor Nordhaug kjem på banen 17. januar for å setja skapet på plass.
Åste Dokka stiller spørsmål som: Kvifor treng ein kjærleg Gud å straffa? Kan det å straffast for andres urett kallast nåde? Og kan ein syndebukk frita eit syndig folk for straff?
Tanken med syndebukken forklarer ho med at ein «overfører skylden for at noe har gått galt til ett individ, og ved å ta livet av det individet, fjerner man også skylden og kan begynne på nytt.»
Dokka skulle ønska at det ikkje var slik, og skulle heller sett at Jesus var som ein kosmisk Lars Monsen, ein «friluftspappa» som hjelper oss når vi har hamna på villspor. Forståeleg nok.
Det eg trur den klartenkte Dokka eigentleg prøver på, er å finna eit alternativ til forsoningsteorien som vert kalla stadfortredande straffliding (penal substitution på engelsk).

Biskopens juridiske oppgjer
Biskop emeritus Halvor Nordhaug prøver å hjelpa og startar innleiingsvis rettmessig med å poengtera at biletet av ein Gud som er ute etter å straffa, er problematisk, «og får ikke fram at Guds kjærlighet er drivkraften bak hele forsoningsverket».
So far, so good.
Men når biskopen skal koma med si forklaring, er det framleis det juridiske oppgjeret som er sjølve poenget. Uretten er så stor at «det må komme et oppgjør».
Det er som teke rett ut av ei lærebok om rettsfilosofi, der prinsipp som retributivisme og gjengjeldelse er det som skal få alt i balanse igjen. «Gud Faderen lar oppgjøret ramme Sønnen på korset, slik at vi alle kan gå fri», som biskopen formulerer det.
Det eg såg etter å ha blitt ortodoks
Eg er berre ein vanleg lekmann i Den ortodokse kyrkja, men eg er oppvaksen i den same kyrkja som Dokka og Nordhaug. Og etter at eg vart ortodoks i 2016 har eg merka meg ein interessant forskjell:
Når Den ortodokse kyrkja skal forklara kva Jesus gjorde for oss, vert det forklart heilt utan bruk av juridiske omgrep om straff og gjengjelding.
Enkelt sagt er forklaringa på dette at læra om stadfortredande straffliding er av ganske ny dato, medan Den ortodokse kyrkja held seg til dei eldste forklaringsmodellane.
Den juridiske tankegangen vart linsa alt skulle sjåast gjennom
Straffeteorien oppstår
Straffeteorien utvikla seg i skolastikkens Vest-Europa med katolske teologar som Anselm, Aquinas, Scotus og Ockham som forløparar. Dei levde i ei tid der jusen vart teologisk (med sine tankar om rettferd og moralsk orden grunnlagt i Guds vilje), medan teologien vart juridisk.
Martin Luther var opplært i den skolastiske metoden og brukte eksplisitte juridiske omgrep i si frelseslære. Han framstilte frelsa som ein juridisk prosess der Gud, som dommar, erklærer syndaren rettferdig (justificatio) fordi Kristi rettferd blir tilrekna (imputatio) syndaren, medan syndarens skuld blir tilrekna Kristus.
Dette passa perfekt inn i den unge Jean Calvins tankegang. Han var ikkje berre skolastisk opplært, men hadde også teke formell juridisk utdanning før han vart overtydd av den lutherske tankegangen som var i ferd med å spreia seg utover Europa.
«For å stilla seg mellom oss og Guds vreide, og tilfredsstilla hans rettferdige dom, var det naudsynt at han kjende tyngda av den guddomlege vreiden», lærte Calvin i sitt hovudverk Undervisning i den kristne religionen.
Brillene Calvin såg Bibelen gjennom
Deretter brukte han denne frelseslæra som tolkingsnøkkel for å forstå kva som kjenneteikna dei gamaltestamentlege ofringane. Den juridiske tankegangen vart linsa alt skulle sjåast gjennom.
I sin kommentar til 3. Mosebok kapittel 1, skriv Calvin at «det finst ikkje det minste tvil om at dei overførte skulda deira og straffa dei hadde fortent over på offera» før dei skulle ofrast.
Men det finst det betydeleg tvil om. Jødar på Jesu tid forstod det ikkje slik. Den jødiske filosofen Filon av Alexandria (Ca 29 f.Kr. – 50 e.Kr.) forklarer i Om de særskilte lovene at handspålegginga ikkje handla om å overføra skuld, men symboliserte offergjevarens intensjon om å leva eit reint og uskuldig liv, lik dyret han la hendene på.
Vidare ser me mange stader i GT at prestane la hendene også på dyr som skulle ofrast som fredsoffer, der poenget ikkje var å fjerna skuld i det heile. I staden dreidde det seg om takksemd og feiring, som til dømes då Salomo innvia tempelet og slakta store mengder dyr som del av fredsofferet der kjøtet vart ete under den påfølgjande festen.
Ofring heilt utan drap
Calvin vil ha det til at dyrets død er hovudpoenget i ofringane. Men i Mosebøkene vert det skildra ei rekkje ofringar som ikkje kravde at noko dyr døydde i det heile. Ein kunne til dømes ofra korn, vin eller velluktande røykjelse som gåver til Gud.
Ofring i GT dreidde seg nemleg om noko heilt anna enn å ta hemn på eit uskuldig offer i staden for nokon annan. For meir om dette tilrår eg boka Welcoming Gifts: Sacrifice in the Bible and Christian Life av Jeremy Davis.
Rett nok fanst det ein situasjon der presten overførte folkets synder over på eit dyr, nemleg under Yom Kippur, eller Den store soningsdagen, som også Åste Dokka indirekte nemner.
Ho forklarer logikken bak med at skulda blir overført til dyret, og når dyret blir drepe, forsvinn også skulda. Så også med Jesus:
«Gud trenger å straffe noen, og er så grei å straffe Jesus i stedet for oss mennesker. Det er ikke så rart at dette er mønsteret Jesus tolkes inn i, fordi det var forståelig for de første tilhørerne», meiner Dokka.
Syndebukken som aldri vart ofra
Men dette hadde slett ikkje vore forståeleg for dei første tilhøyrarane. Derimot hadde Luther og Calvin nikka anerkjennande.
Dei jødiske tilhøyrarane, som kjende offerlogikken ut og inn, hadde derimot visst at dyret som får syndene overført på seg under Yom Kippur, ikkje vart ofra i det heile!
I 3. Mosebok 16, 21–22 les me at så fort øvstepresten hadde lagt syndene på dyret, skulle ein mann stå klar til å føra dyret bort frå det heilage området. Å bera død eller synd inn i heilagdomen ville vore heilagbrot. Berre det reinaste av det reine hadde tilgang.
«Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka.» Ut i øydemarka der kaoskreftene rådde.
Ein bukk nummer to, syndofferbukken, feilfri og rein, var den som vart ofra. Og denne bar ikkje på overførte synder og heller ikkje noko straff i staden for andre.
Det Calvin ikkje kan forklara
Eg håpar det no tek til å bli tydeleg at Calvins modell er ubrukeleg for å forklara ei einaste offerhandling i GT.
Problemet er ikkje berre at Calvin feiltolkar det gamaltestamentlege offersystemet, men at heile forsoningsverket vert redusert til denne eine typologien, som han attpåtil misforstår.