Ein profetisk appell til å visa miskunn, krev respons. Spørsmålet er korleis kvaliteten på denne responsen skal innverka på måten vi vurderer gjennomslagskrafta til den profetiske talen.
I sluttappellen i preika hennar 21. januar 2025, kom biskop Mariann Edgar Budde med ei innstendig bønn, direkte til den nyinnsette amerikanske presidenten, Donald Trump:
«In the name of our God, I ask you to have mercy upon the people in our country who are scared now.»

«Nasty in tone»
I ei tid med mykje uro og harde frontar, var det mange som oppfatta talen til biskop Budde i på den nasjonale bønegudstenesta i Washington Cathedral som profetisk tale.
Ikkje minst i måten ho bad Trump ta særleg omsyn til barn i LGBTQ+-familiar og migrantfamiliar.
Men Buddes oppmoding vart ikkje tatt spesielt godt i mot av presidenten, som meinte at biskopen var «nasty in tone, and not compelling and smart.» I tillegg var gudstenesta «very boring and unispiring.»
Appellen til miskunn fall altså ikkje umiddelbart i god jord. Og akkurat det skapar eit aldri så lite dilemma: Kor viktig er responsen på ein profetisk tale når ein skal vurdera effekten av slik tale?
Sagt på ein annan måte: Kor viktig er det at ein profeti får gjennomslag hos det ein må anta er talens kjernepublikum?
Å tala aporetisk
Hos dei gamaltestamentlege profetane er kallet til omvending og bot ofte tydeleg uttrykt, gjerne følgt av eksplisitt eller implisitt maktkritikk.
Naturleg nok varierer det om slike formaningar fell i god jord hos kongen eller herskaren. Men sidan den profetiske bodskapen feller dom over fortida eller notidssituasjonen (eller begge delar), så er det avgjerande ein slik bodskap vert følgt av ein respons.
Den profetiske talen er jo nettopp ofte eit kall til oppgjer og endring. Talens crux ligg i domen som vert felt, og korleis denne domen vert mottatt. Sjangermessig er slik profetisk tale ein rettstale, eller ein forensisk bøddeltale, om du vil.
Det inneber at domen i retorisk forstand er ein slags apori – altså eit paradoks som formidlar noko uoppgjort eller uavklart som krev respons, i tale eller handling.
Den franske filosofen Jaques Derrida bruker omgrepet ‘apori’ for å skildra nettopp paradoksale eller besværlege spørsmål som får deg til å tenkja – og kanskje til og med handla – annleis.
På denne måten kan ein profetisk bodskap også vera ein apori ved at profetordet tvinger tilhøyrarane til å gjennomtenkja den aktuelle røyndomen på nytt i lys av Guds ord: «In the name of our God, I urge you to have mercy upon the people in our country who are scared now.»
Men eitt sentralt spørsmål er framleis uavklart: Korleis skal profetisk tale tvinga kjernepublikum til å tenkja og handla annleis?
Å tala i likningar
I andre Samuelsbok kapittel tolv kan vi lesa historia om profeten Natan som kom til kong David, etter at David hadde vore utru med Batseba og sørgja for at mannen hennar, Uria, vart drepen i strid.
Natan startar med å fortelja kong David ei likning om to menn, den eine rik og den andre fattig. Den rike mannen hadde store mengder med sauer og kyr, men den fattige mannen hadde berre eit einaste lite holam. Lammet var som ei dotter for han. Han alte det opp, det åt av brødet hans, drakk av begeret hans og sov i fanget hans.
Ein dag kom ein ferdamann på vitjing til den rike mannen. Men han kvidde seg for å ta av sitt eige småfe eller storfe og laga til for gjesten. I staden tok han lammet som den fattige eigde.
David vart brennande harm då han fekk høyra denne forteljinga og sa til Natan: «Så sant Herren lever, den mannen som har gjort dette, skal døy!» Då vende Natan seg til David og sa: «Du er mannen!»
I sluttsatsen av preika si vende biskop Budde seg direkte til president Trump og minna han om at han hadde fortalt heile nasjonen at han hadde «felt the providential hand of a loving God.»
Buddes avslutning av preika lyder som eit aldri så lite ekko av Natans respons til kong David: «Du er mannen!»
Trumps respons på talen skil seg imidlertid markant frå kong Davids. Biskopens bønn om å visa miskunn ser ikkje ut til å ha endra måten Trump tenkjer eller handlar på.
Likevel, gjennomslagskrafta til ein profetisk tale vert verken avgjort ved folkeavstemming eller gjennom presidentordre.
Ironisk nok, så kan det verka som profeten Natans aporetiske tale i form av ei likning viste seg meir effektiv enn ein direkte appell om å visa miskunn.
Her kunne vi ha stoppa opp for eit meir spekulativt intermesso – nemleg ei samanliknande analyse av personlegdomstrekk hos gamaltestamentlege kongar og notidige presidentar.
Det skal vi ikkje gjera. Vi skal heller stilla eit kritisk og (forhåpentlegvis) konstruktivt spørsmål: Kva type likning kunne ha bevega presidenten sitt hjarte og sinn til å tenkja og handla annleis?
Å tala for å overtyda
Kva er det eigentleg som gjer at ein profetisk tale får gjennomslag? Frå eit retorisk perspektiv er svaret sjølvsagt at det kjem an på.
Det kjem an på om den som talar evnar å formidla med truverd og bruka veleigna retoriske verkemiddel som skapar overtyding – særleg hos det som er talens kjernepublikum.
Likevel, gjennomslagskrafta til ein profetisk tale vert verken avgjort ved folkeavstemming eller gjennom presidentordre.
Men ein kjem ikkje unna av den profetiske talens overtydingskraft heng saman med talens evne til å formidla det uavklarte, det uoppgjorte, det aporetiske. Med mål om få tilhøyrarane til å tenkja og handla annleis.
Og den mest kraftfulle måten å endra publikums hjarta og sinn er ofte gjennom å fortelja historier. Difor må ein profetisk appell som legg opp til ein respons hos mottakaren ta omsyn til det aporetiske elementet. Også i den formale utmyntinga av den profetiske talen.
Sagt på ein annan måte: Morgondagens profeti er ei likning som ventar på å bli fortalt.