Verdidebatt

Kva er det med Kongo som gjer oss så makteslause?

AFRIKA: Denis Mukwege fortel oss med eit alvorleg blikk at valdtekt blir brukt som våpen. Kvinner, born, uskuldige, ingen blir spart i denne konflikten. Eg synes det er oppsiktsvekkjande at afrikanske kriser ikkje skapar det same engasjementet som Palestina.

Verdas største humanitære krise har blitt enda større. M23, ein milits som sannsynlegvis er støtta av Rwanda, har tatt over store delar av Aust-Kongo. Ein krig for å skaffe seg kontroll over viktige mineral. Millionar av menneske som allereie er på flukt, må flykte igjen. Vi er avhengige av DR Kongo for å få kobolt til teknologien vår. Likevel verkar det som om få har tatt innover seg problema landet står overfor. Vårt behov for teknologi har vore ei drivkraft i eskaleringa av krigen.

Kvifor er engasjementet for det som skjer i afrikanske land så lite? I fleire dagar har nyheitsmedia skrive om det som skjer i DR Kongo. Denis Mukwege, tidlegare fredsprisvinnar, har stilt kritiske spørsmål ved at FrP ønskjer å samarbeide med Rwanda om asylpolitikk. Likevel har ingen parti kasta seg inn i debatten og utfordra dei på dette. Vidare får vi høyre at soldatar i FNs fredsbevarande styrke har blitt skotne og drepne av M23-militsen, men eg har ikkje sett norske fredsaktivistar fordømme Rwanda. Denis Mukwege fortel oss med eit alvorleg blikk at valdtekt blir brukt som våpen. Kvinner, born, uskuldige, ingen blir spart i denne konflikten. Kva er det med Kongo som gjer oss så makteslause?

Vegard Nedrelid

Så langt borte

Vi får sjå bilete av born som gøymer seg under sengene på den lokale barneheimen i Goma. Offer etter seksuelle overgrep, som lever i konstant frykt for å bli skotne og drepne i krigen som herjar utanfor vindauget. Kvar er dei som vanlegvis står opp for born, dei som blir rasande sinte for at samfunnet vårt ikkje bryr seg om uskuldige menneskeliv? Det er lett å kritisere meg for whataboutism, eg skjønar det. Det er så mange kriser, og det er så vanskeleg å ta innover seg alle. Likevel synest eg det er både ein skummel tendens og oppsiktsvekkjande at afrikanske kriser ikkje skapar det same engasjementet som Palestina, og eg klarer ikkje å forstå kvifor det må vere slik?

Eg hadde trudd at uretten i Palestina skulle skape ei større forståing for all urett i verda, men det stoppa der

Det er så langt borte, det har ikkje noko med oss å gjere. Det kan vere at denne tanken har falt ned i hovudet ditt eit par gongar medan du har lese dette. Likevel ligg telefonen din i lomma, el-sykkelen står kanskje i boda og el-bilen er parkert i garasjen. Denne konflikten er så ufatteleg nær oss, og den har alt med vårt forbruk å gjere. Det er ein krig for eit dyrebart mineral. Eg lurer på kvifor ingen ropar ut om boikott no? Er det fordi det kostar oss meir denne gongen? Det er lettare å boikotte Israel og Russland, men dette handlar om det vi ønskjer å eige, dette handlar om vårt behov for å stadig kjøpe ny og betre teknologi, og vil ein boikott eigentleg stoppe denne krigen? Kva er vitsen med den då?

Ein form for rasisme?

Kobolt var problematisk også før krigen braut ut på ny i Aust-Kongo. Tidlegare har Amnesty hatt opprop for å krevje etiske batteri. Dei meldte om 40 000 born som jobba i slaveliknande forhold i koboltgruvene. Rapporten kom ut i 2017, og var eit vitne om at våre mobilar, el-bilar og datamaskiner var fulle av blod-kobolt. Det blei stilt eit krav om at verda måtte engasjere seg for å sørgje for rettferdig elektronikk. Akkurat no er DR Kongo i eit søksmål mot Apple, nettopp fordi dei meiner at Rwanda sel kobolt som er skaffa på grunn av denne blodige konflikten.

Så kvifor er det så få som engasjerer seg? Ein kan vel ikkje engasjere seg for alle katastrofar i verda. Eg veit ikkje om du tenkjer det no, men det kan vere lett å meine det. Likevel synest eg det er så veldig rart at det som skjer i DR Kongo ikkje skapar like stor misnøye blant politikarar, kjendisar, påverkarar og aktivistar i Noreg. Er det slik at fordi det er i Afrika, så forventar vi at det skal vere slik? Spelar fordommane våre oss eit puss? Det har alltid vore slik der, så kvifor bry seg om kongolesiske liv? Er det ein form for rasisme? Føler vi mindre når vi ser menneske på flukt og døde born frå afrikanske land?

Eg har ingen svar på dette, men eg tenkjer det er viktige spørsmål å stille seg sjølve.

Engasjementet vårt verkar så dobbeltmoralsk. Vi har akkurat sett eit enormt engasjement for Palestina, og misforstå meg rett, eg skjønar at folk blir sinte og frustrerte når dei ser born døy direkte på skjermane sine. Det eg synest er merkeleg og trist er at dette engasjementet berre skal gjelde ei krise i verda. Eg hadde trudd at uretten i Palestina skulle skape ei større forståing for all urett i verda, men det stoppa der.

Kvar er stemmene?

Når det gjeld DR Kongo, som rommar verdas største humanitære krise med millionar av internt fordrivne menneske i landet, er det ingen kjendislegar, treningspåverkarar, musikkartistar eller TikTok-kjendisar som bryr seg. Kanskje er det ikkje så viktig at dei bryr seg, men det er også så få politikarar, menneskerettsaktivistar og organisasjonar som kjem til ordet. Kvar blir det av alle stemmene?

Det er på tide at vi opnar auga for dei humanitære krisene som utspeler seg i Afrika, og spesielt no i DR Kongo. Vi må erkjenne vår rolle i desse konfliktane og ta ansvar for å påverke endring. La oss krevje meir av politikarane våre, støtte organisasjonar som arbeider for fred og rettferd i afrikanske land, og ikkje minst, vere medvitne forbrukarar. Vi må ikkje tole at vår teknologi er kjelde til drap, valdtekter og krig. La oss ikkje vere stille når millionar av menneske lir. Engasjer deg, sprei bodskapen og krev handling no!

Mer fra: Verdidebatt