Eg gløymer ikkje den vulgære humoren i NRKs «Nytt på nytt» like etter Aleksej Navalnyjs død i Vladimir Putins verste fangeleir den 16. februar i fjor: Satiren ramma merkeleg nok ikkje drapsmannen, men drapsofferet: «den idioten Navalnyj som dro rett inn i gapet. Det er det mest omstendelige selvmord jeg har hørt om i hele mitt liv».
Mange reagerte ikkje på vulgariteten, dei tenkte vel som humoristen Iselin Kolpus, prega av ei sekulær forteljing som ikkje forstår krafta i motstanden Navalnyj viste mot Putin-regimet.

Etter at Navalnyj så vidt overlevde eit drapsforsøk med nervegifta novitjsok i august 2020 og berga livet på eit tysk sjukehus, vende Navalnyj heim til Russland i januar 2021. Han vart straks arrestert. Den 16. februar i fjor døydde han. Den offisielle forklaringa er at han døydde av ein kombinasjon av sjukdommar. Enkja Julia Navalnaja er sikker på at han blei drepen, noko Russland nektar for. Julia vil ha etterforsking. Putin vil dekkja til.
Eitt år etter Navalnyjs død er det verdt å minna om at motivasjonen hans var djupt rotfesta i Jesu ord i Bergpreika.
Diktaturets skremsel
Då Aleksej Navalnyj etter returen til Russland vart stilt for retten, la han den kristne truvedkjenninga fram for dommaren. Navalnyj forstod kvifor ateist-venene hans i «Fondet for kamp mot korrupsjon» lo av kristentrua hans, Navalnyj hadde trass alt sjølv vore «militant ateist». Han fortel utførleg om dette i sjølvbiografien «Patriot» (Gyldendal, 2024) som bit for bit vart smugla ut av fangeleiren av advokaten hans.
I fangeleiren lærte Navalnyj alle dei 111 versa i Bergpreika utanåt. Eitt av versa var blitt «livstesen» hans (Matteus 5,6): «Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.» I rettssalen sa Navalnyj at han ville ha svike Jesu ord dersom han ikkje hadde vendt tilbake – for å kjempa for fridom for sitt eige land. Han ville ikkje vera endå ein politikar som laug for folket sitt.
Jesu ord
Navalnyj hevda aldri at kristne var modige i motsetnad til ikkje-kristne. Men Jesu ord motiverte han til handling. I Bergpreika fann Navalnyj mot også til ikkje å bli knekt av skremslene og av terroriserande veker i isolat. Som han også skreiv: «Min jobb er å søke Guds rike og hans rettferd». Han skulle difor ikkje uroa seg for morgondagen, sjølv om han og kona Julia visste at han neppe kom levande ut av fangeleiren. Dei forsona seg med lagnaden, men gav ikkje opp kampen.
Brev frå Gulag Navalnyj forklarte motivasjonen også i ei brevveksling med Natan Sjaranskij, ein kjent jødisk dissident som sat i same fangeleiren som Navalnyj, til han blei sett fri i ei fangeutveksling i 1986.
Sjaranskij fortalde at ein journalist, dagen etter at Navalnyj hadde reist heim, hadde spurt: «Kvifor reiste han tilbake? Vi visste alle at han ville bli arrestert på flyplassen – forstår han ikkje så enkle ting som det?»
Lagnaden til folket
Spørsmålet gjorde Sjaranskij sint, han svarte: «Det er du som ikkje forstår noko som helst. Dersom du trur at målet hans er å overleva, så har du rett. Men det som verkeleg uroar han, er lagnaden til folket sitt. Det han fortel dei er dette: ‘Eg er ikkje redd, og de skal heller ikkje vera redde’.»
Navalnyj skriv i biografien at trua gjorde livet enklare å engasjera seg som opposisjonspolitikar. For å motstå håpløysa spurte Navalnyj seg sjølv, liggjande på køya i fangeleiren, med blikket vendt mot køya over, om han var «kristen innerst inne».
«Det er ikke avgjørende at du tror at noen gamlinger ute i ørkenen levde til de ble 800 år eller at havet bokstavelig talt delte seg. Men er du en disippel av religionen hvis grunnlegger ofret seg for andre og betalte prisen for deres synder? Tror du på sjelens udødelighet og resten av de kule greiene der?»
Ukristeleg misbruk
Motivert av Bergpreika ville Navalnyj visa kva fryktlaus motstand var.
Farleg skam Navalnyj er ikkje berre latterleggjort, han er også blitt misbrukt. Rett etter Navalnyjs død samanlikna Donald Trump skamlaust rettssakene mot seg med forfølgjinga av Navalnyj. «Den plutselege døden til Aleksej Navalnyj har gjort meg meir og meir merksam på kva som skjer i vårt eige land», skreiv Trump. Ei av straffesakene Trump då stod i, handla om telefonsamtalen der han kravde at den valansvarlege i Georgia skulle «finna 11 780 stemmer». Å påstå at det Navalnyj forsvarte seg mot i Putins helvete, er det same som Trump forsvarte seg mot, er eit ukristeleg misbruk av Navalnyj.
I eit brev skreiv forresten Navalnyj at han var «verkeleg skremt» over utsiktene til at Trump skulle bli president på nytt. Trump slapp diverre å stå til rette for undergravinga av demokratiet. Dei som i januar 2021 invaderte Kongressen for å sabotera godkjenninga av eit legitimt valresultat, er benåda. Jamvel dei som drap ein politimann og skadde andre og som ville drepa Trumps eigen visepresident, vart sette fri. Dette er milevidt unna arven etter Navalnyj.
Misbruk også av Bonhoeffer
Navalnyj stod i ein kamp som minna om kampen til teologen Dietrich Bonhoeffer som vart skoten i ein tysk konsentrasjonsleir i april 1945 for motstanden mot nazi-diktaturet. Støttespelarar av Trump har til og med prøvd å bruka arven etter Bonhoeffer.
80 etterkomarar etter Bonhoeffer rykte ut i oktober i fjor mot misbruket: «Han ville aldri ha assosiert seg med ytterleggåande, valdelege rørsler slik som kristne nasjonalistar og andre som prøver å ta han til inntekt for seg i dag».
«Billeg nåde»
International Bonhoeffer Society kritiserte Project 2025, eit politisk program laga for Trump, som siterte Bonhoeffers uttrykk «billeg nåde». Bonhoeffer-ekspertane fastslo at det var eit «billeg triks» å bruka Bonhoeffer for å «diskreditera vern om flyktningar og omsorg for klimaet».
Som kristen kjenner eg behov for å bli inspirert av både Navalnyj og Bonhoeffer. Men det krev vilje til å stå opp for sanninga, mot det autoritære. Folk som har vist vilje til, jamvel med å benåda valdsmenn, å undergrava demokratiet, spreia løgner og lefla med autoritære herskarar, har ingen rett til å ta verken Navalnyj eller Bonhoeffer til inntekt for seg.