Eigentleg er eg ikkje ein tilhengar av «debatten om debatten» i staden for kva som er saka vi debatterer. Men sidan eg er overbevist om at «ord betyr noko», og at korleis vi møter kvarandre gjennom dialog, er vesentleg for korleis vi som samfunn endar ut, så må vi også snakke om debattform.
Bakgrunnen for dette innlegget er ein Facebook-tråd i etterkant av at eg høyrde ein debatt på Dagsnytt 18 der kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl og Joel Ystebø (KrF) diskuterte aldersgrensa på filmen «Spermageddon».

Måten dette vart gjort på frå Kihl si side var svært spesiell. Han tilla Ystebø mange meiningar, og sjølv om dei vart avkrefta, så fortsette han berre med det same. Det er diverre ikkje uvanleg i ein politisk debatt at ein blir så oppteken av sine eigne poeng at ein ikkje klarer å høyre kva den andre seier. Eller kanskje ein ikkje vil høyre det?
Bryner og veg argumenta
Men eg hadde nok venta meir frå ein debattdeltakar frå ei redaktørstyrt avis. Eg er sterk forsvarar av at vi skal ha redøktørstyrte medium, nettopp fordi dei skal vere fakta-baserte og meir opne for at det er ulike syn. Etter mi meining er det farleg for demokratiet at så mange hentar nyhenda frå sosiale medium (80 prosent av dei unge). Viss folk oppfattar at den avisa dei betaler ganske mykje for å lese, og som dei kanskje har nettopp fordi dei ønskjer ei kjelde til nyhende som dei kan ha bra tillit til, blir så einspora og karikert i politiske saker, så kvifor skal dei då ha ho?
Eg har ingen ting imot at det blir debatt, fordi det er det som bryner og veg argumenta mot kvarandre. Men eg forventar av ein redaktør (og andre) at ein har respekt for meiningsmotstandaren, og at ein tar alvorleg det som blir sagt.
Uthengt som «moralpoliti»
No var begge dei som deltok i den aktuelle debatten drivne, og slik sett trur eg ikkje det gjekk på motivasjon eller mot til å stille opp igjen. Men det kan det fort gjere. Eg har sjølv vore (og er) aktiv i KrF i mange år. Eg likar debattar. Likevel så er det ikkje greit å merke at fordi ein er KrF-politikar så skal ein meine slik og slik og slik, i ei svært karikert tyding. Sjølv ville eg nok synest at det vart i overkant tøft å bli uthengt som «moralpoliti» og «representant for eit parti som var tufta på kansellering», og i det heile bli harselert med fordi eg hadde eit innlegg om at aldersgrensa på ein film burde vore sett høgare.
Ein kommentator som brukar slike hersketeknikkar kan fort gli over i å vere den som sjølv kansellerer andre sine meiningar. Vi må alle strebe etter å vere tydelege i det vi meiner, men ikkje med å underminere motstandaren med å drite han ut eller gje han andre meiningar enn han har. Det står vi oss på når vi skal bygge tillit og hegne om eit ope ordskifte i eit demokrati.