Verdidebatt

Høgre, Frp og Venstre trugar Den norske kyrkja

BORGARLEGE PARTI: Høgre, Venstre og Framstegspartiet kjempar om å overby kvarandre i kutt til Den norske kyrkje og andre trussamfunn.

Høgre hevdar dei vil løfte fram Den norske kyrkja sin særeigne rolle og plass i det norske samfunnet (Vårt Land 31. mars). Men kvifor vil dei då kutte massivt i både finansiering av DNK og kyrkjebygga våre? I sitt alternative statsbudsjett for 2025 foreslo Høgre eit kutt på 96 millionar kroner til DNK, nesten 200 millionar kroner i kutt til andre trus- og livssynssamfunn og 100 millionar kroner mindre til restaurering av kyrkjebygg. Det er dårleg kyrkjepolitikk!

Samtidig vil Venstre kutte 400 hundre millionar til Den norske kyrkja. Eit kutt som kan føre til at opptil 400 prestar mistar jobben. Ein kombinasjon av Høgre og Venstre sin politikk vil med andre ord vere dårleg nytt for kyrkja.

Frp er verst

Men verst er Framstegspartiet. Dei ønskjer å fjerne all støtte til trus- og livssynssamfunn. Dei tre partia kjempar med andre ord om å overby kvarandre i kutt til Den norske kyrkje og andre trussamfunn.

Samstundes har Tage Pettersen i Høgre sjølvtillit nok til å påstå at vi i Senterpartiet skapar ein «falsk verkelegheit» for å kunne kritisere Høgre sin politikk. Men tala lyg ikkje. Det er Høgre sjølv som har foreslått store kutt, samtidig som dei skal samarbeide med parti som vil kutte endå meir. Det er mildt sagt ein dårleg idé og vil ramme folkekyrkja hardt.

Korleis ser dei for seg framtida?

Senterpartiet har på vår side stått fast på at Den norske kyrkja treng føreseieleg finansiering. Vi sørga for å få på plass kyrkjebevaringsfondet nettopp for å sikre at viktige kulturhistoriske bygg ikkje skal forfalle. Folkekyrkja er ein tydeleg prioritet for oss.

Det er Høgre sjølv som har foreslått store kutt, samtidig som dei skal samarbeide med parti som vil kutte endå meir

I staden for å snakke bort problemstillinga, bør Høgre svare på eitt enkelt spørsmål: Korleis ser dei for seg framtida for trussamfunna om Høgre, Frp og Venstre får fleirtal ved valet og gjennomfører dei massive kutta dei ønskjer seg for folkekyrkja vår?

Mer fra: Verdidebatt