Verdidebatt

Kyrkja som politisk system eller medlemsorganisasjon?

KYRKJEDEMOKRATI: Kanskje må me i interessefellesskapet som kyrkja er, meir enn i ein stat, stilla oss spørsmålet: Er det folk eller politiske saker me ønskjer å stemma på?

Redaktør Bjørn Kristoffer Bore og leiar i Åpen folkekirke Gard Sandaker-Nielsen har i Vårt Land ei interessant meiningsutveksling om demokrati og dei ulike listene til kyrkjevalet. Det er interessant i seg sjølv at Åpen Folkekirke synest å meina at deira fokus på eit politisk program for utvalde saker er meir demokratisk enn Nominasjonskomiteane si utvelging av kandidatar gjennom ein prosess forankra i dei enkelte sokna.

Dag Sele

Eg vil likevel meina at denne debatten handlar om noko større og viktigare enn framtida til Nominasjonskomiteen sine lister. Saka handlar etter mitt skjønn først og fremst om kva form for demokrati som er tenleg for Den norske kyrkja (DNK). Og spørsmålet er då om det ikkje snart er tid for at DNK organiserer demokratiet sitt meir som den store medlemsorganisasjonen me er, og ikkje som om me fortsatt var ei statskyrkje. Sandaker-Nielsen hevdar at DNK «... med sin landsdekkende organisering har et demokrati som likner mer på strukturer i det demokratiet vi kjenner fra stat og kommune.»

Ein slik påstand vil eg tenka kan verka underleg for både andre kyrkjesamfunn og landsdekkjande organisasjonar som Norges Røde Kors og Norges Idrettsforbund.

Det er kun nokre svært få kyrkjer i verda som praktiserer direkte val til sitt øvste organ

Få kyrkjer har direkte val

I medlemsorganisasjonar er det stort sett dei lokale medlemmene som sender representantar til fylkesårsmøta, som deretter vel utsendingar til landsmøte e.l. Det er vel knapt nokon medlemsorganisasjonar som har direkte val blant alle sine medlemer til sine Landsmøte eller Ting.

Vidare er det kun nokre svært få kyrkjer i verda som praktiserer direkte val til sitt øvste organ. I tillegg til dei økonomiske innsparingane ei slik indirekte valordning ville gje, er det også god grunn til å tru at organisasjonsdemokratiet fører til ein meir samanhengande organisasjon, inklusive ei leiing med større kunnskap om heile organisasjonen. Dette kan ein i kyrkja til dømes oppnå ved at medlemmene vel sokneråda og at Kyrkjemøte og Bispedømeråd vert valde av sokneråda eller utsendingar frå sokna.

Sårbar for kupp

I tillegg til målsetjinga om ein organisasjon der sentrale leiarar har størst mogeleg lokal forankring og tillit, kan det også vera grunn til å peika på kor sårbart kyrkjedemokratiet vårt er for å kunna bli utnytta av små grupperingar i samfunnet. I eit direkte val med så låg oppslutnad i medlemsmassen som kyrkjevalet har, krev det ikkje svært stor mobilisering i deler av medlemsmassen, før ein får kontroll over organisasjonen.

Åpen folkekirke nytta på mange måtar desse mekanismene i spørsmålet om likekjønna vigsel, for å sikra endringar som hadde eit fleirtal i folket og som mange av oss vil meina var positivt for kyrkja. Men kva om det neste gong er ei mindre gruppe i folket som vil bruka denne valordninga til å aksjonera?

Kva om til dømes ei ytterleggåande gruppering på den politiske høgresida såg seg ut Den norske kyrkja som eit identitesbyggjande symbol og ville ta kontroll der, både for å styra kyrkja i si retning og for å «renska ut» alt «venstreliberalt». Dei ville faktisk ikkje trenga å mobilisera svært mange medlemer i kyrkja for å få stort gjennomslag. Og sett at dei i tillegg fekk støtte frå ei anna stor gruppering i samfunnet, anten ein organisasjon eller etablert politisk parti, i sin protest mot kyrkja si utvikling. Vegen til nokså full kontroll over kyrkjedemokratiet ville i eit slikt scenario ikkje vera lang.

Ein meir samanhengande organisasjon

I tillegg til å spara store utgifter, vil indirekte val altså både gje kyrkja ein meir samanhengande organisasjon, eit demokrati som er meir robust for kuppliknande påverknad og eit større fokus på å velja personar med lokal forankring og tillit enn på polariserande debattar i enkeltsaker. Kanskje må me i interessefellesskapet som kyrkja er, meir enn i ein stat, stilla oss spørsmålet: Er det folk eller politiske saker me ønskjer å stemma på?

Mer fra: Verdidebatt