Verdidebatt

Putin drep ulydige prestar

KRIG: Prestar, pastorar og diakonar som motset seg russifisering av okkuperte delar av Ukraina, lever farleg. 69 er så langt drepne, fleire medan dei utførte presteteneste.

«Ein av dei drepne pastorane var nær ven av meg. Yaraslavl Pavenko og eg gjorde teneste saman i mange år,» fortel Anatoliy Raychynets.

Som nestleiar i det ukrainske bibelselskapet har Raychynets i praksis leia kyrkjerådet i Ukraina – som samlar alle kyrkjer i det krigsherja landet – i lange periodar etter den russiske fullskalainvasjonen i februar 2022.

Med dødeleg makt

Raychnets veit kva eit utdelt nytestamente har å seia i skyttargravene. Men han veit også kva smerte utslitne soldatar og dei nedtrykte familiane deira ber på. Raychnets kjenner følgjene av Vladimir Putins mål om å knusa Ukraina. Også alt kyrkjeleg som smakar ukrainsk, skal ryddast vekk med makt. Det er den brutale «Russkij mir»-ideologien, velsigna av patriark Kirill i Den russisk-ortodokse kyrkja.

Johannes Morken

«Kreml brukar religion, særleg russiske religiøse senter, som verktøy i krigen mot Ukraina. I tillegg til å spreia hat mot ukrainarar, praktiserer okkupasjonsmakta vilkårlege arrestasjonar, tortur og til og med drap på ukrainske religiøse leiarar», heiter det i rapporten «The impact of the Russian invasion on faith-based communities in Ukraine».

Rapporten frå februar fortel at okkupantmakta held fram med å torturera prestar og pastorar og at over 600 kyrkjer var sterkt skadde eller øydelagde. Fleire kyrkjer er øydelagde etter at rapporten kom.

Drepne

Brutal russifisering også av religion starta ikkje med fullskala-invasjonen i 2022, men i 2014 då russiske styrkar okkuperte Krym og invaderte austlege delar av landet. I juni 2014 vart fire leiande medlemmer i ei pinsekyrkje i Slaviansk i Donetsk kidnappa og drepne. To av desse var i nær familie med venen til Anatoliy Raychynets, Yaraslavl Pavenko, som blei torturert og drepen i februar 2023. Krigen mot «farlege» kyrkjefolk har vart i 11 år.

I utgangspunktet er det berre Den russisk ortodokse kyrkja under Moskva-patriark Kirill som gjeld. Dei som får lov til å vera protestantar i Putins og Kirills russiske rike, må i byte lovprisa president og patriark. I juni i fjor tromma patriark Kirill saman lojale russiske protestantiske leiarar i St. Daniel-klosteret. Han mobiliserte støtte. Den lutherske biskopen i Russland som protesterte mot krigen i 2002, måtte derimot flykta.

Protestantiske kyrkjeleiarar som nektar å bli russifisert i okkuperte Ukraina, må også flykta. Eller dei hamnar i fangenskap – somme i døden.

Då Raychynets og eg møttest i Oslo siste fredagen i mars, var det dokumentert at 67 prestar og pastorar var drepne sidan 2022, fleire medan dei utførte presteteneste. Nokre dagar etterpå kunne Raychynets, no heime i Kyiv, fortvilt melda at endå to pastorar var drepne. Ein av dei var i hans eige kyrkjesamfunn, Den evangeliske kyrkja i Ukraina. I starten av april vart pastoren drepen av ei russisk drone i Kherson, medan han delte ut mat til fattige. Bilen han tok seg fram i, var tydeleg merka med ein kross, fortel Raychynets.

Pastor vart smugla ut

Pastor Pavel var pastor i det same kyrkjesamfunnet. Då trugsmålet frå okkupantmakta kom farleg nær i april 2024, måtte Pavel smuglast ut, omtrent slik Paulus vart berga ut av Damaskus i ei korg då han var truga på livet. Pastor Pavel vart gøymt i ein bil, mellom kassar og passasjerar, og frakta gjennom Russland til Baltikum. I dag er han i Storbritannia. Det ekte namnet hans kan eg ikkje nytta, Pavel er utsett for farleg russisk press. Han ønskjer ein dag å venda heim i teneste for kyrkja i eit frigjort Ukraina.

To pastor-kollegaer har sete fleire månader i russisk fangenskap, fortel Raychynets. Dei fryktar meir tortur, kanskje kjem dei ikkje levande ut. Difor kan eg ikkje skriva kva dei heiter.

Mange gudstenester er avbrotne av væpna menn. Forsamlingshus har fått kutta gass, vatn og elektrisitet og blitt plyndra og stengde. Fleire blir brukte til å husa russiske soldatar. Protestantiske kristne som ikkje har flykta, har gått under jorda. Der møtest dei i løyndom.

Press mot ortodokse kyrkjer

Men også prestar i dei to ortodokse kyrkjene vert sette under press. Det rammar både Den ukrainsk ortodokse kyrkja (UOC) som framleis har band til Moskva-patriarkatet, og Den ortodokse kyrkja i Ukraina (OCU) som til Putins raseri braut ut og vart sjølvstendig i 2019.

Men under okkupasjon er sjølv ikkje UOC, som heldt fast på banda til Moskva-patriarkatet, god nok. I dei annekterte områda har patriark Kirill oppretta nye russiske bispedømme.

Fader Konstiantyn Maksimov i Moskva-linka UOC nekta i 2023 å bli med i eit nytt bispedømme i Zaporizjzja. I februar i år vart han overført til ein arbeidsleir med hardt regime i Russland, 1000 kilometer heimanfrå. Der skal han sona 14 år for «spionasje».

Endå verre gjekk det med presten Stepan Podolchak (59) i den sjølvstendige ukrainske kyrkja (OCU). Barbeint, med ein pose over hovudet, vart han bortført i Kherson i februar i fjor. Nokre dagar seinare, 15. februar, vart liket funne på gata.

Den gresk-katolske kyrkja er forboden. Då Russlands nasjonalgarde i 2022 arresterte og bortførte to prestar i Berdyansk ved Svartehavet, vart det slutt på organisert gresk-katolsk liv i byen. Først etter 19 månaders internering, utan at deira næraste visste kvar prestane var, blei Ivan Levytsky og Bohdan Heleta i juni i fjor sette fri frå russiske fangeleirar.

«Levande håp»

Dei som lurer på kva «Russkij mir»-ideologien handlar om, kan prøva å leva seg inn i valdsbruken russiske styrkar brukar mot fredelege kyrkjefolk i okkuperte område. Trufaste prestar og pastorar blir arresterte, torturerte og drepne i Putins og Kirills krig mot «det ugudelege Vesten og det ugudelege Ukraina».

«Fortel for oss! Fortel kva vi er utsette for! Ver ei stemme for oss!», seier Raychnets. Då eg skriv ferdig og ber Raychnets oppdatera meg, sender han også eit bilete. Det er målt av ein kollega i bibelselskapet i Ukraina og viser den oppståtte Kristus framfor krigsruinar. Biletet har namnet «Levande håp».

Med det biletet møter Anatoliy Raychynets påskehøgtida: «Vi håpar at Gud kan redda oss.»

Mer fra: Verdidebatt