Verdidebatt

KrF må vise tillit til KRLE-lærarane

KRLE: Både frå ein skolepolitisk og frå ein fagleg synsstad er KrFs forslag om endring av KRLE-faget ein usedvanleg dårleg idé.

Medan Stortinget og resten av Noreg var i ferd med å førebu seg til påskeferie, eit viktig element i norsk kristen kulturarv, leverte KrF-representantane Dag-Inge Ulstein, Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad dette representantforslaget: «Stortinget ber regjeringen foreslå en endring av KRLE-faget, slik at om lag tre fjerdedeler av undervisningen i faget skal brukes på kunnskap om kristendom og kristen kulturarv» (Representantforslag 273 S [2024–2025], 10. april).

Ettersom sjansen til å få fleirtal for forslaget er minimal, må det vurderast som eit reint valkamputspel. Både frå ein skolepolitisk og frå ein fagleg synsstad er dette ein usedvanleg dårleg idé.

Fyrebilsbibelen

Siger fra 2014

Skolefaget «Kristendom, religion, livssyn og etikk» (KRLE) har ei historie prega av interessemotsetnader, jus, politikk og skjøre kompromiss, men òg av fagutvikling og kompetanseheving gjennom lærarutdanning og forsking. I mange land har ikkje skolen noko eige religionsfag. I Noreg er det røyster som meiner at religion kunne gå inn som tema i eit utvida samfunnsfag. Men gjennom dei til dels turbulente prosessane KRLE-faget har vore gjennom, har faget funne ei form som i dag blir opplevd som relevant og lite kontroversiell, og som både elevar, foreldre, lærarstudentar og lærarar set pris på. KRLE-faget blir sett som ein viktig arena for danning, refleksjon og samtale om dei djupaste spørsmåla, om verdiar, etiske og eksistensielle spørsmål, og om å leve i eit mangfaldig samfunn der religion og livssyn er ein naturleg del av samtalen.

«Om lag halvparten av undervisningstiden i faget skal brukes på kristendomskunnskap», heiter det i gjeldande læreplan for faget, etter ein politisk siger for KrF frå 2014. Dette er altså ikkje nok for KrF i 2025. Det ser ut til at ein er villig til å setje ikkje berre den politiske borgfreden om faget, men òg mange års konstruktivt fagutviklingsarbeid på spel.

Motspørsmålet er: Kva skal ut, av eit omfattande skolefag med få timar til disposisjon? Det einaste hintet i bakgrunnsnotatet er ei setning som tyder på at det er for mykje undervisning om «en rekke verdensreligioner som har hatt stor betydning i andre land og kulturkretser», på kostnad av kristendommen.

No har det vel ikkje unngått KrFs merksemd at «andre land» også har ein viss relevans for Noreg, eller at desse religionane også er til stades i vårt land. Tre sentrale element i dagens KRLE-fag som ikkje er nemnt i dokumentet, er livssyn, filosofi og etikk. Skal dette òg reduserast?

Muntleg forteljing

«Kulturarv» er derimot et ord som førekjem åtte gonger i dokumentet. Representantane hevdar at «det såkalte kunnskapsløftet 2020 har nesten helt fjernet kulturarvperspektivet i faget». Har dei lese læreplanen? Eg skal nøye meg med å sitere frå det første av dei fem kjerne-elementa i faget, «Kjennskap til religioner og livssyn», der det heiter at «[e]levene skal også få innsikt i hvordan kristendom og andre religioner og livssyn inngår i historiske prosesser og henger sammen med samfunnsendringer og kulturarv».

Motspørsmålet er: Kva skal ut?

I staden for nye kvantumskrav skulle eg ønske at KrF ville vise tillit til alle dei dyktige KRLE-lærarane og til oss som utdannar dei. I veka etter påske skal mine KRLE-studentar på kurs i verdas beste pedagogiske metode, muntleg forteljing. Dei skal fortelje bibelforteljingar.

Mer fra: Verdidebatt