Nyheter

Pikant notat trugar pavebesøk i Storbritannia

Britiske tenestemenn laga pikant notat som føreslo at paven skal lansere eige kondommerke.

Det er blitt bråk før pavegjestinga i Storbritannia i juni. The Sunday Telegraph har avslørt at offentlege tenestemenn formulerte eit notat etter det som er blitt kalla «brainstorming». Notatet bar tittelen «Det ideelle besøket ville sjå slik ut....»

Notatet latterleggjer den katolske kyrkja si lære. inkludert opposisjonen mot abort, homoseksuelt samliv og prevensjon, melder avisa.

Notatet skal ha sirkulert mellom tenestemenn ved statsministerkontoret og i utanriksdepartementet. Der stod det mellom anna forslag om at paven skulle velsigne eit homofilt par, opne ein abortklinikk, overnatte ei natt i eit kommunalt husvære og synge duett med dronninga.

Også overgrepsskandalane var med i notatet: Det vart føreslege at paven skulle ta ei hardare line mot overgrep mot barn ved å sparke tvilsame biskopar og lansere ei hjelpeline for misbrukte barn.

Dokumentet vart distribuert av ein tenestemann i utanriksdepartementet som skal ha gjort merksam på at nokre av forslaga var urealistiske.

LES OGSÅ: Paven: – Jeg leder en såret og syndig kirke

Men fleire av mottakarane av notatet vart opprørte og sette i gang ei undersøking. Ein overordna tenestemann vart funnen ansvarleg og har fått andre arbeidsoppgåver.

I helga kom så ei offisiell orsaking frå utanriksdepartementet. Og Storbritannias ambassadør i Vatikanet møtte representantar for paven for å uttrykkje ei orsaking.

LES OGSÅ: Amerikansk overgrepsoffer saksøker paven

Utanriksminister David Milliband skal ha blitt opprørt og gjort det klart at det var ei stor feilvurdering å lage notatet.

– Dette er eit toskete dokument som ikkje på nokon måte gjev uttrykk for regjeringa eller utanriksdepartementet sitt syn, seier ein talsmann for utanriksdepartementet, skriv The Sunday Telegraph.

Men ifølgje avisa meiner Vatikanet at regjeringa ikkje har reagert strengt nok mot dei som laga notatet og trugar ifølgje ein talsmann med alvorlege følgjer.

– Dette kan få svært alvorlege følgjer og er pinleg for den britiske regjeringa. Ein må spørje om tiltaka etterpå er gode nok, seier denne talsmannen.

– Det er jamvel mogleg at reisa kan bli droppa sidan denne saka er svært forstyrrande.

Kardinal Renato Martino seier at den britiske regjeringa har invitert paven som sin gjest og må behandle han med respekt.

Mer fra: Nyheter