Nyheter

Ateist let Newton erstatte Adam og Eva i ateist-bibel

Den britiske akademikaren A.C. Grayling samlar ikkje-religiøse tekstar i sekulær bibel.

A.C. Grayling gjekk i årevis med spørsmålet: Kva dersom dei som samla tekstane som blei til Bibelen, i staden hadde samla, redigert og omsett ikkje-religiøse tekstar frå store tenkjarar?

No har Grayling publisert: The Good Book: A Humanist Bible, med undertittelen A Secular Bible in the United Kingdom. (Den gode boka: Ein humanistisk bibel. Ein sekulær bibel for Storbritannia). Han har brukt meir enn 1.000 tekstar frå fleire hundre forfattarar, samlingar og tradisjonar.

Bibelen burde blitt ei heilt anna bok ved at den også burde ha innehalde skrifter som står i opposisjon til profetane og apsotlane, seier Grayling, ifølgje CNN.

Han er leiande ateist og filosof og professor ved Birkbeck College ved University of London. I The Guardian skriv Decca Aitkenhead at Grayling er medlem av «den vanheilage treenighet av profesjonelle ateistar». Ho skriv at av desse tre er Grayling hatt tendensen til å vere den gode fyren: Mindre kald enn Richard Dawkins, mindre aggressiv enn Christopher Hitchens. Han går inn i debatten om Guds eksistens med ein meir høfleg sjarm som nesten, men ikkje aldri, kan bli misoppfatta som samling og forsoning. Han insisterer på at humanist-bibelen ikkje er i same gate som Dawkins The Gods Delusion.

Bokutgjevinga er endå eit steg i det som vert kalla den nye ateismen og viser at den har mål om å bli ein religion. Grayling sjølv vil gje ateistar ei bok til inspirasjon på livsvegen.

Boka er meld mellom anna i nettavisa The Telegraph. Der skriv Geneveive Fox at det ikkje er ei overtydande rettleiing til eit godt liv Grayling har levert.

Grayling har tidlegare mellom anna gjort seg kjend som del av ein kampanje mot kristentru i skulane.

Humanist-bibelen til Grayling er på 600 sider, med doble spalter, kaøittel og korte vers. Språkleg minner boka om King James-bibelen, skriv catholic.org.

Også Grayling-boka opnar med ein scene frå ein hage. Men i staden for Adam og Eva, startar skapingssoga til Grayling med Isaac Newton, den britiske vitskapsmannen som gjorde pionerstudiar om gravitasjonskrafta.

I eitt av versa skriv Grayling at det var eplefallet frå eit tre i Newton-eksperimenta som inspirerte studiar av korleis tinga opptrer.

Mer fra: Nyheter